Fordele inntekt, kostnader og formue
Ektefellar, registrerte partnarar og meldepliktige sambuarar kan velje korleis dei vil fordele enkelte inntekts- og frådragspostar i skattemeldinga mellom seg.
I hovudsaka er det kapitalinntekter og kapitalkostnader, til dømes renter, som ektefellar, registrerte partnarar og meldepliktige sambuarar kan fordele fritt mellom seg i tillegg til formuen og gjelda. Andre sambuarar som er ikkje-meldepliktige, blir fastsatt kvar for seg når det gjeld inntekter og formue og kan ikkje fordele inntekter og frådrag som nemnt her.
Fordelinga verkar normalt ikkje inn på den samla skatten for paret, men ho verkar inn på kven av dei som skal skattleggjast for formuen og inntekta eller få frådrag for kostnaden.
I tilfelle der den eine har låg inntekt, kan det vere fordelaktig for ektefellane m.m. sett under eitt å fordele og overføre inntekt og frådrag slik at ingen av dei får ei lågare nettoinntekt enn personfrådraget for inntektsåret.
For dei som tek imot alderspensjon eller AFP og ein av ektefellane m.m. har låg pensjon/inntekt, kan fordelinga av inntekter, frådrag og formue mellom dei verke inn på den samla skatten. Les meir om Skattereglar for pensjonistar.
Ektefellar m.m. som ønskjer å fordele bankinnskot, renteinntekter, gjeld og gjeldsrenter, må hugse å korrigere i begge skattemeldingane.
Døme på fordeling av gjeldsrente
Kari og Per er gifte og har kjøpt ein bustad saman. Kari er hovudlåntakar på bustadlånet i banken, og gjeldsrentene på kr 80 000 er førte opp i skattemeldinga hennar. Ektefellane ønskjer at frådraget for rentene blir fordelt med 70 prosent på Per og 30 prosent på Kari. For å fordele gjeldsrenta på begge, må Kari gå inn i skattemeldinga og rette til kr 24 000. Per må føre opp gjeldsrentebeløpet på kr 56 000 som skal fordelast på han i skattemeldinga si.
Inntekter og utgifter som ikkje kan fordelast
Inntekter og kostnader knytte til arbeid, pensjon og næringsverksemd kan ikkje fordelast fritt, men skal førast i skattemeldinga til den ektefellen / meldepliktige sambuaren som har utført arbeidet, har rett til pensjonen eller har utøvd næringsverksemda.
Oversikta under viser kva for inntekter og utgifter i skattemeldinga som kan vere aktuelle for fordeling. Denne viser òg kva for inntekter og utgifter som ikkje kan fordelast.
Barn si lønnsinntekt, barn som er 12 år eller yngre |
Livrente utanfor arbeidsforhold til barn 16 år eller yngre |
Barnepensjon |
Partseigar/bustadsameigar sin del av inntekter i bustadselskap/bustadsameige |
Nettoinntekt ved utleige m.m. av fast eigedom utanom næring |
Skattepliktig utleigeinntekt frå fritidseigedom du sjølv har brukt |
Skattepliktig gevinst ved sal o.l. av bustad, tomt og annan fast eigedom |
Inntekt frå fast eigedom i utlandet |
Renteinntekt av bankinnskot o.l. (også barn sine innskot) |
Andre renteinntekter |
Renter som skal skattleggjast ekstra på lån til selskap (RF-1070) |
Skattepliktig utbytte på aksjar o.l. (RF-1088) |
Skattepliktig avkastning av partar i aksjefond (også barn sine aksjefond) |
Anna skattepliktig utbytte |
Skattepliktig gevinst ved sal av aksjar o.l. (RF-1088) |
Skattepliktig gevinst ved sal av partar i verdipapirfond |
Gevinst, tap, utbytte og formue på aksjar og andre finansielle produkt (RF-1159) |
Inntekter frå utlandet |
Anna inntekt |
Gevinst andre finansprodukt |
Skattepliktig avkastning eller kundeutbytte |
Frådrag for kostnader til pass og stell av barn (foreldrefrådrag) |
Gjeldsrenter |
Gjeldsrenter – utlandet |
Føderådsytingar utanfor jord-/skogbruksvirksemd |
Del av kostnader i bustadselskap (burettslag og bustadaksjeselskap) og i bustadsameie |
Tap ved sal o.a. av fast eigedom som gir rett til frådrag |
Andre frådrag |
Tap ved sal av aksjar o.l. (RF-1088) |
Tap ved sal av partar i verdipapirfond |
Gevinst, tap, utbytte og formue på aksjar og andre finansielle produkt (RF-1159) |
Underskot ved utleige av fast eigedom utanfor næring |
All formue, medrekna formue til barn som blir fastsatt med foreldre, kan fordelast fritt.
Lønn og tilsvarande ytingar |
Pensjonar, livrenter i arbeidsforhold oa. |
Uførerenter og livrenter utanfor arbeidsforhold |
Skattepliktig utbetaling frå livrente i og utanfor arbeidsforhold |
Skattepliktig etterlønn og pensjon |
Inntekter frå næringsdrift eller sjukepengar til næringsdrivande |
Avkastning frå kapitalforsikringsavtale |
Utbetaling frå kapitalforsikring utan garantert avkastning |
Kapitalforsikring med og utan garantert avkastning i utanlandsk selskap/finansinstitusjon |
Anna inntekt
|
Minstefrådrag i eiga inntekt |
Underskot rekneskapslikna bil Faktiske kostnader |
Premie til sjuke- og ulykkesforsikring |
Minstefrådrag i ektefelletillegg |
Minstefrådrag i inntekta til barn |
Minstefrådrag i barnepensjon |
Merkostnader til kost og losji o.l. ved opphald utanfor heimen |
Småutgifter sjømenn |
Frådrag for reise mellom heim og fast arbeidsstad. (arbeidsreiser) |
Frådrag for reisekostnader ved besøk i heimen (besøksreiser) |
Fagforeiningskontingent |
Premie til pensjonsordning i arbeidsforhold |
Særskilt frådrag for sjøfolk |
Særskilt frådrag for fiskarar og fangstmenn |
Jordbruksfrådrag (RF-1177) |
Jordbruksfrådrag |
Del av felles jordbruksfrådrag |
Særskilt frådrag for reindriftsverksemd (RF-1177) |
Del av felles frådrag for reindrift |
Særskilt frådrag for skiferproduksjon |
Del av felles frådrag knytt til skiferproduksjon |
Premie til eiga tilleggstrygd for næringsdrivande |
Underskot anna næring (RF-1167, RF-1175, RF-1242) |
Underskott frå jordbruk, gartneri, pelsdyrnæring |
Underskot skogbruk |
Underskot primærnæring |
Underskot Fiske og fangst |
Underskot frå skiferproduksjon |
Underskot Familiebarnehage i eigen heim |
Underskot KS, ANS m.m. som driv familiebarnehage i eigen heim |
Frådragsgivande innbetaling til individuell pensjonsordning (IPS) |
Gåver til vitenskapelig forskning m.m. |
Andre frådrag
|
Framførbart underskot frå tidlegare år |
Del av underskot frå tidlegare år ved drift av våningshus |
Særfrådrag for uførleik |
Særfrådrag for lettare nedsett arbeidsevne |
Særfrådrag for einsleg forsørgjar |