Barn og ungdom med eiga inntekt eller formue
Her finn du informasjon om skattekort, skattemelding og når du skal betale skatt.
Du skal ikkje leggje til barnepensjon i skattekortet
Frå 1. januar 2025 skal den som utbetalar barnepensjon trekkje 17 prosent skatt før du får den utbetalt.
Gjeld det meg?
Dette gjeld for
- barn over 13 år med eiga arbeidsinntekt
- barn og ungdom som har fått erstatnings- eller forsikringsutbetaling
- barn og ungdom med barnepensjon
- foreldre og verjer
Dette må du gjere
- Dersom du er over 13 år og har ei arbeidsinntekt, betaler du skatt sjølv. Du må ha eit skattekort eller frikort, og du får skattemelding. Du må sjekke at tala stemmer både i skattekortet og i skattemeldinga.
- Om du har renteinntekter, barnepensjon og formue, vil det vere med i skattekorta og skattemeldingane til foreldra dine fram til det inntektsåret du fyller 17 år. Då er det foreldra dine som må sjekke at tala stemmer.
- Frå og med det inntektsåret du fyller 17 år er du sjølv ansvarleg for skatten på både inntekt og formue. Det betyr at du må sjekke opplysningane i skattekortet og i skattemeldinga.
Kven blir skattlagde for kva og kvifor?
Dersom barnet er under 17 år og bur saman med foreldra, skal barnet sine renteinntekter og formue stå i skattekorta og skattemeldingane til foreldra. Barnet sin formue og andre inntekter skal derfor ikkje stå i barnet sitt skattekort og skattemelding.
Dersom barnet er over 13 år og har eiga arbeidsinntekt, skal inntekta stå i barnet sitt skattekort og skattemelding.
Foreldra blir skattlagde for kvar sin halvpart av barnet sine inntekter og formue. Dette gjeld anten de er ektefellar eller sambuarar. De kan endre fordelinga i skattekortet og i skattemeldinga.
Den forelderen som barnet er registrert busett saman med i Folkeregisteret per 31. desember i inntektsåret blir skattlagd for barnet sine inntekter og formue.
Dersom barnet bur hos deg og du er gift med ein annan enn forelderen til barnet, blir du og ektefellen din skattlagde for ein halvpart kvar. De kan sjølve endre fordelinga slik at forelderen til barnet blir skattlagd for heile inntekta og formuen til barnet, dersom de ønskjer det. Dette gjer de i skattekortet og i skattemeldinga.
Frå og med det inntektsåret du fyller 17 år er du sjølv ansvarleg for skatten din. Det betyr at du må sjekke at opplysningane i skattekortet ditt og i skattemeldinga di stemmer.
Spesielt for deg som har
Det er eigne skattereglar for barn og ungdom som på grunn av personskade eller tap av forsørgjar har fått utbetaling frå erstatning eller forsikring.
Nytt frå 1. januar 2025
Du skal betala skatt av barnepensjon, men du skal ikkje leggja inn barnepensjon i skattekortet. Den som utbetaler barnepensjon skal trekkja 17 prosent skatt før du får den utbetalt.
Om du tidlegare har hatt frivillig skattetrekk på barnepensjon, erstattar utbetaler dette trekket med 17 prosent skattetrekk frå og med 1. januar 2025. For dei aller fleste vil 17 prosent vera nok skattetrekk på barnepensjon. Har du andre inntekter, frådrag, formue og gjeld, er det viktig at du sjekkar skattekortet slik at du får rett skattetrekk på det som ikkje gjeld barnepensjonen.
Sjå kven som blir skattlagt for barnepensjon.
Om du ikkje er skattepliktig til Noreg
Du kan søkja Skatteetaten om skattefritak. Søknaden sender du ved å bruka kontaktskjemaet vårt kvar du ber om skattefritak. Når me har behandla søknaden, sender me deg eit vedtak. Dette vedtaket må du senda til utbetalar slik at dei stoppar å trekkja skatt av barnepensjonen.