Arbeidstakarar som er busette i utlandet og arbeider på norske skip
Arbeidstakarar som er busette i utlandet og arbeider på norske skip er i utgangspunktet skattepliktige til Noreg. Skatteplikta kan vere avgrensa ved skatteavtale. Denne artikkelen gjeld ikkje for deg som arbeider i petroleumsverksemd på norsk sokkel.
Her finn du informasjon om kva du må gjere for å betale rett skatt til Noreg.
Arbeidsgivaren (reiaren) din søkjer om d-nummer på dine vegner. Du treng ikkje å møte opp, men godkjend legitimasjon må leggjast ved søknaden. Du vil få tilsendt opplysningar om d-nummeret ditt.
Sjøfolk som ikkje er skattemessig busette i Noreg og som er tilsette på norske skip, er skattepliktige til Noreg. Les meir om skattemessig bustad.
Personar som er busette i Norden, er også skattepliktige til Noreg for inntekta som er tent opp om bord på utanlandsregistrerte skip som er eigde eller blir drivne av eit norsk selskap.
Personar busette utanfor Norden som tenestegjer om bord på skip som er registrerte i Det Norske Internasjonale Skipsregister (NIS) er ikkje skattepliktige til Noreg.
Skatteavtalen mellom Noreg og bustadsstaten din kan avgrense retten Noreg har til å skattleggje lønnsinntekta di.
Sjølv om du ikkje er skattepliktig til Noreg, kan du likevel måtte betale trygdeavgift til Noreg.
Merk at personar som arbeider om bord på fartøy i petroleumsrelatert verksemd på norsk kontinentalsokkel, er skattepliktige til Noreg etter petroleumsskattelova. Desse blir ikkje rekna som sjøfolk. Meir informasjon for sokkelarbeidarar.
Trygdeavgift
Dersom du er tilsett om bord på eit norsk skip, skal du betale trygdeavgift til Noreg om du er
- norsk statsborgar
- busett i Norden
- statsborgar i eit EØS-land eller Sveits
- tilsett på eit skip som går i avgrensa fart (innanriks i Noreg)
Fritak frå å betale trygdeavgift til Noreg
Ein statsborgar i eit EØS-land, kan i visse tilfelle søkje om fritak frå å betale norsk trygdeavgift. Kontakt i så fall trygdestyresmaktene i bustadlandet ditt og be dei om å sende skjemaet A1 til Nav. Skatteetaten blir informert når fritaket er innvilga.
Sjøfolk som er busette i utlandet, får ikkje skattekort. Eigne trekktabellar gjeld. Trekktabellane tek høgde for frådraga du har krav på, og er baserte på 12 månaders jamt trekk. Ved val av tabell må arbeidsgivaren din vite om du skal betale trygdeavgift, og om du har rett på særskilt frådrag for sjøfolk. Alle sjøfolk har rett til 10 prosent standardfrådrag, og alle trekktabellane er derfor berekna med dette frådraget.
Merk at du må ha skattekort dersom du arbeider i ei petroleumsrelatert verksemd på norsk kontinentalsokkel. Les meir om sokkelarbeidarar.
Du får ei førehandsutfylt skattemelding frå Skatteetaten i mars/april. Skattemeldinga er ei oversikt over inntekter og frådrag i eitt inntektsår. Oversikta er bygd på opplysningane som var registrerte på deg per 31. desember i det aktuelle inntektsåret.
Viss du vil vere sikker på at du ikkje betaler for mykje skatt, må du sjekke at opplysningane i skattemeldinga di stemmer. Du er sjølv ansvarleg for at skattemeldinga er rett. Du må kontrollere opplysningane og korrigere eventuelle feil og manglar.
Dette bør du sjekke:
1. Sjekk at lønnsinntekta stemmer
Arbeidsgivaren din skal kvar månad sende deg dokumentasjon på lønna du har fått utbetalt, og kor mykje skatt som har blitt trekt. Arbeidsgivaren din skal også kvar januar sende deg ei samleoppgåve over lønnsutbetalingar og skattetrekk for året før. Når du får skattemeldinga di, må du sjekke opplysningane i meldinga opp mot denne dokumentasjonen.
