Skattekort for grensegjengarar
Som grensegjengar er du ikkje skattepliktig i Noreg, men i det landet du bur i. Dei fleste grensegjengarane er likevel medlemmer av den norske folketrygda og skal betale trygdeavgift.
Gjeld det meg?
Du er grensegjengar om du
- bur i ein svensk eller finsk kommune som grensar mot Noreg, og
- arbeider i ein kommune i Noreg som grensar mot landet du bur i
Du må dokumentere bustaden med eit personbevis frå Skatteverket i Sverige eller folkeregistertenesta i Finland. Arbeidsforholdet må du dokumentere med ein arbeidskontrakt.
Korleis få skattekort?
Er du grensegjengar, må du kontakte Skatteetaten og dokumentere at du oppfyller krava for å vere grensegjengar. Når det er gjort, skriv Skatteetaten ut eit skattekort på 7,7 prosent, som er trygdeavgifta du skal betale.
Arbeidsgivaren din hentar skattekortet direkte frå Skatteetaten. Vi sender informasjon om skattekortet ditt, ei skattetrekksmelding, til adressa du er registrert med i Folkeregisteret. Du skal ikkje levere noko til arbeidsgivaren din.
Ytingar frå Nav
Grensegjengarregelen gjeld berre for arbeidsinntekt. Får du ytingar frå Nav, eller ytingar frå arbeidsgivaren din som blir refunderte av Nav, vil dei ytingane normalt vere skattepliktige til Noreg. Då må du kontakte Skatteetaten for å få eit nytt skattekort.
Unntak frå medlemskapen i den norske folketrygda
I utgangspunktet legg Skatteetaten til grunn at grensegjengarar som arbeider i Noreg er medlemmer av den norske folketrygda. Om du i tillegg arbeider i andre land enn Noreg, er du truleg medlem i trygdeordninga i bustadlandet ditt. Då må du kontakte Forsäkringskassan (Sverige) eller Pensionsskyddscentralen/Eläketurvaskeskus (Finland) for å få avklart medlemskapen.
Skal du ikkje vere medlem av den norske folketrygda, må trygdestyresmaktene i heimlandet ditt sende ei stadfesting på dette til Nav. Nav varslar så Skatteetaten om dette. A1 og/eller andre blankettar frå styresmakter i andre statar, vil ikkje bli godkjende som dokumentasjon på unntak frå plikta til å betale trygdeavgift.