Særfrådrag for lettare nedsett ervervsevne
Har du lettare nedsett ervervsevne, kan du ha krav på særfrådrag. Dette gjeld berre dei som har såpass lett nedsett ervervsevne at dei ikkje har rett til uføretrygd eller andre offentlege stønader.
Du fører særfrådraget i skattemeldinga di. Særfrådraget er 9 180 kroner per år.
Vi gjer ei samla økonomisk vurdering før vi gir særfrådrag for lettare nedsett ervervsevne. Er du gift, tar vi òg med inntekta og formuen til ektefellen din i vurderinga. Det same gjeld for registrerte partnarar og meldepliktige sambuarar. Du må kunne vise fram legeattest dersom vi ber deg om det. Du får ikkje særfrådrag dersom den samla økonomien til deg og ektefellen din er god nok til å dekkje eit vanleg livsopphald.
Vi kan til dømes gi særfrådrag etter denne regelen til dei som berre greier å vere i lønna arbeid delar av dagen. Det er ikkje eit krav at den nedsette ervervsevna har ført til uvanleg store kostnader.
Saman med andre særfrådrag
Du kan ikkje få særfrådrag for lettare nedsett ervervsevne samstundes som du får særfrådrag for store kostnader ved sjukdom.