Skattefrådrag for deg som får alderspensjon frå folketrygda eller AFP
Skattefrådraget er eit frådrag i inntektsskatten og trygdeavgifta for pensjonistar med ei samla pensjonsinntekt (bruttobeløp) opp til eit visst beløp. Stortinget fastset kvart år beløpsgrensene og kor stort skattefrådraget skal vere. I denne artikkelen har vi brukt satsane for inntektsåret 2024.
For pensjon inntil 258 400 kroner kan du få eit skattefrådrag på maksimalt 34 350 kroner. Du kan ikkje få eit høgare skattefrådrag enn summen av inntektsskatten og trygdeavgifta di. Frådraget blir mindre for pensjon over 258 400 kroner, og det fell heilt bort når pensjonen er 593 441 kroner eller meir. Tar du ut mindre enn full pensjon, eller du berre tar ut pensjon i delar av året, blir skattefrådraget og inntektsgrensene reduserte.
Kven kan få skattefrådrag?
- mottakarar av alderspensjon frå folketrygda
- mottakarar av AFP i offentleg sektor
- mottakarar av tilsvarande pensjonar frå EU/EØS-land. Med tilsvarande pensjonar meiner vi pensjon frå allmenne og pliktige pensjonsordningar som omfattar alle innbyggjarane i landet.
- mottakarar av supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg
Får du berre andre pensjonsytingar, til dømes sjømannspensjon eller særalderspensjon frå Statens pensjonskasse, får du ikkje skattefrådrag. Får du berre pensjon frå land utanfor EØS, har du ikkje rett til skattefrådrag.
Ny AFP i privat sektor gir ikkje sjølvstendig rett til skattefrådrag for pensjonsinntekt.
Slik blir skattefrådraget rekna ut
Den samla pensjonsinntekta er grunnlaget for utrekninga av skattefrådraget. Desse ytingane inngår i utgangspunktet i den samla pensjonsinntekta:
- skattepliktig pensjon i og utanfor arbeidsforhold, medrekna pensjon frå utlandet som er skattepliktig i Noreg
- pensjon frå utlandet som ikkje er skattepliktig i Noreg
- føderåd
- livrente som ledd i ei pensjonsordning i arbeidsforhold
- uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå andre ordningar
- stønad etter lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg
Har du i løpet av inntektsåret byrja å ta ut alderspensjon frå folketrygda eller AFP?
I det inntektsåret du byrjar å ta ut alderspensjon frå folketrygda eller AFP, skal pensjonsinntekt som er mottatt før uttakstidspunktet ikkje inngå i den samla pensjonsinntekta.
Har du i løpet av inntektsåret fått uføretrygd eller uføreytingar som har vorte avløyste av alderspensjon frå folketrygda då du fylte 67 år, utan at du tidlegare har tatt ut ei yting som gir rett til skattefrådrag? Då skal uføretrygd, uføreytingar og ei eventuell pensjonsinntekt som er mottatt før overgangen til alderspensjon frå folketrygda ikkje inngå i den samla pensjonsinntekta i overgangsåret.
Skattefrie ytingar som ikkje inngår i den samla pensjonsinntekta:
- kompensasjonstillegg til ny AFP i privat sektor
- ektefelletillegg frå folketrygda til mottakarar av alderspensjon og AFP når verknadstidspunktet for ektefelletillegget er før 1. januar 2011
- skattefri pensjon for dødsmånaden
Har du berre minstepensjon, sikrar frådraget at du ikkje skal betale skatt av pensjonen.
Døme på utrekning av skattefrådrag:
Pensjonist med alderspensjon på 210 000 kroner
Skattefrådraget for alderspensjon/AFP er maksimalt 34 350 kroner når du tar ut full alderspensjon for heile året og alderspensjonen/AFP ikkje er over 258 400 kroner.
Eva Hansen tar ut 100 prosent alderspensjon og er pensjonist heile året. Pensjonsinntekta er 210 000 kroner. Ho har ikkje andre inntekter.
