Gåver til frivillige organisasjonar
Har du gitt ei pengegåve på minst 500 kroner til ein frivillig organisasjon eller eit trus- og livssynssamfunn, kan du få frådrag for beløpet.
Har du gitt ei pengegåve på minst 500 kroner til ein frivillig organisasjon eller eit trus- og livssynssamfunn, og beløpet er rapportert inn elektronisk til Skatteetaten, vil frådraget vere førehandsutfylt i skattemeldinga di.
Ektefellar kan ikkje fordele frådraget fritt mellom seg. Har du gitt ei gåve saman med andre, og beløpet som er rapportert inn på deg er feil, må du be organisasjonen om å rapportere din del av gåvebeløpet på nytt.
Maksimalt beløp for frådrag
For inntektsåret 2024 er det maksimale frådraget for gåver 25 000 kroner per år.
Utanlandske organisasjonar
Du kan også få frådrag for pengegåver til utanlandske organisasjonar og trus- og livssynssamfunn innanfor EØS, dersom desse er godkjende av Skatteetaten. Gåver til utanlandske organisasjonar blir ikkje rapporterte og er derfor ikkje førehandsutfylte i skattemeldinga.
For at du skal få frådrag må
- gåva vere eit pengebeløp
- gåva til organisasjonen eller trus- og livssynssamfunnet vere på minst 500 kroner i løpet av inntektsåret
- beløpet vere rapportert inn elektronisk til Skatteetaten
- organisasjonen eller trus- og livssynssamfunnet vere godkjend av Skatteetaten. Sjå lista over godkjende frivillige organisasjonar.
Utanlandske organisasjonar
Organisasjonen må
- ha sete innanfor EØS
- ha søkt Skattedirektoratet om godkjenning. Sjå lista over godkjende utanlandske organisasjonar.
Beløpsgrensa for maksimalt frådrag for gåver til frivillige organisasjonar
Gåvebeløpet skal vere rapportert inn elektronisk, og frådraget skal vere førehandsutfylt i skattemeldinga. Gåver til frivillige organisasjonar og liknande som ikkje er rapporterte inn, får du ikkje frådrag for. Dersom det manglar eit beløp, må du kontakte organisasjonen og be om at dei sender inn nye opplysningar til skattestyresmaktene.
Utanlandske organisasjonar
Gåver til godkjende utanlandske organisasjonar blir ikkje rapporterte inn. Desse må du føre opp sjølv i skattemeldinga di. Søk opp kortet "Vel organisasjonen du har gitt gåva til".
Har du ført opp utgifter på meir enn 10 000 kroner i året, må du ha betalt via bank for at summen skal gi rett til frådrag.
Utanlandske organisasjonar
Frådrag for gåver til godkjende organisasjonar i utlandet må du kunne dokumentere med kvitteringar. Kvitteringane må vise namnet, adressa og det norske fødselsnummeret eller d-nummeret til givaren, og gåvebeløpet i norske kroner.