Formuesverdi av annan fast eigedom
Eig du annan fast eigedom, skal eigedommen vere oppgitt i skattemeldinga og ha ein formuesverdi.
Her får du informasjon om kva du må gjere om noko manglar eller skal endrast.
Annan fast eigedom er eit samleomgrep på eigedommar som ikkje passar inn under ein av desse eigedomstypane:
- sjølveigd bustad
- fritidseigedom
- tomt
- gardsbruk
- tilleggseigedom
- ikkje-utleigd næringseigedom
- utleigd næringseigedom
- fleirbustadbygning
Formuesverdi
For annan fast eigedom er formuesverdien 80 prosent av anten kostprisen eller marknadsverdien.
Dersom eigedommen tidlegare har hatt ein formuesverdi, har du rett til å vidareføre den verdien. Til dømes kan du få vidareført formuesverdien frå den tidlegare eigaren.
Gjeld for deg som
- eig annan fast eigedom.
Dette må du gjere
Viss noko er feil
- Viss eigedommen manglar eller har feil formuesverdi, kan du logge inn i skattekortet og retta dette.
- Du kan fjerne eigedommen frå skattekortet om du ikkje eig han.
Endringa du gjer i skattekortet gjeld berre for skattekortet i år, og endringa blir ikkje førehandsutfylt i skattemeldinga.
Eig du annan fast eigedom ved utgangen av året, skal eigedommen og formuesverdien vere oppgitt i skattemeldinga.
Du må også oppgi om eigedommen er innanfor eller utanfor inntektsgivande aktivitet. Dersom eigedommen er eit driftsmiddel i ein inntektsgivande aktivitet, skal eigedommen vere registrert som "annan fast eigedom innanfor inntektsgivande aktivitet".
Viss det manglar opplysningar
Du må logge inn i skattemeldinga og leggje til informasjon om annan fast eigedom viss dette ikkje er førehandsutfylt i skattemeldinga.
Dersom formuesverdien manglar eller er for høg
Om marknadsverdien er for høg, blir formuesverdien og grunnlaget for formuesskatten for høg.
Du kan logge inn i skattemeldinga og leggje inn marknadsverdien på eigedommen. Det er ikkje krav til takst, men du må kunne gjere greie for korleis du har komme fram til marknadsverdien dersom vi spør om det.
I skattemeldinga blir formuesverdien automatisk sett til 80 prosent av marknadsverdien.
Spesielt for deg som har
Dersom eigedommen er eit driftsmiddel i ein inntektsgivande aktivitet, skal eigedommen vere registrert som "annan fast eigedom innanfor inntektsgivande aktivitet". Då har du krav på verdsetjingsrabatt på eigedommen.
Verdsetjingsrabatten blir gitt automatisk i skattemeldinga. Les meir om verdsetjingsrabatt ved fastsetjing av formue.
Viss eigedommen ikkje lenger er annan fast eigedom, men heller kan definerast som bustad, fritidsbustad, tomt, gardsbruk, tilleggseigedom, næringseigedom eller fleirbustadbygg, må du logge inn i skattemeldinga og endre eigedomstypen.
Det gjeld eigne reglar om du har næringsbygg, bustad eller fritidsbustad som ikkje er ferdig bygd ved utgangen av året:
Eigarskifte
Tinglysing sikrar rettsvern for deg som er eigar. Det vil seie at andre ikkje kan ta pant i, eller selje eigedommen din utan lovheimel. Du er ikkje plikta til å tinglyse eigedommen.
Viss du tinglyser eigarskiftet hos Kartverket får Skatteetaten automatisk informasjon om dei tinglyste eigarforholda, og vi kan førehandsutfylle eigedommen i skattemeldinga til den rette eigaren.
Ikkje tinglyse eigarskiftet?
Viss du ikkje tinglyser eigarskiftet, må du sende inn dokumentasjon på eigarforholdet.
Dokumentasjonen må innehalde informasjon om
- kva eigedom det gjeld
- datoen eigarforholdet gjeld frå
- beløpet som eventuelt er betalt for eigedommen
- dato og underskrift av alle partane
Du kan sende inn dokumentasjonen så snart salet eller overdraginga er gjennomført, eller du kan endre eigarforholdet og leggje til dokumentasjonen i skattemeldinga.