Bestill time hos Skatteetaten
Du kan berre bestille time for tenester som krev at du møter opp personleg, som til dømes ID-kontroll og farskapserklæring.
Om du treng hjelp til noko anna enn dette, kan du ringje eller skrive til oss.
Treng du å møte opp personleg av andre grunnar, til dømes funksjonsnedsetjing, må du først kontakte oss på telefon eller sende oss ein skriftleg førespurnad. Dersom vi ikkje kan hjelpe deg skriftleg eller over telefon, kan vi bestille ein time til deg.
Møter du opp hos Skatteetaten utan å ha bestilt time, er det ikkje sikkert vi kan hjelpe deg.