Skjema RF-1307

Bestill skattekort utan lønnssystem

Dersom du representerer ein organisasjon eller er personleg arbeidsgivar, kan du bestille elektronisk skattekort for dine tilsette her.

    • Du får tilgang til skattekorta i løpet av 30 minutt.
    • Skattekortet vil, som tidlegare, også bli tilgjengeleg i innboksen i Altinn.
    • Når ein av dei tilsette endrar skattekortet sitt, vil vi sende melding til kontaktinformasjonen du gav oss i den siste bestillinga. Du får også informasjon om du har endringar du må hente, utan at du treng å sende inn ei bestilling.
Du kan bruke skattekort for 2024 på lønnskøyringa i januar 2025.

Nav sitt Aa-register

Elektronisk skattekort er ikkje synkronisert med Nav sitt Aa-register. Registrering eller manglande registrering i Aa-registeret har derfor ikkje innverknad på innhentinga av elektronisk skattekort.