Uføretrygd
Uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå andre ordningar blir skattlagde på same måte som lønnsinntekt.
Trygdeavgift
Satsen på trygdeavgifta for uføretrygd er den same som for lønnsinntekt. For 2024 er satsen for lønnsinntekt 7,8 prosent. For 2025 er satsen 7,7 prosent.
Minstefrådrag
Satsane og beløpsgrensene for minstefrådraget er dei same som for lønnsinntekt. For 2024 og 2025 er satsen for lønnsinntekt 46 prosent. Minstefrådraget for 2024 utgjer maksimalt 104 450 kroner. Minstefrådraget for 2025 utgjer maksimalt 92 000 kroner.
Sambuarar med uføretrygd blir skattlagde som einslege
Skattlegging som ektefellar for sambuarpar krev meldeplikt etter folketrygdlova. Frå 2015 gir ikkje skattelova lenger heimel til å skattleggje sambuarar med uføretrygd som ektefellar. Det betyr at tidlegare meldepliktige sambuarar som får uføretrygd no blir skattlagde som einslege.
Bakgrunn
Når uføretrygda blir skattlagd som lønn, blir det lettare å samanlikne og kombinere lønn og trygd. Om du jobbar ved sidan av heil eller delvis uføretrygd, blir det lettare for deg å føreseie både inntekt, skattetrekk og eventuell endring av trygdeutbetalinga. Les meir om uføretrygd på nav.no