2. Sjekk om standardfrådraget har kome med
Du har rett til 10 prosent standardfrådrag. Sjekk at dette er med i skattemeldinga di.
3. Sjekk at sjømannsfrådraget har kome med
Dersom du har rett til sjømannsfrådrag, må du sjekke at dette har kome med i skattemeldinga di.
4. Skatteplikt
Dersom du meiner at du ikkje er skattepliktig til Noreg, skal du registrere trygde- og skattemessig unntak på den inntekta du meiner ikkje er skattepliktig i skattemeldinga di.
5. Sjekk at adressa på skattemeldinga di stemmer
Meld frå til Skatteetaten viss du er oppført med feil adresse. Meir informasjon om adresseendring.
6. Registrer bankkontoen din
Registrere eller endre kontonummer for utbetaling av eventuelle pengar du har til gode.
Frist
Fristen for å levere skattemeldinga er 30. april.
Du kan søkje om éin månads utsetjing. Du må søkje innan 30. april.
Dersom alle opplysningane stemmer og du ikkje har endringar, treng du ikkje å gjere noko.
Viss du ikkje har fått skattemeldinga di, ta kontakt med Skatteetaten.
Du kan krevje sjømannsfrådrag dersom du har jobba om bord på skip i fart i minimum 130 dagar i same inntektsår. Frådraget er på 30 prosent av lønna di og eventuelle skattepliktige godtgjersler, men maksimalt 83 000 kroner.
Med skip i fart meiner vi
- skip som er i utanriksfart, og som har sitt eige framdriftsmaskineri, uavhengig av storleiken på skipet
- fartøy i petroleumsverksemd som driv forsynings-, beredskaps-, og ankerhandteringstenester, seismiske eller geologiske undersøkingar og anna samanliknbar verksemd eller konstruksjons-, røyrleggings-, eller vedlikehaldsaktivitet
- marinefartøy med kommando heist
- skip som er på 100 brutto registertonn eller meir, som har eige framdriftsmaskineri, og som ikkje er unnatekne nedanfor
Med skip som ikkje er i fart, meiner vi
- ferjer eller passasjerfartøy som berre går i rute mellom norske hamner, og der rutedistansen mellom første og siste anløpsstad er under 300 nautiske mil
- fartøy i petroleumsverksemd som driv med undersøkingar, leiteboring, utvinning, utnytting og røyrleidningstransport
- skip som vesentleg går i fart på norske innsjøar og elvar
- skip som er i stasjonær verksemd og hamnetrafikk, eller anna verksemd over avgrensa fartsområde der distansen som er segla ut, ikkje er over 30 nautiske mil
- losjiskip eller skip som blir brukte som arbeidsplattform, misjonsskip, teaterskip og liknande
- lystfartøy, representasjonsfartøy, skyssfartøy og liknande
- fiske- og fangstfartøy, men berre for den tida fartøyet blir brukt til fiske og fangst
Viss du har arbeidd mindre enn 130 dagar, kan du likevel ha krav på frådraget dersom
- arbeidsforholdet ditt er omfatta av ein tariffavtale som føreset minst 130 arbeidsdagar i gjennomsnitt om bord i løpet av året
- du byrja seint eller slutta tidleg på året og arbeidsforholdet omfattar ein tariffavtale som nemnd ovanfor
- du har vore sjuk og har fått sjukepengar delar av året. Dette føreset at sjukepengane erstattar hyre som ville kvalifisert til særskilt frådrag for sjøfolk. Tilsvarande gjeld ved omsorgspermisjon der folketrygda betaler ut foreldrepengar.
Kortvarig arbeid om bord (under 130 dagar) som vikar og liknande gir ikkje rett til særskilt frådrag for sjøfolk. Dette gjeld sjølv om du er omfatta av ein tariffavtale.