Anskaffingsverdien når du har arva eller fått eigedommen i gåve

Vel det som gjeld for deg.

Anskaffingsverdien din er avhengig av om arvelataren (den avdøde) eller givaren kunne ha selt eigedommen skattefritt eller ikkje.

Om arvelataren eller givaren kunne ha selt skattefritt, kjem an på kva slags eigedom det er og  bruken av han.

  • Bustad, pendlarbustad – dersom arvelataren eller givaren eigde bustaden i over eitt år og brukte han som eigen bustad i minst eitt av dei to siste åra før dødsfalls- eller gåvetidspunktet, kunne arvelataren eller givaren ha selt skattefritt.
  • Fritidseigedom – dersom arvelataren eller givaren eigde fritidseigedommen i over fem år og brukte han som eigen fritidseigedom i minst fem av dei siste åtte åra før dødsfalls- eller gåvetidspunktet, kunne arvelataren eller givaren selt skattefritt.

Er du usikker på kva som gjeld for deg?

Anskaffingsverdien din skal vere lik marknadsverdien på dødsfalls- eller gåvetidspunktet, dersom arvelataren eller givaren kunne selt eigedommen skattefritt ved dødsfalls- eller gåvetidspunktet.

Kvar finn du anskaffingsverdien
  • Verdien kan du finne i ein takst eller i ei verdivurdering frå ein takstmann eller eigedomsmeklar.

  • Viss du ikkje har ei verdivurdering av eigedommen, kan du i staden finne den sannsynlege marknadsverdien med å samanlikne verdivurderingar av samanliknbare eigedommar.

  • Viss ein eigedom blir seld kort tid etter arve- eller gåvetidspunktet, vil marknadsverdien på arve- eller gåvetidspunktet vanlegvis samsvare med salssummen.

Du overtar anskaffingsverdien til arvelataren eller givaren når dei ikkje kunne selt eigedommen skattefritt på dødsfalls- eller gåvetidspunktet. Dette blir kalla kontinuitet.

Det er denne anskaffingsverdien du skal bruke når du reknar ut gevinst eller tap ved eit sal av eigedommen.

Kvar finn du anskaffingsverdien når arvelataren eller givaren har:

Har arvelataren eller givaren kjøpt eigedommen, kan du finne anskaffingsverdien i kjøpekontrakten eller i skøytet.

Du arva ein eigedom av mor di då hø døydde i 2014. Ho kunne ikkje ha seld eigedommen skattefritt på dødsfallstidspunktet, og du overtar derfor anskaffingsverdien hennar (kontinuitet).

Mor di kjøpte eigedommen i 1997 for 600 000 kroner. Ho hadde kostnader på 15 750 kroner i samband med kjøpet.

kjøpesummen i 1997

600 000 kroner

+ kjøpskostnader

15 750 kroner

= Anskaffingsverdi i 1997

615 750 kroner

= anskaffingsverdien din

615 750 kroner

 

Dersom arvelataren eller givaren har bygd bygningane på eigedommen, kan du finne anskaffingsverdien for tomta i kjøpekontrakten og anskaffingsverdien for bygningane i byggjerekneskapen.

Du arva ein eigedom av mor di då hø døydde i 2014. Ho kunne ikkje ha seld eigedommen skattefritt, og du overtar derfor anskaffingsverdien hennar (kontinuitet).

Mor di bygde på eigedommen i 1997 for 500 000 kroner. Ho betalte 100 000 kroner for tomta. Tomta og bygningen kosta til saman 600 000 kroner. Ho hadde kostnader på 15 750 kroner i samband med kjøpet.

kostpris for tomt og bygning i 1997

600 000 kroner

+ kjøpskostnader

15 750 kroner

= anskaffingsverdi i 1997

615 750 kroner

= anskaffingsverdien din

615 750 kroner

 

Dersom arvelataren eller givaren, som du overtok eigedommen frå, også arva eller fekk eigedommen i gåve i 2014 eller seinare, kjem anskaffingsverdien an på om den førre arvelataren eller givaren kunne ha seld eigedommen skattefritt eller ikkje.

Vurderinga blir lik dersom eigedommen har gått i arv fleire gonger.

Døme:

Når den førre arvelataren/givaren, og arvelataren/givaren din, ikkje kunne ha seld eigedommen skattefritt på dødsfalls- eller gåvetidspunkta, overtar du anskaffingsverdien som den førre arvelataren/givaren hadde på eigedommen.

