Kjeldeskatt på pensjon – fritak etter skatteavtalar
Noreg har skatteavtalar med fleire land. Det kan vere at visse pensjonar og uføreytingar ikkje skal skattleggjast i Noreg som følgje av ein slik avtale. Du må i så fall dokumentere at du er skattemessig busett i eit anna land.
Gjeld det meg?
Gjeld for deg som
- får pensjonar og uføreytingar frå Noreg, og
- er skattemessig emigrert frå Noreg, eller aldri har vore skattemessig busett i Noreg
Gjeld ikkje for deg som flyttar frå eller til Noreg, og har skatteplikt som busett både i Noreg og i eit anna land. Sjå bustad etter skatteavtale.
Bustadsfesting (Certificate of residence)
Du dokumenterer du er busett i eit anna land med ei bustadsfesting (Certificate of residence). Bustadsfestinga får du frå skattestyresmaktene i landet der du bur. Det må gå fram av stadfestinga at du er skattemessig busett der etter skatteavtalen med Noreg.
- Stadfestinga må vere i original,
- ho må vise til skatteavtalen med Noreg, og
- ho kan ikkje vere eldre enn seks månader.
Nokre av dei mest aktuelle skatteavtalane er omtalte under. Sjå alle skatteavtalane Noreg har inngått.
Pensjonen eller uføretrygda di kan også vere fritatt frå kjeldeskatt av andre grunnar, til dømes om du ikkje har tent opp pensjonspoeng i Noreg, eller du bur i eit anna EØS-land. Meir om desse fritaka.
Skatteavtalar med andre land
Bur du i Argentina, Brasil, Bulgaria, Canada, Filippinane, Hellas, Indonesia, Kypros eller Tyskland, er alle pensjonar og uføreytingar som blir betalte ut frå Noreg skattepliktige i Noreg.
Dersom du bur i Estland, Irland, Kroatia, Bosnia-Hercegovina, Latvia, Litauen, Marokko, Russland eller Spania, skal pensjon og uføreytingar ikkje skattleggjast i Noreg.
Skatteavtalen mellom Noreg og Australia regulerer retten til å skattleggje pensjonar og uføreytingar i artiklane 17, 18 og 21.
Bur du i Australia, skal ikkje pensjon skattleggjast i Noreg når du aldri har arbeidd for ein offentleg arbeidsgivar i Noreg. Uføreytingar frå livrenter (IPA/IPS) skal heller ikkje skattleggjast i Noreg. Er du australsk statsborgar, skal pensjon knytt til tidlegare offentleg teneste ikkje skattleggjast i Noreg.
Er du ikkje australsk statsborgar, og du har arbeidd for ein offentleg arbeidsgivar i Noreg, skal den delen av pensjonen som er knytt til tidlegare offentleg teneste (inkludert den tilsvarande delen av grunnpensjonen), skattleggjast i Noreg. Dette gjeld både når pensjonen blir utbetalt frå Nav og frå andre offentlege pensjonsordningar.
Uføretrygd frå folketrygda og andre uføreytingar (med unntak av livrenter) skal skattleggjast i Noreg.
Skatteavtalen med Belgia vart endra frå 2019.
Bur du i Belgia, skal alle pensjonar, uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå andre ordningar skattleggjast i Noreg. Er du belgisk statsborgar, skal pensjon og uføreytingar knytt til tidlegare offentleg teneste ikkje skattleggjast i Noreg.
Skatteavtalen mellom Noreg og Frankrike regulerer retten til å skattleggje pensjonar og uføreytingar i artiklane 18, 19 og 22.
Bur du i Frankrike, er desse pensjonane og uføreytingane skattepliktige i Noreg:
- grunnpensjon frå folketrygda
- tilleggspensjonar som blir utbetalte av Nav
- pensjon tent opp ved arbeid i norsk offentleg teneste som blir utbetalt av andre enn Nav
- uføretrygd frå folketrygda
Desse pensjonane og uføreytingane skal ikkje skattleggjast i Noreg:
- pensjon tent opp ved arbeid i privat teneste når pensjonen blir utbetalt av andre enn Nav. Dette gjeld mellom anna pensjon frå pensjonsordningar knytte til tidlegare arbeidsforhold i privat teneste og pensjon over drift.
- pensjon som er knytt til tidlegare næringsverksemd når pensjonen blir utbetalt av andre enn Nav
- pensjon frå ei private pensjonsordning som ikkje er knytt til eit arbeidsforhold, til dømes individuell pensjonssparing
- uføreytingar frå andre ordningar enn folketrygda
Bur du i Italia, skal ikkje pensjon skattleggjast i Noreg dersom du aldri har arbeidd for ein offentleg arbeidsgivar i Noreg. Uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå andre ordningar skal heller ikkje skattleggjast i Noreg. Er du italiensk statsborgar, skal pensjon knytt til tidlegare offentleg teneste ikkje skattleggjast i Noreg.
Dersom du ikkje er italiensk statsborgar, og du har arbeidd for ein offentleg arbeidsgivar i Noreg, skal den delen av pensjonen som er knytt til tidlegare offentleg teneste (inkludert den tilsvarande delen av grunnpensjonen), skattleggjast i Noreg. Dette gjeld både når pensjonen blir betalt ut frå Nav og frå andre offentlege pensjonsordningar.
Bur du i Malaysia skal pensjon knytt til tidlegare privat teneste og livrenter ikkje skattleggjast i Noreg. Uføreytingar som er erstatning for skadar, skal heller ikkje skattleggjast i Noreg.
Andre pensjonar og uføreytingar skal skattleggjast i Noreg.
