Er eg pendlar?

Ein pendlar er ein lønnstakar som overnattar borte på grunn av jobb. Er du pendlar, kan du ha krav på frådrag for meirkostnadene dine til kost, losji og reiser til og frå pendlarbustaden.

Sjekk om du er pendlar

Vegvisaren viser satsane og regelverket for 2024, til bruk i skattemeldinga du leverer i 2025.

Denne vegvisaren gir rettleiing og informasjon om du oppfyller vilkåra for å kunne reknast som pendlar, og viser kva du kan ha krav på i frådrag for meirkostnader til kost og losji ved pendlaropphald og for heimreiser.

Du må svare på mellom 1 og 13 spørsmål for å finne ut kva som gjeld deg. Vegvisaren tar utgangspunkt i dei vanlegaste målgruppene innan pendling, og gir generell rettleiing ut frå spørsmåla du har svart på. Fordi ikkje alle dei skattemessige forholda dine er vurderte, er informasjonen ikkje eit bindande svar frå oss. For utfyllande informasjon om regelverket for pendlarar kan du lese meir her:

Om du meiner du har krav på frådrag for pendling, må du opplyse om det i skattemeldinga di. Du kan endre skattemeldinga elektronisk eller på papir.