Aksjeoppgåva

Alle aksjonærar får aksjeoppgåva frå Skatteetaten. Ho gir ei oversikt over aksjane dine i norske aksjeselskap. Aksjeoppgåva inneheld også utanlandske selskap registrerte på Oslo Børs og eigenkapitalbevis i norske sparebankar.

Nytt frå inntektsåret 2024

Frå og med inntektsåret 2024 vil du finne alle aksjeopplysningane dine i den nye aksjeoppgåva. 

Aksjeoppgåva skal hjelpe deg med å komme fram til dei rette skattepliktige beløpa, og sørgje for at du får dei frådraga du har krav på i aksjeinntektene dine.

Hugs!

  • Du må kontrollere oppgåva før du gjer deg ferdig med skattemeldinga.
  • Du skal berre levere oppgåva dersom du gjer endringar i henne.
  • Dersom du har aksjar eller andelar som ikkje er oppførte i «Aksjeoppgåva», skal du opplyse om dette i skattemeldinga under temaet Finans. Dette gjeld både norske og utanlandske aksjar.
  • Hugs at endringar i oppgåva kan føre til at du må gjere endringar i skattemeldinga.

For deg som har aksjar i eit selskap som vart stifta i inntektsåret, har kjøpt eigne aksjar eller hadde kapitalendringar i inntektsåret, vil det bety at formuesverdien blir ukjend og at formuen ikkje er fylt ut på førehand i skattemeldinga di. Du kan sjølv kontakte selskapet for å få desse opplysningane og føre dei inn i skattemeldinga.

Aksjeselskapet leverer formuesverdien
Skatteetaten får opplysningane om formuesverdi frå aksjeselskapet når dei leverer skattemeldinga si. Du vil bli varsla om at det ligg oppdaterte formuesverdiar i aksjeoppgåva di. Desse opplysningane kan du få før eller etter leveringsfristen for skattemeldinga. 

For å sjekke at opplysningane er rette, må du kontrollere opplysningae i aksjeoppgåva mot skattemeldinga di. Er noko feil, må du endre og levere ei ny skattemelding.

Nye opplysningar om gevinst, tap eller utbytte
Dersom det kjem nye opplysningar om skattepliktig utbytte og gevinst eller tap, vil du også få eit varsel om oppdaterte skattepliktige beløp som anten var ukjende eller ikkje var oppførte i den førehandsutfylte skattemeldinga.

For å sjekke at opplysningane er rette, må du kontrollere opplysningane i aksjeoppgåva opp mot den leverte skattemeldinga. Er noko feil, må du endre og levere skattemeldinga på nytt.

Me tilrår også at du sjekkar: 

Sal og andre realisasjonar

Når Skatteetaten har fullstendige opplysningar om realisasjon av aksjar og utbytte, vil opplysningane vere førehandsutfylte i skattemeldinga.

Viss gevinst eller tap ikkje stemmer eller manglar, må du endre og sende inn aksjeoppgåva. Rett gevinst eller tap må du føre i skattemeldinga di.

I aksjeoppgåva kan du endre inngangsverdien på aksjar som er skaffa i inntektsåret og vederlaget for realiserte aksjar i inntektsåret. Du vil i løpet av kort tid få ei ny aksjeoppgåve. I aksjeoppgåva finn du ny berekna gevinst eller nytt berekna tap. Dette er beløp du skal føre over til skattemeldinga.

Om du skal gjere endringar i aksjeoppgåva for 2022 eller tidlegare år, gjer du dette i korrigerbar versjon (skjema RF-1088) av aksjeoppgåva.

Utbytte

Har du endringar eller tilføyingar knytte til utbytte, skal du endre direkte i skattemeldinga di. Du kan ikkje gjere endringar i aksjeoppgåva.

Formuesverdi

Formuesverdien er den skattemessige formuesverdien på aksjane du eig ved utgangen av året. Formuesverdiar av aksjar er normalt førehandsutfylte i skattemeldinga di. 

Har du endringar eller tilføyingar knytte til formuesverdi, skal du endre direkte i skattemeldinga. Du skal ikkje gjere endringar i aksjeoppgåva. Det same gjeld dersom aksjeformuen ikkje er førehandsutfylt i skattemeldinga.

Om du har formuesverdi i ikkje-børsnoterte selskap, kan du lese meir.

Inngangsverdi

Inngangsverdien på aksjen er det du i utgangspunktet betalte for aksjen medrekna kostnader. Viss opplysningane om inngangsverdiane i aksjeoppgåva er feil eller mangelfulle, må du endre og levere oppgåva.

Utanlandske aksjar som ikkje står i aksjeoppgåva

Aksjeoppgåva inneheld berre opplysningar om utanlandske aksjar som er registrerte på Oslo Børs. Alle norske bankar og finansinstitusjonar du har gjort handlar gjennom, skal rapportere behaldningane dine i andre utanlandske aksjar, inkludert formue, gevinst eller tap og utbytte, til Skatteetaten. Det betyr at du vil få desse førehandsutfylte i skattemeldinga di. Sjekk årsoppgåva frå banken din.

Aksjeopplysningar som ikkje står i skattemeldinga

Formue, utbytte og gevinst eller tap

Om du har aksjar som ikkje er oppførte i aksjeoppgåva eller er rapportert frå norsk finansinstitusjon, må du sjølv gi opplysningar om slike aksjar i skattemeldinga under temaet Finans. Dette gjeld både norske og utanlandske aksjar.

Hjelp til utfylling

Du får rettleiing og hjelp til korleis du fyller ut, når du er logga inn i aksjeoppgåva.

Hjelp til utfylling - om du har fått aksjeoppgåva på papir

Rettleiing for tidlegare år