Folkefinansiering (crowdfunding)

Du må oppgi utbytte, gevinst, renteinntekter og formue frå folkefinansiering i skattemeldinga. Nokre typar gåver eller tap gir rett til frådrag.

Gjeld det meg?

Dette gjeld deg som donerer, låner ut eller investerer pengar gjennom folkefinansieringsplattformer og er skattemessig busett i Noreg.

 

Folkefinansiering, eller crowdfunding, er ein finansieringsmodell der personar, organisasjonar eller selskap kan hente inn økonomisk støtte (funding/kapital) frå mange givarar (crowd) via ei digital plattform.

Former for folkefinansiering

Donasjonsbasert folkefinansiering startar som oftast med at nokon opprettar eit folkefinansieringsprosjekt, og så kan givarar donere eit valfritt beløp. Desse prosjekta er oftast retta mot privatpersonar eller foreiningar. 

Donasjonsbasert folkefinansiering kan til dømes vere innsamlingar til

  • katastrofehjelp ved flaum og jordskjelv
  • privatpersonar ved sjukdom
  • ein tursti i eit nabolag

Spleis og Bidra er døme på norske donasjonsbaserte plattformer.

Påskjønningsbasert folkefinansiering vil typisk vere at ein givar donerer eit beløp for å hjelpe eit selskap til å finansiere eit nytt produkt.

Nokre selskap tilbyr gjerne ein rabatt på produktet dei ønskjer å produsere, ei spesiell utgåve av produktet eller andre fordelar med å donere. Kva fordelen er kjem ofte an på kva sum ein gir.

Døme på påskjønningsbaserte plattformer er Spleis, Bidra, Kickstarter og IndieGoGo.

Folkelån vil seie at mange personar eller selskap låner pengar til eit prosjekt, formidla gjennom ei folkefinansieringsplattform.

Ei vanleg form for folkelån i Noreg, er lån til eigedomsprosjekt.

Ved folkelån søkjer selskapet først om å få marknadsføre prosjektet sitt gjennom ei plattform. Plattforma gjer ein risikoanalyse av prosjektet og selskapet som står bak, og avgjer ei rente basert på risikoanalysen. Plattforma marknadsfører prosjektet og risikoanalysen, og du kan gi lån til prosjektet.

Når du låner ut pengar til prosjektet, tar du imot dei løpande renteinntektene som er bestemte av plattforma. Lånet blir i sin heilskap betalt tilbake når løpetida på prosjektet, eller delprosjektet, er slutt.

Plattforma handterer inn- og utbetalingar mellom långivaren og prosjektet, men har ikkje noko ansvar utover dette.

Døme på folkelånsplattformer er Kameo, Oblinor og Kredd.

Eit aksjeselskap kan hente inn meir pengar for å vekse, eller investere, gjennom å utferde nye aksjar som dei sjølv verdset. Selskapet lagar eit prospekt som grunngir kvifor aksjane er verde det selskapet ber om. Deretter tilbyr dei aksjane til potensielle, nye og eksisterande, investorar.

Aksjane blir selde gjennom ei folkefinansieringsplattform. Prospektet til selskapet blir delt digitalt på plattforma, slik at det når ut til mange moglege små investorar.

Denne forma for finansiering er gunstig for oppstarts- og vekstselskap, ettersom det ikkje blir stilt like høge krav som når selskapet sel aksjar på Oslo Børs eller andre tilsvarande marknadsplassar.

Døme på plattformer for aksjebasert folkefinansiering er Folkeinvest og Dealflow.

Dette må du gjere

Du må oppgi utbytte, gevinst, renteinntekter og formue i skattemeldinga.

Du kan ha rett til frådrag for donasjonar til nokre typar organisasjonar, eller når du taper pengar ved misleghald av lån.

 

Donasjonsbasert folkefinansiering blir rekna som ei gåve, og er ofte retta mot privatpersonar eller foreiningar. Du har vanlegvis ikkje krav på frådrag for slike pengegåver.

Du kan likevel få frådrag i den skattepliktige inntekta for pengegåver til visse frivillige organisasjonar og trus- og livssynssamfunn som er godkjende av Skatteetaten. For å kunne krevje frådrag må du ha gitt minimum 500 kroner til kvar organisasjon.

Påskjønningsbaserte folkefinansieringsprosjekt kan ofte bli dyrare og meir komplekse enn ein først trudde, og det kan skje at vara aldri blir levert.

Når du har investert i slike prosjekt, kan du risikere at pengane går tapt. Du vil ikkje ha krav på frådrag for tapet.

Viss prosjektet ikkje når finansieringsmålet, vil du ofte få betalt tilbake summen du har investert.

Viss du investerer gjennom internasjonale folkelånsplattformer, må du sjølv oppgi lån til prosjekt som krav eller fordringar i skattemeldinga. Du må også oppgi renteinntektene du får frå plattforma.

Viss lånet blir misleghalde og pengane går tapt, har du har rett til frådrag for tapet.

Aksjar du har kjøpt gjennom ei folkefinansieringsplattform kan gi avkastning i form av utbytte eller gevinst ved sal av aksjane. Du skal oppgi utbyttet eller gevinsten som skattepliktig inntekt i skattemeldinga.

Du skal oppgi verdien av aksjane som formue i skattemeldinga. 

Viss du har fått andre fordelar ved å investere i aksjar i selskapet, må du skatte av verdien på fordelen. Du må til dømes skatte av verdien på eventuelle rabattar du har fått.

Viss du investerer gjennom internasjonale plattformer, må du sjølv oppgi verdien av aksjar, utbytte og gevinst ved sal i skattemeldinga.

Norske folkelånsplattformer og bankar har plikt til å rapportere inn opplysningar om lån og renteinntekter til Skatteetaten. Du som investerer, har også ei sjølvstendig plikt til å sørgje for at dei rette opplysningane er oppgitte i skattemeldinga, og korrigera opplysningane dersom dei er feil.