Skatten til Eva Hansen før skattefrådraget er 19 048 kroner. Fordi ho ikkje kan få eit høgare skattefrådrag enn summen av inntektsskatten og trygdeavgifta, blir skattefrådraget hennar 19 048 kroner. Ho skal derfor ikkje betale skatt.
Pensjonist med alderspensjon på 230 000 kroner og 20 000 kroner i renteinntekter
Arne Hansen tar ut 100 prosent alderspensjon og er pensjonist heile året. Pensjonsinntekta er 230 000 kroner. Han har 20 000 kroner i renteinntekter.
Pensjonsinntekta er under 258 400 kroner. Han kan derfor få maksimalt skattefrådrag dersom skatten på pensjonen og renteinntektene er lik eller høgare enn 34 350 kroner.
Skatten til Arne Hansen før skattefrådraget er 28 713 kroner. Det maksimale skattefrådraget blir då 28 713 kroner. Skatten til Arne Hansen blir då 0 kroner.
Storleiken på skattefrådraget
Det maksimale skattefrådraget for inntektsåret er 34 350 kroner.
Skattefrådraget blir redusert etter kor stor del av alderspensjonen frå folketrygda du tar ut (pensjonsgraden). Er pensjonsgraden 40 prosent, blir skattefrådraget 40 prosent av det maksimale frådraget (sjå avsnittet under om pensjonsgrad).
Får du til dømes utbetalt 35 prosent av full AFP i offentleg sektor, blir skattefrådraget 35 prosent av det maksimale frådraget.
Skattefrådraget blir også rekna ut etter talet på månader du har fått pensjon. Har du hatt pensjon i 8 månader, får du skattefrådrag for 8 av dei 12 månadene i året.
Skattefrådraget blir redusert for pensjon over 258 400 kroner og fell heilt bort når pensjonen er 593 441 kroner eller meir.
Pensjonsgrad
Etter du har fylt 62 år, kan du sjølv avgjere kva tid du skal ta ut alderspensjon frå folketrygda. Du kan også sjølv velje kor stor del av pensjonen du vil ta ut. Den lågaste uttaksgraden er 20 prosent, deretter er det ei gradering på 40, 50, 60, 80 eller 100 prosent. Endrar du pensjonsgraden i løpet av inntektsåret, blir det rekna ut eit vekta gjennomsnitt for inntektsåret. Om du til dømes tar ut 50 prosent pensjon det første halvåret og 100 prosent pensjon det andre halvåret, blir det vekta gjennomsnittet for inntektsåret 75 prosent.
Reduksjon av skattefrådraget
Tar du ut full alderspensjon frå folketrygda eller frå ei AFP-ordning heile året og pensjonen er over 258 400 kroner, blir skattefrådraget redusert med
- 16,7 prosent av den samla pensjonsinntekta over 258 400 kroner til og med 391 550 kroner
- 6,0 prosent av den samla pensjonsinntekta som overstig 391 550 kroner
Du får ikkje skattefrådrag når den samla pensjonsinntekta er 593 441 kroner eller meir. Tar du ut gradert pensjon og/eller berre får pensjon ein del av inntektsåret, blir det maksimale skattefrådraget og beløpsgrensene reduserte tilsvarande pensjonsgraden og/eller talet på månader med pensjon.
Døme på reduksjon av skattefrådraget for ein pensjonist med alderspensjon på 270 000 kroner:
Bente Hansen tar ut 100 prosent alderspensjon og er pensjonist heile året. Pensjonen er på 270 000 kroner.
Slik blir frådraget redusert:
Maksimalt skattefrådrag (for inntekt inntil 258 400 kroner) | 34 350 kroner |
- blir redusert med (270 000– 258 400) x 16,7 % | 1 937 kroner |
= skattefrådraget til Bente | 32 413 kroner |
skatten til Bente før skattefrådraget | 35 833 kroner |
- skattefrådraget | 32 413 kroner |
= skatten til Bente | 3 420 kroner |
Døme på reduksjon av skattefrådrag for ein pensjonist med alderspensjon på 480 000 kroner:
Peder Hansen tar ut 100 prosent alderspensjon og er pensjonist heile året. Pensjonen er på 480 000 kroner. Pensjonsinntekta er over 391 550 kroner, og skattefrådraget skal derfor reduserast i to trinn.
