Om skattemeldinga

Har du hatt arbeidsinntekt i året som var, får du skattemeldinga i siste halvdelen av mars eller i byrjinga av april. Har du ikkje fått skattemeldinga innan midten av april, må du kontakte oss.

Tala i skattemeldinga er grunnlaget for berekninga av kor mykje du skal betale i skatt og avgift.

Vi veit ikkje alt om deg. Sjekke derfor at tala i skattemeldinga er rette. Kanskje får du att pengar på skatten?

Skattemeldinga gir deg oversikt over inntektene og frådraga dine, og kva du har betalt i skatt. Skattemeldinga kjem med ei førebels berekning av skatten din.

Logg inn og sjekk tala

Logg inn, sjekk og lever skattemeldinga di:

Opne skattemeldinga

 

  • Sjekk tala i skattemeldinga mot tala i årsoppgåvene du får i januar/februar (frå arbeidsgivaren, banken eller andre) 
  • Den førebelse skatteberekninga som du får saman med skattemeldinga di, er tufta på dei opplysningane vi har fått. Det vil seie at den førebelse berekninga av skatten din kan endre seg dersom du endrar opplysningane i skattemeldinga di.
  • Dersom det er opplysningar som manglar eller er feil, må du sjølv endre direkte i skattemeldinga. Logg inn og gjer dei nødvendige endringane. Du har sjølv ansvaret for at opplysningane er rette. Hugs å sende inn dei nye opplysningane.
  • Fristen for å levere skattemeldinga er 30. april.
  • Dersom alt er rett, og du ikkje gjer nokon endringar, treng du ikkje å levere skattemeldinga. Ver likevel klar over at om du ikkje leverer, tar det lengre tid før du får skatteoppgjeret ditt.

Har du spørsmål?

Du får ei førebels skatteberekning saman med skattemeldinga. Ser du at du har betalt for lite skatt, kan du betale eit tilleggsforskott innan 31. mai året etter arbeidsåret. Då slepp du restskatt og renter.