Slik fører du formuesverdien av bustad- og fritidseigedom i utlandet i skattemeldinga

Bustad- og fritidseigedom i utlandet som du eig per 31.12. i inntektsåret, skal ha ein formuesverdi i skattemeldinga di. 

Dersom du i ei tidlegare skattemelding har opplyst om ein eigedom i utlandet, mellom anna om landet eigedommen ligg i og formuesverdien, vil formuesverdien til eigedommen vere førehandsutfylt i skattemeldinga for det neste året.

Du må sjekke at den rette formuesverdien av eigedommen i utlandet står i skattemeldinga di. 

Les meir om skatteavtalane Noreg har med andre land.

Korleis du går fram for å fylle ut den norske skattemeldinga vidare kjem an på om du har betalt formuesskatt på eigedommen til utlandet, kva for eit land eigedommen ligg i og kva metode som skal brukast for å unngå dobbel skattlegging etter skatteavtalen med det aktuelle landet.

Slik gjer du det:

I skattemeldinga må du sjekke at desse opplysningane er registrerte / blir registrerte:

  • landet og adressa der eigedommen ligg
  • type eigedom (eigen fritaksbehandla/rekneskapsbehandla bustad/fritidseigedom, tomt, burett, annan eigedom)
  • marknadsverdien på overtakingstidspunktet eller kjøpesummen
  • eigardelen din i prosent
  • andelen din av formuesverdien i prosent

Dersom du endrar formuesverdien, må du oppgi årsaka.

Har du betalt formuesskatt av eigedommen og/eller inntektsskatt til landet der eigedommen ligg, må du i tillegg føre dette i skattemeldinga for at du skal kunne krevje kreditfrådrag.

Du må kunne dokumentere den endeleg fastsette og betalte skatten i utlandet dersom vi ber om det. Dersom dokumentasjonen er på eit anna språk enn nordisk, kan vi krevje at dokumentasjonen skal omsetjast til norsk eller engelsk av ein offentleg godkjend translatør.

I skattemeldinga må du sjekke at desse opplysningane er registrerte / blir registrerte:

  • landet og adressa der eigedommen ligg
  • type eigedom (eigen fritaksbehandla/rekneskapsbehandla bustad/fritidseigedom, tomt, burett, annan eigedom)
  • marknadsverdien på overtakingstidspunktet eller kjøpesummen
  • eigardelen din i prosent
  • andelen din av formuesverdien i prosent 

Dersom du endrar formuesverdien, må du oppgi årsaka.

Vi vil bruke informasjonen om kvar eigedommen ligg for å berekne rett skatt. Det betyr at eigedommen ikkje blir formuesskattlagd i Noreg, og at gjeld og gjeldsrenter vil bli reduserte for eigedommar som ligg utanfor EØS-området.

Logg inn, sjekk og lever skattemeldinga di:

Opne skattemeldinga
Viktig informasjon

Du treng ikkje å sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon viss vi ber om det.