Fordeling av lån og renter når du har lån saman med andre

Dersom du har lån saman med andre, til dømes ein ektefelle eller foreldre, bør de sjekke at lån og renter er rett fordelt mellom dykk i skattekortet og i skattemeldinga.

Gjeld dette meg?

Alle som har lån saman med andre bør sjekke at fordelinga er rett både i skattemeldinga og i skattekortet.

Dette må du gjere for å betale rett skatt.

Du får frådrag for renter på lån (gjeld). Det betyr at du betaler mindre skatt.

Slik fordeler de

De kan fordele lån og renter slik de ønskjer dersom de er 

  • ektefellar
  • To partnarar av same kjønn som registrerte partnarskapen før den nye ekteskapslova i 2008.

  • For at de skal bli rekna som meldepliktige sambuarar, må minst ein av dykk ha søkt om eller motta pensjon frå folketrygda eller til avtalefesta pensjon (AFP). I tillegg må de anten

      • ha vore gifte eller registrerte partnarar tidlegare 

    eller 

      • ha eller ha hatt felles barn

Dette gjeld uansett korleis lånet er fordelt i banken, eller kven som faktisk har betalt kva.

Det er særleg viktig å sjekke fordelinga dersom éin av dykk har låg inntekt eller pensjon. Har du låg inntekt, får du kanskje ikkje fullt ut brukt heile frådraget for rentene på lånet. Då kan det vere lurt å fordele slik at ektefellen med høgast inntekt får den største andelen av lånet og rentene på lånet, og dermed eit større frådrag.

Les meir om

Sambuarar eller andre som har lån saman, skal fordele lånet likt mellom seg med mindre de har ein annan avtale.

  • Dersom de er to som er ansvarlege for lånet, er andelen dykkar 50 prosent kvar. Er de tre, har kvar av dykk ein andel på 33,3 prosent, og så frametter.
  • Det speler inga rolle kven som faktisk har betalt rentene. Det er andelen eller eventuelt ein avtale som avgjer korleis de skal fordele.

Dette gjeld uansett kor mykje du betaler, også om du ikkje betaler noko. Dei aller fleste er medlåntakarar, ikkje kausjonistar. Det kan til dømes vere foreldre som er ansvarlege for lånet til barnet deira, sjølv om barnet betaler heile lånet. Då er foreldra vanlegvis medlåntakarar.

Dersom du er kausjonist og ikkje medlåntakar, blir du berre ansvarleg for lånet dersom låntakaren ikkje betaler, og kausjonsansvaret tar til å gjelde. Derfor får du heller ikkje frådrag for renter før du tar over ansvaret for lånet. Då får du berre frådrag for renter som har gått på etter at du tok over ansvaret for lånet.

Sjekk skattekortet og skattemeldinga

De bør ha den same fordelinga av lån og renter i skattekortet og i skattemeldinga. Har de ikkje det, kan det vere ein av dykk får restskatt. Både du og dei du har lån saman med må sjekke opplysningane i skattekortet og i skattemeldinga, og endre om fordelinga er feil. 

I skattekortet

Lån og renter er førehandsutfylte basert på det førre skatteoppgjeret. Det vil seie at skattekortet for 2025 bruker den same fordelinga som de hadde i skatteoppgjeret for 2023, som de fekk i 2024. Dersom de er to medlåntakarar, og lånet vart delt 50/50 i skatteoppgjeret for 2023, vil skattekortet også dele lånet og rentene 50/50

I skattemeldinga

Lån som du har saman med andre er fordelte likt mellom dykk. Det vil seie at om de er to personar som har eit lån saman, får de oppført 50 prosent av lånet og rentene kvar. Er de tre, får kvar av dykk oppført 33,3 prosent, og så frametter. Rentene er også fordelte likt.

 

Dersom fordelinga er feil, kan de sjølve endre i skattekortet og i skattemeldinga.

Det er to ting de må passe på: 

  1. Alle medlåntakarane må endre, slik at de til saman har 100 prosent av lånet og rentene. Reduserer du andelen din, må medlåntakaren din auke andelen sin, og motsett. 

  2. Pass på å endre både i skattekortet og i skattemeldinga. Dersom de har ulik fordeling i skattekortet og i skattemeldinga, kan ein av dykk få restskatt og den andre få skatt til gode. 

I skattemeldinga treng du berre å endre prosentandelen din, medan du i skattekortet sjølv må rekne ut og leggje inn beløpa for lånet og rentene. 

Spesielt for

Lån og renter på lån frå Statens pensjonskasse blir berre oppført på hovudlåntakaren i skattemeldinga. Andre som er ansvarlege for lånet er kausjonistar, ikkje medlåntakarar. De kan sjølve endre fordelinga av lånet i skattemeldinga.

Dersom éin av dykk ikkje er skattepliktig til Noreg, må de fordele lånet likt mellom dykk. Dette gjeld også når de er gifte.

Dersom den tidlegare partnaren din ikkje vil endre lånet og rentene på lånet i skattekortet og skattemeldinga, kan du framleis endre.

Dersom de er to som er ansvarlege for lånet, er andelen dykkar 50 prosent kvar med mindre de har laga ein annan avtale. Det speler inga rolle kven som faktisk har betalt rentene. Det er andelen eller eventuelt ein avtale som avgjer korleis de kan fordele.

Du treng ikkje dokumentere dette, men vi kan be deg om å ettersende dokumentasjon. Det kan til dømes vere ein avtale som viser fordelinga, og som er signert av alle låntakarane.