Nyttig informasjon om skattefrådrag for ektefellar og meldepliktige sambuarar
Skattefrådraget for pensjonsinntekta blir rekna ut av den brutto pensjonsinntekta di. Frådraget blir gitt i den inntektsskatten og trygdeavgifta som blir rekna ut for kvar enkelt pensjonist.
Har du ei årleg pensjonsinntekt lågare enn 258 400 kroner i 2024 og ingen andre inntekter, vil summen av inntektsskatten og trygdeavgifta bli lågare enn det maksimale skattefrådraget. Eit ubrukt skattefrådrag kan ikkje overførast og trekkjast frå hos den andre. Men dersom de har kapitalinntekter, til dømes renteinntekter, lønner det seg å føre delar av kapitalinntektene i skattemeldinga på den av dykk som har den lågaste pensjonen.
Som ektefellar eller meldepliktige sambuarar kan de i utgangspunktet fritt fordele kapitalinntekter og kapitalutgifter mellom dykk i skattemeldinga. Dei vanlegaste kapitalinntektene og kapitalutgiftene som de kan fordele mellom dykk er
- renteinntekter og renteutgifter
- aksjeutbytte
- gevinstar eller tap ved sal
Kven er meldepliktige sambuarar?
I den skatterettslege tydinga, er meldepliktige sambuarar
- tidlegare ektefellar eller registrerte partnarar som har vorte sambuarar, der minst ein av dei har rett til pensjon frå folketrygda eller avtalefesta pensjon (AFP)
- sambuarar som har eller har hatt felles barn, der minst ein av sambuarane har rett til pensjon frå folketrygda eller avtalefesta pensjon (AFP)
Dersom begge sambuarane fekk innvilga pensjon frå folketrygda som einslege før 1. januar 1994, og dei vart sambuarar før den datoen, blir dei likevel ikkje rekna som meldepliktige sambuarar.
Korrigering av skattemeldinga
Når skattemeldinga blir førehandsutfylt, greier vi ikkje å rekne ut den mest gunstige fordelinga av kapitalinntekter og frådrag. Dersom ei anna fordeling enn den førehandsutfylte er gunstigare, må de sjølve endre fordelinga i skattemeldingane dykkar. De kan sjølve gjere ei førebels utrekning av kva skatten blir etter skattefrådrag.
Dersom de flyttar kapitalinntekter frå den som har den høgaste pensjonen eller lønna til den med den lågaste pensjonen, får den med den lågaste pensjonsinntekta utnytta det maksimale skattefrådraget. Såleis kan den samla skatten dykkar bli lågare.
Døma under bruker skattesatsane for 2024.
Døme på overføring av renteinntekter mellom ektefellar:
Tove og Per Nilsen har følgjande årleg pensjonsinntekt og kapitalinntekter. Dei tar begge ut 100 prosent alderspensjon i 12 månader.
Postar | Tove | Per |
Alderspensjon | 170 000 kroner | 300 000 kroner |
Renteinntekter | 15 000 kroner | 23 000 kroner |
Berekna skatt |
14 995 kroner |
49 699 kroner |
- skattefrådrag |
14 995 kroner |
27 403 kroner |
= Skatt |
0 kroner |
22 296 kroner |
Dersom dei flyttar Per sine renteinntekter til Tove, blir skatten slik:
Postar | Tove | Per |
Alderspensjon | 170 000 kroner | 300 000 kroner |
Renteinntekter | 38 000 kroner | 0 kroner |
Berekna skatt |
20 055 kroner |
44 638 kroner |
- maksimalt skattefrådrag |
20 055 kroner |
27 403 kroner |
= Skatt |
0 kroner |
17 235 kroner |
Tove får framleis 0 kroner i skatt etter skattefrådraget, medan Per får 5 061 kroner mindre i skatt.
I praksis blir renteinntektene reduserte med 23 000 kroner i Per si skattemelding og auka med det same beløpet i Tove si skattemelding.
Overføring av kapitalutgifter mellom ektefellar
Ved å flytta kapitalutgifter mellom dykk kan den med lågast pensjon utnytte skattefrådraget sitt betre, og dermed kan den samla skatten dykkar bli lågare. Det kan til dømes lønne seg å overføre rentefrådraga i skattemeldinga til den andre ektefellen.
Døme på overføring av rentefrådrag mellom ektefellar:
Anne og Jon Olsen har følgjande årleg pensjonsinntekt og kapitalutgifter. Dei tar begge ut 100 prosent alderspensjon i 12 månader.
Postar | Anne | Jon |
Alderspensjon | 190 000 kroner | 315 000 kroner |
Rentefrådrag | 8 800 kroner | 13 200 kroner |
Berekna skatt |
13 419 kroner |
46 399 kroner |
- skattefrådrag |
13 419 kroner |
24 898 kroner |
= Skatt |
0 kroner |
21 501 kroner |
Dersom dei flyttar Anne sitt rentefrådrag over til Jon, blir skatten slik:
Postar | Anne | Jon |
Alderspensjon | 190 000 kroner | 315 000 kroner |
- rentefrådrag | 0 kroner | 22 000 kroner |
Berekna skatt |
15 355 kroner |
44 464 kroner |
- skattefrådrag |
15 355 kroner |
24 898 kroner |
= Skatt |
0 kroner |
19 566 kroner |
Anne og Jon sparer samla 1 935 kroner.
I praksis blir rentefrådraget i Anne si skattemelding redusert med 8 800 kroner, og auka med det same beløpet i Jon si skattemelding.
Døme på overføring av kapitalutgifter når berre ein av ektefellane får alderspensjon:
Ole Jonsen har følgjande årleg pensjonsinntekt og kapitalutgifter, og Petra har følgjande lønnsinntekt. Ole tar ut 100 prosent alderspensjon i 12 månader.
Postar | Petra | Ole |
Lønn | 240 000 kroner | |
Alderspensjon | 150 000 kroner | |
Rentefrådrag | 2 200 kroner | 19 800 kroner |
Berekna skatt |
22 705 kroner |
7 650 kroner |
- skattefrådrag |
0 kroner |
7 650 kroner |
= Skatt |
22 705 kroner |
0 kroner |
Dersom dei flyttar rentefrådraget på 19 800 kroner frå Ole til Petra får dei:
Postar | Petra | Ole |
Lønn | 240 000 kroner | |
Alderspensjon | 150 000 kroner | |
Rentefrådrag | 22 000 kroner | 0 kroner |
Berekna skatt |
18 349 kroner |
8 035 kroner |
- skattefrådrag |
0 kroner |
8 035 kroner |
= Skatt |
18 349 kroner |
0 kroner |
Petra og Ole sparer samla 4 356 kroner.
I praksis blir rentefrådraget redusert med 20 000 kroner i Ole si skattemelding, og auka med det same beløpet i Petra si skattemelding.
Forholdet mellom skattefrådrag for pensjonsinntekt og udekt underskott
Har du eller ektefellen din eit udekt underskott, så kan det føre til at skattefrådraget for pensjonsinntekt ikkje kan utnyttast fullt ut hos den mottakande ektefellen.
Les meir i Skatt-ABC 2024, "Skattefradrag for pensjonsinntekt punkt S-13".
Bruk gjerne skattekalkulatoren vår for å berekne skatten og skattefrådraga dine.