Delar av dette innhaldet er ikkje tilgjengeleg på nynorsk enno.
Registrere eller endre kontonummer for utbetalinger fra Skatteetaten
For å få utbetalt penger fra Skatteetaten, må du oppgi hvilken konto du ønsker å få pengene utbetalt til. Sjekk at du har registrert et kontonummer og at det stemmer.
Verdt å vite:
- Vi kan kun utbetale beløpet til en bankkonto som du selv er eier av eller disponent til.
- Kontonummer som krever KID, kan ikke brukes.
Andre måter å endre kontonummer
Viss ein person er død, kan du som ansvarleg for dødsbuet sjølv registrere kontoen tilgodebeløpet skal utbetalast til. Det gjer du på same måten som om du skal endre kontonummeret for deg sjølv, men du må velje dødsbuet når du loggar inn.
Om du ikkje kan bruke denne løysinga, kan du som er ansvarleg for dødsbuet fylle ut skjemaet RF-1520 Nytt eller endra kontonummer for utbetaling av skatt, og oppgi kontoen du ønskjer å bruke til utbetalinga av tilgodebeløp.
Når kontoen er registrert, får du ei stadfesting. Du blir varsla på e-post eller SMS.
Du kan registrere eit utanlandsk bankkontonummer som ikkje har IBAN.
Når kontoen er registrert, får du ei stadfesting. Du blir varsla på e-post eller SMS.
For å registrere eit kontonummer for eit sletta selskap, må du bruke eit skjema i Altinn. Kva for eit skjema du skal bruke, kjem an på rolla di i selskapet, kva tilgangar de har gitt tidlegare og korleis selskapet vart avvikla.
Dersom alle kontoane til selskapet er sletta, og du må registrere ein konto som ikkje høyrer til firmaet, må du informere om kven som eig kontoen.
- Bruk skjemaet Kontakt Skatteetaten om inn- og utbetaling av skatt (RF-1306)
- Vel temaet "Spørsmål om betalingsdetaljar for innbetaling, eller informasjon om din registrerte konto for utbetaling"
Du må skrive kva søknaden gjeld, i tillegg til namn og organisasjonsnummer på selskapet.
Den tidlegare styreleiaren har tilgang til å registrere eller endre kontonummer dersom det ikkje er oppretta eit avviklingsstyre.
- Logg inn i Altinn og finn selskapet under "Sjå sletta einingar"
- Søk opp skjemaet "Nytt eller endra kontonummer for utbetaling av skatt" (RF-1520)
- Send skjema for kontoregistrering direkte frå brukaren til selskapet
Viss du ikkje har norsk BankID, kan du logge inn med ID-porten og aktiveringskode for å logge deg inn i sjølvbeteningstenesta.
Om du ikkje er elektronisk brukar, kan du bruke skjemaet kontoopplysningar for å endre kontonummeret ditt.
Dersom du ikkje kan endre kontonummeret elektronisk, kan du sende oss eit brev om endringa. Legg ved kopi av legitimasjonen din og ei utskrifta frå banken som viser at du er eigar av eller disponent til den kontoen du ønskjer pengane overførte til.
Brevet sender du til:
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo
Dersom det er andre grunnar til at du ikkje får endra kontonummeret slik du ønskjer, kan du skrive til oss.
Hvis kontonummer mangler
Mangler vi kontonummeret ditt, får vi ikke utbetalt beløpet. Hvis dette gjelder deg, vil du få et eget brev fra oss.