Frådrag for ekstra kostnader når du jobbar i Noreg og bur i eit anna EØS-land

Har du heimen din i eit anna EØS-land og du arbeider i Noreg, kan det hende du har rett på frådrag for dei ekstra kostnadene du har hatt fordi du pendlar.

For at du skal kunne krevje frådrag, må krava til bustaden din i heimlandet og til kor mange besøksreiser du har til heimen, vere oppfylte.

Desse kostnadene har du kanskje krav på frådrag for:

  • mat og drikke (kost)
  • overnatting (losji)
  • reise

Krava til bustaden din i heimlandet

For å vere pendlar når heimen din er i eit anna EØS-land må du

  • eige eller leige ein bustad i heimlandet som du ikkje leiger ut til andre
  • vere bustadregistrert på denne adressa hos ei offentleg styresmakt / det offentlege folkeregisteret i heimlandet
  • ha ein sjølvstendig bustad i heimlandet

Ein sjølvstendig bustad er ein bustad som

  • har minst 30 kvadratmeter buareal, i tillegg til minst 20 kvadratmeter ekstra per person over 15 år som også bur der
  • har innlagt vatn og avløp
  • du har tilgang til alle dagar i veka i ein periode på minst 12 månader

Viss pendlarbustaden din i Noreg ikkje er ein sjølvstendig bustad, treng heller ikkje bustaden din i heimlandet å vere ein sjølvstendig bustad.

Krava til kor mange besøksreiser du må ha til heimen

Kor mange heimreiser du må ha, kjem an på kven du deler bustad med i heimlandet.

Når du er familiependlar

  • Har du felles bustad med ein ektefelle eller barn under 22 år i heimlandet, treng du ikkje reise heim i det heile. Vilkåret er at familien din blir buande i fellesheimen i heimlandet.

  • Har du familien med deg til Noreg, må du vanlegvis reise heim 4 gonger i året. Er heimen din i Sverige, Danmark eller Finland, må du vanlegvis reise heim minst 8 gonger i året.

Når du er einsleg pendlar

  • Har du ikkje felles bustad med ein ektefelle eller barn under 22 år i heimlandet, må du vanlegvis reise heim minst 4 gonger i året. Er heimen din i Sverige, Danmark eller Finland, må du vanlegvis reise heim minst 8 gonger i året.

Frådragsvilkår

I tillegg til å oppfylla pendlarvilkåra, må du også oppfylle vilkåra for kvart enkelt frådrag for kost, losji og reisekostnader. Til dømes har du berre rett på frådrag for kost og losji i maksimalt 24 månader rekna frå det tidspunktet du først får frådraget. For å ha rett på frådrag for losji, er det eit vilkår at du har betalt kostnader for bustaden din i heimlandet.

Les meir om vilkåra for frådrag for pendlarar.

Du må kunne dokumentere at du oppfyller vilkåra

For å få pendlarfrådrag må du kunne dokumentere at du oppfyller vilkåra. Du treng ikkje å leggje ved dokumentasjonen når du leverer skattemeldinga, men om vi ber om det, må du sende oss

  • vigselattest om du bur saman med ektefelle
  • fødselsattest om du bur saman med barn under 22 år
  • stadfesting frå offentleg styresmakt/folkeregister på bustadadressa di i heimlandet datert i det gjeldande året. Alle som bur på adressa må vere oppførte i bustadstadfestinga.
  • leige- eller kjøpekontrakt for bustaden din i heimlandet
  • leige- eller kjøpekontrakt for pendlarbustaden din i Noreg
  • planteikning, oppmåling av takstmann eller ei anna stadfesting som viser arealet på både bustaden i heimlandet og pendlarbustaden i Noreg, om dette ikkje står i leige- eller kjøpekontrakten
  • ei oversikt som viser datoane for heimreisene dine tur og retur.
  • billettar eller kvitteringar for heimreisene dine.

I tillegg må du kunne dokumentere sjølve frådraga. Til dømes må kostnader til husleige eller til eigen bustad dokumenterast med bankkvitteringar eller kontoutskrifter, eller med lønnsslippar som viser at arbeidsgivaren din har trekt husleiga frå lønna di.

Du kan lese meir om reglane i Skatte-ABC.

Du kan også få rettleiing om vilkåra ved å kontakte Skatteetaten.