Oppregulering av anskaffingsverdi, påkostnader og anskaffingskostnader
Oppregulering av anskaffingsverdi, påkostnader og anskaffingskostnader gjeld for eigedom med eigartid frå 1990 eller tidlegare.
Her får du informasjon om kva du kan gjera om du sel eigedom der di eigartid er frå 1990 eller tidlegare.
Seljar du ein eigedom der di eigartid er frå 1990 eller tidlegare, kan du oppregulera (auka) anskaffingsverdien, påkostnader og anskaffingskostnader frå 1990 eller tidlegare. For eigedom der di eigartid er frå 1991 eller seinare, kan du ikkje oppregulera etter desse reglane.
Er eigedomen skaffa over fleire år, eller det er gjennomført påkostnader i 1990 eller tidlegare, skal kvart års tillegg oppregulerast separat. Har du til dømes påkosta bustaden for 50 000 kroner i 1985, skal du oppregulera dette beløpet med satsen for 1985. Sjå tabell under.
Summen av oppregulering av anskaffingsverdi, påkostnader og andre anskaffingskostnader kan ikkje føra til at du får eit tap ved salet, men berre redusera eller fjerne ein eventuell gevinst.
Tabell
Anskaffingsverdi, påkostnader og andre anskaffingskostnader skal aukast med prosentvis tillegg:
Anskaffingsår | Prosentsats for oppregulering | Anskaffingsår | Prosentsats for oppregulering |
1990 | 3 | 1967 | 200 |
1989 | 6 | 1966 | 210 |
1988 | 10 | 1965 | 220 |
1987 | 16 | 1964 | 230 |
1986 | 22 | 1963 | 240 |
1985 | 28 | 1962 | 250 |
1984 | 36 | 1961 | 260 |
1983 | 42 | 1960 | 270 |
1982 | 50 | 1959 | 280 |
1981 | 60 | 1958 | 290 |
1980 | 70 | 1957 | 300 |
1979 | 80 | 1956 | 310 |
1978 | 90 | 1955 | 320 |
1977 | 100 | 1954 | 330 |
1976 | 110 | 1953 | 340 |
1975 | 120 | 1952 | 350 |
1974 | 130 | 1951 | 360 |
1973 | 140 | 1950 | 370 |
1972 | 150 | 1949 | 380 |
1971 | 160 | 1948 | 390 |
1970 | 170 | 1947 | 400 |
1969 | 180 | og tidlegare | 400 |
1968 | 190 |
Døme
Ola sel ein bustad for 1 050 000 kroner. Kostnader til meklar var 25 000 kroner. Han kjøpte bustaden i 1979 for 500 000 kroner. Han hadde kostnader ved kjøpet (dokumentavgift, tinglysingsgebyr) på 10 000 kroner. Vidare hadde han i 1985 utgifter til påkostnad på 50 000 kroner. Ola har ikkje brukt bustaden som eigen bustad i eitt av dei to siste åra, og gevinsten er derfor skattepliktig.
Alle tal er i kroner
Salssum |
|
|
1 050 000 |
|
Kostnader til meklar, annonsering osb. |
|
− 25 000 |
|
Kjøpesum/Anskaffelsesverdi 1979 |
500 000 |
|
|
Oppregulering 1979 - 80%* |
+ 400 000 |
− 900 000 |
|
Påkostnader i 1985 ** |
50 000 |
|
Oppregulering 1985 - 28% | + 14 000 | − 64 000 | |
Andre kjøps- og anskaffingskostnader i 1979 | 10 000 | ||
Oppregulering 1979 - 80%* | + 8 000 | − 18 000 | |
Skattepliktig gevinst | = 43 000 |
*) For 1979 skal kjøpesum og andre kjøpskostnader blir oppregulerte med 80 prosent. Det fører til at kjøpesummen blir auka med 400 000 kroner (500 000 x 80 prosent), medan andre kjøpskostnader blir auka med 8 000 kroner (10 000 x 80 prosent).
**) Påkostnaden vart gjennomført i 1985, og satsen for oppregulering for dette året er 28 prosent. Det fører til at påkostnadene blir auka med 14 000 kroner (50 000 x 28 prosent).
Gevinsten på 43 000 kroner blir oppgitt i skattemeldinga for salsåret og blir skattlagd som alminneleg inntekt med 22 prosent, som gir ein skatt på gevinsten i dette dømet på 9 460 kroner.