Om frådrag for pendlarar
Dersom du må overnatte borte frå heimen din på grunn av arbeidet ditt, kan du ha krav på frådrag for dei ekstra kostnadene du har hatt til kost, losji og besøksreiser.
Det må vere ein ekstra kostnad, og kostnaden kan ikkje vere dekt av arbeidsgivaren din.
Endra reglar for pendlarar
Pendlarar som har kokemoglegheiter i pendlarbustaden, har ikkje frådragsrett for kostutgifter.
Som pendlar har du frådragsrett for meirkostnader til kost (mat og drikke) når pendlarbustaden ikkje har kokemoglegheiter. Frådragsretten gjeld i maksimalt 24 månader, rekna frå det tidspunktet du først fekk frådrag for meirkostnadene.
Tidsavgrensinga på 24 månader gjeld òg for losji (buutgifter). Det vil seie at frådragsretten for både kost og losji fell bort etter 24 månader, rekna frå det tidspunktet du først fekk frådraget.
Tidsavgrensinga på 24 månader hadde verknad frå og med inntektsåret 2020. Tidsavgrensinga blir rekna frå 01.01.2018, slik at bortfallet av frådragsretten først skjedde frå 01.01.2020.
Skiftar du kommune for både arbeidsstad og pendlarbustad, kan du få frådrag i ei ny 24-månadersperiode.
Kari jobbar i Trondheim, og bur i Oslo med familien sin. Ho byrja å jobbe i Trondheim 01.01.2019, og ho kravde frådrag for husleige (losji) for pendlarbustaden i Trondheim i skattemeldinga for 2019 og 2020.
24-månadersperioden går ut 31.12.2020
Kari kan ikkje føre frådrag for utgiftene sine til losji i skattemeldinga for 2021 eller seinare, fordi 24-månadersperioden gjekk ut 31.12.2020.
Ny jobb
Den 01.01.2023 fekk Kari jobb i Ålesund. Der skaffar ho seg ein ny pendlarbustad. Fordi ho har skifta både arbeidsstad og pendlarbustad til ein ny kommune, kan ho på nytt krevje frådrag for husleige (losji) i skattemeldinga for 2023.
Sjekk om du er pendlar og kva for nokre frådrag du har krav på
Kost og losji
Overnattar du ein annan stad enn heime på grunn av jobben din, kan du ha krav på frådrag for meirkostnader til mat (kost) og overnatting (losji) med meir. Om du eig eller leiger heimen eller pendlarbustaden din speler inga rolle i denne samanhengen. Det som speler ei rolle, er om du har meirkostnader som følgje av to hushald. Du skal føre frådraget i skattemeldinga di.
For å få frådrag for meirkostnader til overnatting (losji) må du ha fulle utgifter til to hushald. Dette vilkåret er oppfylt om du eig bustaden på heimstaden, eller du har marknadsmessige kostnader til ein leigd bustad på heimstaden. Det er òg eit vilkår at bustaden på heimstaden ikkje blir leigd ut heilt eller delvis.
Når du er pendlar og bur i foreldreheimen når du er heime, har du ikkje meirkostnader for dobbelt hushald. Då kan du som hovudregel ikkje krevje frådrag for meirkostnader til losji (pendlarbustad).
Reise
Krev du berre avstandsfrådrag etter kilometersats, kan du i 2024 få eit maksimalt frådrag på 97 000 kroner. Frådraget må reduserast med botnfrådraget på 14 950 kroner. Det gir eit maksimalt frådrag på 82 050 kroner.
Frådraget blir berekna etter reiseavstand og ein gitt sats. Satsen for 2024 er 1,76 kroner per kilometer, uansett reiselengd i året. Beløpet kan vere førehandsutfylt ut frå opplysningane i skattemeldinga frå i fjor. Du skal føre frådraget i skattemeldinga di.
Sjå dei gjeldande satsane for reisefrådrag
Berekn pendlarfrådrag for besøksreiser til heimen
Besøksreiser
Må du bu i utlandet eller borte frå heimen din i Noreg på grunn av arbeid, kan du få frådrag for dei reisekostnadene mellom pendlarbustaden og heimen din som er over 14 950 kroner, opptil 97 000 kroner.
Du får ikkje frådrag for reiseutgifter som ektefellen, sambuaren eller borna dine har til pendlarbustaden din. Frådraget gjeld berre reisene dine.
Du kan i tillegg krevje frådrag for utgifter til bom og ferje. Du får frådrag for dette når summen av desse utgiftene er høgare enn 3 300 kroner per år. Utgiftene til bom og ferje inngår i maksimumsbeløpet på 97 000 kroner.
Dersom du krev frådrag for ferjeutgifter, må du sjå til at ferjestrekninga ikkje er med i strekninga du krev avstandsfrådrag for.
Maksimalt reisefrådrag for pendlarar innanføre Noreg og frå utlandet
Det maksimale årlege frådragsbeløpet for arbeidsreiser og besøksreiser er til saman 97 000 kroner før botnfrådraget på 14 950 kroner. Dette gir eit maksimalt faktisk frådrag på 82 050 kroner. Beløpsgrensa gjeld samla for arbeidsreiser og besøksreiser både innanføre og utanføre EØS-området. Maksimumsfrådraget femnar òg kostnader til bompasseringar, ferjer og eventuelle faktiske kostnader til flyreiser.
Reglane om avstandsfrådrag gjeld ikkje for pendlarreiser til ein heim utanføre EØS-området med mindre du kan dokumentere at du har brukt privatbil til reisene. For pendlarreiser til ein heim utanføre EØS-området får du frådrag for dokumenterte utgifter til andre transportmiddel.
Dersom arbeidsgivaren din har dekt kostnadene til kost, losji eller reise, kan du ikkje på same tid krevje frådrag for desse utgiftene.
Dokumentasjonskrav
Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.
Det kan til dømes vere dokumentasjon på
- reisene dine med billett, kvittering eller liknande, der strekning, dato og namnet ditt står
- utgifter til bom, ferjer og flyreiser om du krev frådrag for dette