Frådrag for ekstra kostnader når du jobbar i Noreg og bur i eit land utanfor EØS
Har du heimen din i eit land utanfor EØS og du arbeider i Noreg, kan det hende du har rett på frådrag for dei ekstra kostnadene du har hatt fordi du pendlar.
Det er fleire vilkår du må oppfylle for å krevje frådrag.
Desse kostnadene har du kanskje krav på frådrag for:
- mat og drikke (kost)
- overnatting (losji)
- reise
Når du er familiependlar
Har du felles bustad med ein ektefelle eller barn under 22 år i heimlandet, må du
- eige eller leie ein bustad i heimlandet som du ikkje leiger ut til andre
- vere bustadregistrert på denne adressa hos ei offentleg styresmakt / det offentlege folkeregisteret i heimlandet
- ha besøkt bustaden i heimlandet minst tre gonger per år
Det er eit vilkår at familien din blir buande i fellesheimen i heimlandet. Dersom familien din bur saman med deg i Noreg, vil du vanlegvis ikkje vere pendlar. Då kan du ikkje krevje frådrag for meirkostnader til kost, losji og reiser.
Eit unntak kan vere om både du og ektefellen din arbeider i Noreg, og begge derfor pendlar mellom ein felles pendlarbustad i Noreg og ein felles bustad i heimlandet. Les meir om vilkåra i desse tilfella i Skatte-ABC.
Når du er einsleg pendlar
Har du ikkje felles bustad med ein ektefelle eller barn under 22 år i heimlandet, må du
- eige eller leige ein bustad i heimlandet som du ikkje leiger ut til andre
- vere bustadregistrert på denne adressa hos ei offentleg styresmakt / det offentlege folkeregisteret i heimlandet
- ha besøkt bustaden i heimlandet i gjennomsnitt kvar tredje veke om du er 22 år eller eldre
- ha besøkt bustaden i heimlandet i gjennomsnitt kvar sjette veke om du er 21 år eller yngre
I tillegg må bustaden i heimlandet vere den verkelege heimen din. Den verkelege heimen din er den bustaden som er høgast rangert i oversikta under:
Om du er 22 år eller eldre:
- sjølvstendig bustad
- foreldreheimen
- usjølvstendig bustad
Om du er 21 år eller yngre:
- foreldreheimen
- sjølvstendig bustad
- usjølvstendig bustad
Dersom begge bustadene er sjølvstendige, eller begge bustadene er usjølvstendige, vil den verkelege heimen din vere den bustaden der du har hatt flest overnattingar i løpet av året.
- Foreldreheimen er ein bustad der du bur saman med ein av, eller begge, foreldra dine.
- Ein sjølvstendig bustad er ein bustad som har minst 30 kvadratmeter buareal, i tillegg til minst 20 kvadratmeter ekstra per person over 15 år som også bur der, har innlagt vatn og avløp, og du har tilgang til bustaden alle dagar i veka i ein periode på minst 12 månader.
- Ein usjølvstendig bustad er ein bustad som ikkje oppfyller vilkåra for å vere ein sjølvstendig bustad.
Frådragsvilkår
I tillegg til å oppfylle pendlarvilkåra, må du også oppfylle vilkåra for kvart enkelt frådrag for kost, losji og reisekostnader. Til dømes har du berre rett på frådrag for kost og losji i maksimalt 24 månader rekna frå det tidspunktet du først fekk frådraget. For å ha rett på frådrag for losji, er det eit vilkår at du har betalt kostnader for bustaden din i heimlandet.
Du kan vanlegvis ikkje få avstandsfrådrag etter kilometersats for reiser til land utanfor EØS. Du kan berre krevje frådrag for dokumenterte kostnader til fly, tog eller andre offentlege transportmiddel. Vi gjer unntak om du har reist med eigen bil, og du kan dokumentere det.
Du må kunne dokumentere at du oppfyller vilkåra
For å få pendlarfrådrag må du kunne dokumentere at du oppfyller vilkåra. Du treng ikkje å leggje ved dokumentasjonen når du leverer skattemeldinga, men om vi ber om det, må du sende oss
- vigselattest om du bur saman med ektefelle
- fødselsattest om du bur saman med barn under 22 år
- stadfesting frå offentleg styresmakt/folkeregister på bustadadressa di i heimlandet datert i det gjeldande året. Alle som bur på adressa skal vere oppførte i bustadstadfestinga.
- leige- eller kjøpekontrakt for bustaden din i heimlandet
- leige- eller kjøpekontrakt for pendlarbustaden din i Noreg
- planteikning, oppmåling av takstmann eller ei anna stadfesting som viser arealet på både bustaden i heimlandet og pendlarbustaden i Noreg, om dette ikkje står i leige- eller kjøpekontrakten.
- ei oversikt som viser datoane for heimreisene dine tur og retur.
- billettar eller kvitteringar som viser kostnadene du har betalt for heimreisene dine.
I tillegg må du kunne dokumentere sjølve frådraga. Til dømes må kostnader til husleige eller til eigen bustad dokumenterast med bankkvitteringar eller kontoutskrifter eller med lønnsslippar som viser at arbeidsgivaren din har trekt husleiga frå lønna di.
Du kan lese meir om reglane i Skatte-ABC.
Du kan også få rettleiing om vilkåra ved å kontakte oss.