Frådrag for kostnader til utdanning

Du får vanlegvis ikkje frådrag for kostnader til å oppnå ein viss kompetanse eller grad, som til dømes grunnutdanning, vidareutdanning eller spesialisering.

Du kan få frådrag for kostnader til å vedlikehalde utdanninga di eller halde deg oppdatert i faget, dersom du bruker utdanninga til å få inntekt.

Er du arbeidstakar, må du òg vere i eit arbeidsforhold der utdanninga er relevant for å ha rett til frådrag.

Døme:

  • Du kan få frådrag for å vedlikehalde eit flysertifikat dersom du jobbar som flygar.

Du har rett til frådrag for kostnader direkte knytte til utdanninga, som til dømes undervisningsavgift, semesteravgift, eksamensavgift og skulebøker. Desse kostnadene inngår i minstefrådraget i skattemeldinga di, dersom du vel minstefrådrag i staden for frådrag for faktiske kostnader.