Skattefrådraget for Peder Hansen blir rekna ut slik:
Maksimalt skattefrådrag | 34 350 kroner |
- blir redusert med (391 550 - 258 400) x 16,7 % | 22 236 kroner |
- blir redusert med (480 000 - 391 550) x 6 % | 5 307 kroner |
= skattefrådraget til Peder | 6 807 kroner |
skatten til Peder før skattefrådraget | 100 618 kroner |
- skattefrådraget | 6 807 kroner |
= skatten til Peder | 93 811 kroner |
Døme på utrekning av skattefrådrag for ein pensjonist som har tatt ut 50 prosent pensjon heile året og i tillegg har lønn
Peder Olsen tar ut 50 prosent alderspensjon frå 1. januar 2024 og held fram med å arbeide. Alderspensjonen er 150 000 kroner og lønna er 170 000 kroner.
Sidan Peder Olsen berre tar ut 50 prosent pensjon, blir det maksimale skattefrådraget hans redusert med 50 prosent til 17 175 kroner.
I tillegg skal skattefrådraget reduserast med 16,7 prosent av pensjonsinntekta mellom 258 400 kroner og 391 550 kroner. Desse beløpsgrensene blir òg reduserte i samsvar med pensjonsprosenten.
Sidan Peder Olsen tar ut 50 prosent alderspensjon, blir skattefrådraget redusert når alderspensjonen hans overstig 50 prosent av 258 400 kroner = 129 200 kroner.
Slik blir frådraget redusert:
Maksimalt skattefrådrag | 17 175 kroner |
- blir redusert med (150 000 - 129 200)x 16,7 % | 3 474 kroner |
= skattefrådraget til Peder | 13 701 kroner |
skatten til Peder før skattefrådraget | 46 854 kroner |
- skattefrådraget | 13 701 kroner |
= skatten til Peder | 33 153 kroner |
Døme på utrekning av skattefrådrag for ein alderspensjonist som tar ut 50 prosent pensjon frå 1. juli 2024 og i tillegg har lønn
Erna Olsen tar ut 50 prosent alderspensjon frå 1. juli 2024. Pensjonen er på 80 000 kroner og lønna er 210 000 kroner. Sidan Erna Olsen berre tar ut 50 prosent pensjon, skal det maksimale skattefrådraget på 34 350 kroner reduserast med 50 prosent. Det maksimale skattefrådraget for Erna Olsen blir 17 175 kroner.
Ho får berre skattefrådrag for dei månadene ho har tatt ut pensjon. Sidan ho først tok ut pensjon frå 1. juli, blir det maksimale skattefrådraget hennar 6/12-delar av 17 175 kroner, det vil seie 8 588 kroner.
I tillegg skal skattefrådraget reduserast med 16,7 prosent av pensjonsinntekt mellom 258 400 kroner og 391 550 kroner. Desse beløpsgrensene blir òg reduserte i samsvar med pensjonsprosenten.
Sidan Erna Olsen berre har tatt ut 50 prosent pensjon, skal skattefrådraget reduserast med 16,7 prosent av 50 prosent av pensjonsinntekta. For Erna Olsen skal derfor skattefrådraget reduserast når alderspensjonen overstig 50 prosent av 258 400 kroner = 129 200 kroner. Fordi ho berre har tatt ut pensjon halve året, blir beløpsgrensa på pensjonsinntekta i tillegg også redusert med 6/12-delar, dvs. 129 200 kroner x 6/12 = 64 600 kroner. Beløpsgrensa blir dermed 64 600 kroner.
Slik blir frådraget redusert:
Maksimalt skattefrådrag (50 % pensjon i eit halvt år) | 8 588 kroner |
- blir redusert med (80 000 - 64 600) x 16,7 % | 2 572 kroner |
= skattefrådraget til Erna | 6 016 kroner |
Skatten til Erna før skattefrådraget | 37 589 kroner |
- skattefrådraget | 6 016 kroner |
= skatten til Erna | 31 573 kroner |
Bruk gjerne skattekalkulatoren vår for å rekne ut skatten og skattefrådraga dine.