Sats for:

Barnepass - Sats for standardfrådrag: Dagmammaer som passar barn i eigen heim

Dagmammaer som passar barn i eigen heim kan krevje standardfrådrag for utgifter til mat, slitasje, reinhald, oppvarming med meir i staden for frådrag for faktiske utgifter i barnepassverksemda.


Passar du barna til andre i heimen din som ledd i ei dagmammaverksemd, skal ein del av vederlaget frå foreldra reknast som ei utgiftsgodtgjersle som skal trekkjast frå i berekninga av den skattepliktige inntekta i skattemeldinga.

Du kan krevje eit standardfrådrag i inntekta i staden for frådrag for faktiske driftsutgifter. Standardfrådraget skal utgjere 50 prosent av vederlaget for barnepassen (foreldrebetalinga), men høgst 1 413 kroner per månad for kvart barn. Standardfrådraget skal dekkje dei ekstra kostnadene du har til kost, reinhald, oppvarming, utflukter, slitasje på inventar med meir.

  Per barn per månad
Maksimalt standardfrådrag for barnepassar:  1 413 kroner