Pensjonistar som er skattemessig busette i utlandet

Pensjonistar som bur i eit EU/EØS-land og betalar kjeldeskatt på pensjon frå Noreg, kan velje å få skatten berekna etter dei same reglane som gjeld for personar som bur i Noreg. Vilkåret er at 90 prosent av inntekta blir skattlagd i Noreg.

Skattefrådrag

Får du alderspensjon frå folketrygda eller AFP og vel å bli skattlagd i Noreg etter dei vanlege skattereglane, kan du krevje skattefrådrag når

  • du er busett i eit EU/EØS-land
  • minst 90 prosent av bruttoinntekta di frå pensjon, lønn eller verksemd i inntektsåret er skattepliktig i Noreg. Er du gift, skal du også ta med inntekta til ektefellen din i vurderinga av kor stor del av inntekta som er skattepliktig i Noreg.
  • minst 90 prosent av den alminnelege inntekta di i inntektsåret er skattepliktig i Noreg

Skattestyresmaktene kan hente inn opplysningar om inntekts- og formuesforholda dine frå landet du bur i etter ein skatteavtale eller tilsvarande avtale.