Rekn ut reisefrådraget for reiser mellom heim og jobb

Denne kalkulatoren reknar ut kor mykje du kan føre i reisefrådrag for reiser mellom heimen og arbeidsstaden (arbeidsreiser).

Kalkulatoren viser satsane for 2024, til bruk i skattemeldinga du leverer i 2025.

Du får frådrag for reiser mellom heimen og den faste arbeidsstaden din (arbeidsreiser) uavhengig av dei verkelege utgiftene dine eller kva for eit framkomstmiddel du bruker. Frådraget blir rekna ut etter den kortaste strekninga mellom heimen og den faste arbeidsstaden din etter faste satsar.

Rekn ut frådraget ditt

Oppgi kvar du bur og kvar du jobbar, så hjelper vi deg å finne ut om du har krav på reisefrådrag:

Sjå film

Sjå filmen som gjer greie for korleis du sjekkar om du har krav på reisefrådrag, og korleis du registrerer frådraget i skattemeldinga:

Overnattar du borte på grunn av jobb?

Overnattar du borte på grunn av jobb, kan du ha krav på pendlarfrådrag for meirkostnadene dine. Sjekk om du er pendlar og kva frådrag du kan ha krav på.

 

Treng du hjelp til skattekortet?
Då er det denne kalkulatoren du skal bruke:

Treng du hjelp til skattemeldinga?  
Då er det denne kalkulatoren du skal bruke: 

Skal du endre i tidlegare innsende skattemeldingar?

Var du eigenleg ute etter pendlarfrådragskalkulatoren?

Denne kalkulatoren gir rettleiing og informasjon om kva du kan ha krav på i frådrag for reiser mellom heimen og jobben.

Du må oppgi kvar du bur og jobbar. Utrekninga byggjer på desse opplysningane. Sidan vi ikkje har vurdert alle dei skattemessige forholda dine, er ikkje resultatet eit bindande svar frå oss. Det er ein indikasjon på kva reisefrådraget kan ha å seie for skatten din. Informasjonen du oppgir blir ikkje lagra.

Den endelege vurderinga av kva du kan få i frådrag for reiser, gjer vi når vi behandlar skattemeldinga di. Det endelege svaret på om vi har godkjent reisefrådraget ditt får du derfor i skatteoppgjeret.

Dersom du meiner du har krav på frådrag for reiser, må du opplyse om det i skattemeldinga di. Du kan endre skattemeldinga elektronisk eller på papir.

Manglar adressa di?

Kalkulatoren bruker kart og adresseregister frå Here Maps. Skatteetaten kontrollerer ikkje kartdataa. 

Korleis bruke kalkulatoren?

  1. Skriv inn adressa til der du bur. Når du byrjar å skrive, kjem det framlegg til adresser. Du kan anten skrive inn heile adressa sjølv eller velje frå lista. Gjer så det same for adressa til jobben.
  2. Skriv inn talet på dagar, og svar på spørsmålet om du oppfyller krava til frådrag for bom/ferje.
  3. Klikk på "Neste". Då får du opp avstanden tur-retur mellom heimen og arbeidsstaden og eit kart som viser vegen. Meiner du avstanden er feil, kan du klikke på "Endre avstand" og skrive inn avstanden sjølv.
  4. Har du fleire arbeidsstader, eller du har flytta i løpet av året, kan du leggje til reiseruter med å klikke på "Legg til reiserute" rett under kartet.
  5. Klikk på knappen "Rekn ut reisefrådrag" for å få reisefrådraget. Svaret ser du nedst på sida.
  6. Treng du hjelp til kva som skal skrivast i felta eller kva dei ulike tekstane i kalkulatoren betyr, kan du klikke på spørsmål-ikona i kalkulatoren.