Døme: Anskaffingsverdi når arvelataren/givaren ikkje kunne ha seld skattefritt:

Du arva ein eigedom av mor di då hø døydde i 2018. Ho kunne ikkje ha seld eigedommen skattefritt, og du overtar derfor anskaffingsverdien hennar (kontinuitet).

Mor di arva eigedommen frå far hennar (din bestefar) i 2014. Anskaffingsverdien til bestefar din i 1993 var 100 000 kroner. Mor di hadde kostnader på 10 000 kroner i samband med overtakinga av eigedommen.

Her må du undersøkje om bestefar din kunne ha seld eigedommen skattefritt på dødsfallstidspunktet.

Bestefar din leigde ut eigedommen i fleire år fram til han døydde. Han kunne derfor ikkje ha seld eigedommen skattefritt på dødsfallstidspunktet.

Sidan bestefar din ikkje kunne ha seld eigedommen skattefritt då han døydde, overtar mor di anskaffingsverdien frå bestefar din. Du overtar anskaffingsverdien til mor di.

mor overtar anskaffingsverdien til bestefar din

100 000 kroner

+ kostnadene til mor i samband med overtakinga av eigedommen frå bestefar

10 000 kroner

= anskaffingsverdien til mor

110 000 kroner

du overtar anskaffingsverdien til mor

110 000 kroner

+ kostnadene dine i samband med overtakinga av eigedommen frå mor

15 000 kroner

= anskaffingsverdien din

125 000 kroner

Dersom arvelataren/givaren din ikkje kunne ha seld skattefritt, men den førre arvelataren/givaren kunne ha gjort det på dødsfalls- eller gåvetidspunktet, skal anskaffingsverdien setjast til den sannsynlege marknadsverdien på dødsfalls- eller gåvetidspunktet til den førre arvelataren/givaren.

Denne sannsynlege marknadsverdien må du kunne dokumentere dersom vi spør om det.

Slik dokumentasjon kan til dømes vere:

  • takst
  • prisvurdering frå takstmann eller eigedomsmeklar
  • prospekt/prisvurdering av tilnærma like eigedommar
Døme: Anskaffingsverdi når arvelataren/givaren kunne ha seld skattefritt:

Sidan bestefar din kunne ha seld eigedommen skattefritt då han døydde, skal anskaffingsverdien til mor di vere marknadsverdien på eigedommen på dødsdatoen til far hennar. Marknadsverdien på eigedommen var 400 000 kroner då mor di arva eigedommen. Du overtar anskaffingsverdien hennar.

du overtar anskaffingsverdien til mor di

400 000 kroner

+ kostnadene til mor i samband med overtakinga av eigedommen frå far sin

10 000 kroner

= anskaffingsverdien din

410 000 kroner

Viss arvelataren eller givaren arva eller fekk eigedommen i gåve i 2013 eller tidlegare, er det anskaffingsverdien til arvelataren eller givaren som er den pårekna marknadsverdien på dødsfalls-/gåvetidspunktet.

Dersom det vart berekna arveavgift, kan du finne anskaffingsverdien i vedtaket om arveavgift.

Du kan også finne opplysningane i grunnboka hos Kartverket, eller du kan søkje i Digitalarkivet, som er ei sjølvbeteningsløysing for den gamle grunnboka, når du treng å finna tinglysingar frå før 1991.

Oppregulering – eigedom eigd frå 1991 og tidlegare

Sel du ein eigedom som arvelataren eller givaren eigde før 1. januar 1992, kan du oppregulere anskaffingsverdien. Du må kunne dokumentere anskaffingsverdien viss me spør om det.

Er du usikker på hva som gjelder i ditt tilfelle?

Dersom arvelataren eller givaren arva eller fekk eigedommen i gåve i 2013 eller før, er anskaffingsverdien til arvelataren eller givaren den sannsynlege marknadsverdien på dødsfalls- eller gåvetidspunktet. Dersom det vart berekna arveavgift, kan du finne anskaffingsverdien i vedtaket om arveavgift.

Du kan også finne opplysningane i grunnboka hos Kartverket, eller du kan søkje i Digitalarkivet, som er ei sjølvbeteningsløysing for den gamle grunnboka når du har bruk for å finne tinglysingar før cirka 1991.

Oppregulering – eigedom eigd frå 1991 og tidlegare

Sel du ein eigedom som arvelataren eller givaren eigde før 1. januar 1992, kan du oppregulere anskaffingsverdien.

Du må kunne dokumentere anskaffingsverdien dersom vi spør om det.

Det er eigne reglar for gardsbruk – Les meir viss du har arva eller fått som gåve.