Sjå skatteoppgjeret ditt
Dei fleste får skatteoppgjeret mellom april og juni, medan andre får det til hausten. Alle får skatteoppgjeret sitt før 1. desember.
Etter at du har levert skattemeldinga di, må vi behandle henne og lage eit skatteoppgjer. I skatteoppgjeret står det kor mykje pengar du får att (til gode) eller kor mykje du må betale (restskatt).
Når kjem skatteoppgjeret?
Dei fleste får skatteoppgjeret mellom april og juni, medan andre får det til hausten. Alle får skatteoppgjeret sitt før 1. desember. Vi varslar deg når skatteoppgjeret ditt er klart.
Vi sender ikkje ut skatteoppgjer på heilagdagar, i påskeveka, i juli eller i første halvdelen av august.
Har du pengar til gode, blir dei utbetalte når du får skatteoppgjeret ditt.
Det kan vere fleire grunnar til at skatteoppgjeret ditt kjem seinare:
- Du har gjort mange endringar eller lagt til vedlegg.
- Du er næringsdrivande eller har søkt om utsetjing.
- Du er tatt ut til tilfeldig kontroll.
- Du har ikkje gitt alle dei nødvendige opplysningane i skattemeldinga di, til dømes om eigedommane dine.
- Du har fått ei etterbetaling frå Nav eller andre pensjonsutbetalarar.
Vi kan dessverre ikkje svare deg på kvifor ditt skatteoppgjer tar lengre tid. Vi varslar deg når det er klart.
Ektefellar får skatteoppgjeret samstundes
Er du gift, får du og ektefellen din skatteoppgjeret samstundes – etter at begge skattemeldingane er ferdig behandla. Om nokon av punkta over gjeld ektefellen din, kan det hende at begge får skatteoppgjeret seinare.
Dersom ektefellen din får restskatt, eller ikkje leverte innan fristen, får de skatteoppgjera tidlegast i juni.
Logg inn og sjekk statusen på ditt skatteoppgjer.
Vi kan dessverre ikkje svare deg på kvifor ditt skatteoppgjer tar lengre tid. Vi varslar deg når det er klart.
Det kan vere fleire grunnar til at du ikkje har fått utbetalt skattepengane:
- Skatteoppgjeret ditt er ikkje ferdig enno. Vi varslar deg når det er klart. Skattepengane blir utbetalte når du får skatteoppgjeret ditt.
- Du skuldar pengar til stat eller kommune. Skattepengar du har til gode kan bli brukte til å betale ned på det du skuldar.
- Vi manglar kontonummer for utbetalinga. Gjeld dette deg, må du logge inn for å registrere eit kontonummer. Du får eit eige brev frå oss om dette.
- Pengane er utbetalte til ein annan konto enn du trudde. Du kan logge inn og sjekke korleis vi betaler ut til deg.
- Du har ikkje pengar til gode i år. Den førebelse skatteberekninga som du ser i skattemeldinga, er ikkje endeleg og kan bli endra. Etter at du har fått skatteoppgjeret ditt, kan du logge inn og sjå om du har restskatt eller pengar til gode. Du får ikkje utbetalt noko dersom du ikkje har pengar til gode.
Når du veit korleis det gjekk
Etter at du har fått skatteoppgjeret ditt, veit du om du får pengar att (til gode) eller må betale pengar (restskatt).
Når du får att pengar – pengar til gode
Når du må betale pengar – restskatt
Når du vil endre eller klage på skatteoppgjeret
Sjå også
Skatteoppgjer for tidlegare år finn du blant skattedokumenta dine. Logg deg inn på Mi side.
Når ein person døyr, blir adressa automatisk fjerna i Folkeregisteret.
Viss det er registrert ein kontaktperson i Folkeregisteret, vil skattemeldinga bli sendt ut automatisk.
Skatteoppgjer blir sendt ut automatisk til dei som har registrert kontaktperson i Folkeregisteret.
Viss du har valt å få tilskot til energitiltak frå ENOVA som ein del av skatteoppgjeret, vil dette bli avrekna mot skatteoppgjeret ditt for i fjor.