Betale skatt til fleire land – formuesverdi av bustad- og fritidseigedom i utlandet

Så lenge du er skattemessig busett i Noreg vil formue av eigedom i utlandet som hovudregel vere skattepliktig i Noreg. Formuen kan likevel også vere skattepliktig i det landet eigedommen ligg.

Skatt betalt i utlandet

Dei fleste land, til dømes Sverige, Danmark og Italia, har ikkje formuesskatt.

Spania, Frankrike og Sveits har formuesskatt, men med andre beløpsgrenser enn i Noreg.

Dersom du har betalt formuesskatt til eit anna land i tillegg til Noreg, kan du ha krav på frådrag i den norske formuesskatten.

Korleis du unngår dobbel skattlegging, kjem an på kva land eigedommen ligg i og kva reglar som gjeld i skatteavtalen med det landet.

Den vanlegaste måten å unngå dobbel skattlegging på, er å bruke den såkalla kreditmetoden. Det vil seie at du kan krevje å få trekt formuesskatten du har betalt i utlandet ifrå den norske formuesskatten. Dette gjeld mellom anna når eigedommen ligg i Frankrike, Spania eller Sveits, eller i land Noreg ikkje har ein skatteavtale med.

Krev du frådrag i den norske skatten for skatt du har betalt i utlandet, må du føre dette i skattemeldinga di. Du må også kunne dokumentere kor mykje formuesskatt du har betalt i utlandet, dersom vi ber om det. 

Du kan ikkje krevje frådrag i norsk skatt for utanlandsk eigedomsskatt.

Døme på utanlandske skattar som ikkje gir rett til kreditfrådrag

  • Kommunal fastighetsavgift (Sverige)
  • Kiinteistövero (Finland)
  • Ejendomsværdiskat (Danmark)
  • Council Tax (Storbritannia)
  • Taxe Foncière (Frankrike)
  • Taxe d’habitation (Frankrike)
  • Taxe Professionelle (Frankrike)
  • Impuesto Bienes Inmuebles (IBI) (Spania)
  • Renta dei no Residentes (Spania)
  • Internskatten som er betalt til EU etter EU sin Protocol on the Privileges and Immunities of the European Communities artikkel 12 (tidlegare artikkel 13) av person tilsett i EU-kommisjonen.

Somme skatteavtalar bruker den såkalla fordelingsmetoden for å unngå dobbel skattlegging. Dette inneber at eigedommen ikkje blir formuesskattlagd i Noreg, og du får ikkje frådrag for eventuell skatt du har betalt i utlandet.

Sidan formue, leigeinntekter og gevinst ved sal av eigedom ikkje blir skattlagde i Noreg, kan du heller ikkje få fullt frådrag for all gjeld og alle gjeldsrenter du eventuelt har, uavhengig av om gjelda er knytt til eigedom i utlandet eller ikkje. Gjeld og gjeldsrenter blir avgrensa til den andelen som står i forhold til formuen din som blir skattlagd i Noreg.

Det er særskilde reglar viss du eig ein bustad eller fritidsbustad i eit anna EØS-land, og inntekt og gevinst er skattefrie i Noreg etter skatteavtalen med det landet bustaden eller fritidsbustaden ligg. Då får du likevel fullt frådrag for gjeldsrenter. Dette gjeld viss du har ein bustad eller fritidsbustad som ligg i Italia eller Kroatia.

Sjølv om eigedommen ikkje skal skattleggjast i Noreg, har du som skattemessig busett i Noreg likevel plikt til å gi opplysningar om formuen, eventuelle leigeinntekter og gevinst ved sal av eigedommen i den norske skattemeldinga di. Dette heng saman med at du i slike tilfelle ikkje får fullt frådrag for all gjeld og alle gjeldsrenter du har. Frådrag for gjeld og gjeldsrenter blir avgrensa forholdsmessig i forhold til den andelen av formue som knyter seg til utlandet, og som ikkje er gjenstand for skattlegging i Noreg.

Dette gjeld ikkje for eigedommar i Italia og Kroatia.