Skattekort for kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar
Kvart år får du eit nytt skattekort eller frikort som er basert på dei opplysningane me har om di skatteplikt.
Kjeldeskatt på pensjon eller uføreytingar
Du skal betala kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar når du bur i utlandet og ikkje er skattemessig busett i Noreg. Dette gjeld både når du får uføreytingar/pensjon frå Nav, og når du får pensjon/uføreytingar frå andre ordningar.
Den som utbetaler pensjonen/uføreytinga skal trekkja 15 prosent skatt med mindre du har søkt om å få eit skattekort med lågare skattetrekk.
Du får tilsendt informasjon om skattekortet ditt. Der får du mellom anna informasjon om berekna trekk eller frikort for det aktuelle inntektsåret.
Unntak
Viss du har d-nummer, må dette vera aktivt for at du skal ha rett på eit skattekort. D-nummeret blir inaktivert kvart 5. år. For å aktivera d-nummeret må du senda inn gyldig legitimasjon.
Søknader
For å søkje om eit frikort, må du sende ein skriftleg førespurnad, anten elektronisk eller per post til:
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
NO-0134 OSLO
I søknaden må du
- oppgi kven som betalar ut pensjonen/uføreytinga
- leggje ved ei stadfesting på bustad (Certificate of Residence). Stadfestinga på bustad må vere utferda av skattestyresmaktene i det landet der du er busett. Det må stå klart og tydeleg i stadfestinga at du er busett der etter skatteavtalen. Stadfestinga må vere original, og ikkje eldre enn seks månader.
For å søkje om eit skattekort med lågare sats enn 15 prosent, må du sende ein skriftleg førespurnad, anten elektronisk eller per post til:
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
NO-0134 OSLO
I søknaden må du
- oppgi kven som betalar ut pensjonen/uføreytinga, kva type pensjon du får, og korleis bruttoinntekta fordeler seg på dei ulike ytingane
- oppgi om du har arbeidd for ein norsk offentleg arbeidsgivar og eventuelt kor mange år du har vore tilsett i offentleg teneste, og kor mange år du har vore tilsett i privat teneste og/eller vore sjølvstendig næringsdrivande. Dette gjeld når du får pensjon.
- leggje ved dokumentasjon på kor stor del av pensjonen som ikkje skal skattleggjast i Noreg når pensjonen blir utbetalt av NAV. Dette gjeld når du får pensjon.
- leggje ved ei stadfesting på bustad (Certificate of Residence). Stadfestinga på bustad må vere utferda av skattestyresmaktene i det landet der du er busett. Det må stå klart og tydeleg i stadfestinga at du er busett der etter skatteavtalen. Stadfestinga må vere original, og ikkje eldre enn seks månader.
Bur du i Thailand eller i Singapore, må du søkje om nytt skattekort dersom
- du ikkje skal opphalde deg i Thailand eller Singapore i minst 180 dagar i inntektsåret
- du skal oppgi et anna beløp til skattlegging i Thailand eller Singapore for det aktuelle inntektsåret enn det beløpet du oppgav for året før
Om du er busett i eit EU/EØS land, har kjeldeskatt på pensjon/uføreytingar og vil krevja å bli skatteberekna som om du var busett i Noreg, må du:
Du må levera skattemeldinga og krevja at skatten blir berekna etter dei same reglane som gjeld for personar som bur i Noreg, også når du har hatt frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent.
For mykje trekt skatt vil bli betalt tilbake til deg ved skatteoppgjeret for det aktuelle inntektsåret. Ved heilt spesielle tilfelle kan du søkja om å få utbetalt for mykje trekt skatt tidlegare.
Viss livssituasjonen din endrar seg
Du må søkja om nytt skattekort når:
- du flyttar til eit anna land
- du ikkje lenger er skattemessig busett i det landet du sist sende inn bustadstadfesting frå
- du byrjar å få nye pensjonar/uføreytingar frå Noreg
- Dette gjeld også når du får ein annan pensjon / ei anna uføreyting frå same pensjonsutbetalar.
- du tidlegare har fått skatten berekna etter dei reglane som gjeld for personar som bur i Noreg, og inntektene dine har endra seg slik at 90 prosent av inntektene dine ikkje er skattepliktige i Noreg lenger
Viss du endrar adressa di
Du må gi oss opplysningar skriftleg om du får ny postadresse.
Vil du kontakta oss?
Alle førespurnader skal du anten senda oss elektronisk eller pr post til:
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
NO-0134 OSLO