Registrere eller endre kontonummer for utbetalingar frå Skatteetaten

For å få utbetalt pengar frå Skatteetaten, må du oppgi kontoen du ønskjer å få pengane utbetalte til. Sjekk at du har registrert eit kontonummer og at det stemmer.

Verdt å vite:

  • Vi kan berre utbetale beløpet til ein bankkonto som du sjølv er eigar av eller disponent til. 
  • Kontonummer som krev KID, kan ikkje brukast. 

Andre måtar å endre kontonummer

Viss ein person er død, kan du som ansvarleg for dødsbuet sjølv registrere kontoen tilgodebeløpet skal utbetalast til. Det gjer du på same måten som om du skal endre kontonummeret for deg sjølv, men du må velje dødsbuet når du loggar inn.

Om du ikkje kan bruke denne løysinga, kan du som er ansvarleg for dødsbuet fylle ut skjemaet RF-1520 Nytt eller endra kontonummer for utbetaling av skatt, og oppgi kontoen du ønskjer å bruke til utbetalinga av tilgodebeløp.

Når kontoen er registrert, får du ei stadfesting. Du blir varsla på e-post eller SMS.

Du kan registrere eit utanlandsk bankkontonummer som ikkje har IBAN

Når kontoen er registrert, får du ei stadfesting. Du blir varsla på e-post eller SMS.

For å registrere eit kontonummer for eit sletta selskap, må du bruke eit skjema i Altinn. Kva for eit skjema du skal bruke, kjem an på rolla di i selskapet, kva tilgangar de har gitt tidlegare og korleis selskapet vart avvikla.

Dersom alle kontoane til selskapet er sletta, og du må registrere ein konto som ikkje høyrer til firmaet, må du informere om kven som eig kontoen.

Du må skrive kva søknaden gjeld, i tillegg til namn og organisasjonsnummer på selskapet. 

Den tidlegare styreleiaren har tilgang til å registrere eller endre kontonummer dersom det ikkje er oppretta eit avviklingsstyre.

  • Logg inn i Altinn og finn selskapet under "Sjå sletta einingar"
  • Søk opp skjemaet "Nytt eller endra kontonummer for utbetaling av skatt" (RF-1520)
  • Send skjema for kontoregistrering direkte frå brukaren til selskapet

Viss du ikkje har norsk BankID, kan du logge inn med ID-porten og aktiveringskode for å logge deg inn i sjølvbeteningstenesta.

Om du ikkje er elektronisk brukar, kan du bruke skjemaet kontoopplysningar for å endre kontonummeret ditt.

Dersom du ikkje kan endre kontonummeret elektronisk, kan du sende oss eit brev om endringa. Legg ved kopi av legitimasjonen din og ei utskrifta frå banken som viser at du er eigar av eller disponent til den kontoen du ønskjer pengane overførte til.

Brevet sender du til:

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo

Dersom det er andre grunnar til at du ikkje får endra kontonummeret slik du ønskjer, kan du skrive til oss.

Dersom det manglar kontonummer

Manglar vi kontonummeret ditt, får vi ikkje betalt ut beløpet. Dersom dette gjeld deg, vil du få eit eige brev frå oss.