Bur du i Nederland, skal alle pensjonar, uføretrygd frå folketrygden og uføreytingar frå andre ordningar, skattleggjast i Noreg.
Dersom du budde i Nederland og hadde norsk pensjon eller uføreyting i 2013, skal pensjon frå folketrygda, pensjon eller uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og pensjon eller uføreytingar frå livrenter (IPA/IPS) ikkje skattleggjast i Noreg. Andre pensjonar og uføreytingar er skattepliktige i Noreg. Dette gjeld om du ikkje før utgangen av 2015 har meldt frå til Skatteetaten både i Noreg og Nederland om at du vil skattleggjast i Noreg for alle norske pensjonar og uføreytingar.
Dersom du bur i eit anna nordisk land, skal uføreytingar frå private og offentlege tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar (med unntak av livrenter) ikkje skattleggjast i Noreg.
Alle pensjonar, uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå livrenter (IPA/IPS) skal skattleggjast i Noreg.
Bur du i Pakistan, skal pensjonar, uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå livrenter (IPA/IPS) ikkje skattleggjast i Noreg.
Uføreytingar frå private og offentlege tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar (med unntak av livrenter) skal skattleggjast i Noreg.
Bur du i Polen, skal pensjon og uføreytingar frå private pensjonsordningar som ikkje er obligatoriske pensjonsordningar eller skattefavoriserte pensjonsordningar ikkje skattleggjast i Noreg.
Pensjonar, uføretrygd og andre uføreytingar som blir utbetalte av Nav skal skattleggjast i Noreg. Pensjonar og uføreytingar frå innskotts- og føretakspensjonsordningar og frå livrenter (IPA og IPS) skal også skattleggjast i Noreg.
Skatteavtalen mellom Noreg og Portugal regulerer retten til å skattleggje pensjonar og uføreytingar i artiklane 18, 19 og 22.
Personar med NHR-status kan også reknast som busette i Portugal dersom det blir lagt fram dokumentasjon på at dei er busette i Portugal etter artikkel 4 nr. 1 i skatteavtalen.
Bur du i Portugal, er desse pensjonane og uføreytingane skattepliktige i Noreg:
- grunnpensjon frå folketrygda
- uføretrygd frå folketrygda
- pensjon og uføreytingar knytte til tidlegare lønnsarbeid i norsk offentleg teneste når mottakaren ikkje er portugisisk statsborgar
- pensjon og uføreytingar som er knytt til tidlegare næringsverksemd
- pensjon og uføreytingar frå private pensjonsordningar som ikkje er knytte til tidlegare arbeidsforhold, og livrenter
Desse pensjonane og uføreytingane skal ikkje skattleggjast i Noreg:
- pensjon knytt til tidlegare lønnsarbeid i privat teneste. Dette gjeld både tilleggspensjon som blir utbetalt av Nav og pensjon frå private tenestepensjonsordningar og pensjon over drift.
- pensjon og uføreytingar knytte til tidlegare lønnsarbeid i norsk offentleg teneste når mottakaren er portugisisk statsborgar
- uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar
Bur du i Storbritannia, skal pensjon, uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå offentlege tenestepensjonsordningar skattleggjast i Noreg.
Uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar skal ikkje skattleggjast i Noreg. Er du britisk statsborgar, skal pensjon og uføreytingar knytt til tidlegare offentleg teneste ikkje skattleggjast i Noreg.
Budde du i Storbritannia og hadde norsk pensjon den 16. desember 2013, kunne du velje at desse typane ytingar framleis ikkje skal skattleggjast i Noreg:
- pensjon og uføretrygd frå folketrygda når ytingane ikkje er knytte til tidlegare offentleg teneste
- pensjon frå private tenestepensjonsordningar
- pensjon frå andre private pensjonsordningar
- uføreytingar frå livrenter (IPA/IPS)
Valet var endeleg, og det gjeld så lenge du har desse ytingane frå Noreg.
Bur du i Sveits, skal pensjonar knytte til tidlegare privat eller offentleg teneste skattleggjast i Noreg.
Andre pensjonar og uføreytingar skal ikkje skattleggjast i Noreg.
Skatteavtalen mellom Noreg og Thailand regulerer retten til å skattleggje pensjonar og uføreytingar i artiklane 18, 19 og 22 og 23 nr. 3e
Bur du i Thailand, skal pensjon skattleggjast i Thailand. Skattefritaket i Noreg gjeld likevel berre for den delen av pensjonen som er skattlagd i Thailand. Du kan krevje skattefritak i Noreg for den delen av pensjonen som blir skattlagd i Thailand.
Uføreytingar frå offentlege og private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar (som ikkje er livrenter), skal skattleggjast i Noreg. Uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå ei livrenteforsikring (IPA/IPS) skal skattleggjast i Thailand. Skattefritaket i Noreg gjeld likevel berre den delen av uføreytinga som er skattlagd i Thailand. Du kan krevje skattefritak i Noreg for den delen som blir skattlagd i Thailand.
For å dokumentere kor mykje av den norske pensjonen eller uføreytinga som er skattlagd i Thailand, må du sende inn “Income Tax Payment Certificate: R.O.21 og Certificate of Residence: R.O.22" frå dei thailandske skattestyresmaktene.
Søkjer du om frikort eller skattekort må du
- opplyse om kven som betaler ut pensjonen/uføreytinga
- leggje ved ei bustadstadfesting (Certificate of Residence, R.O.22) frå skattestyresmaktene i Thailand
- leggje ved ei eigenerklæring der det kjem fram
- at du vil opphalde deg i Thailand i minst 180 dagar i løpet av året
- kva beløp som vil bli oppgitt til skattlegging i Thailand i den thailandske skattemeldinga for det aktuelle året
Bur du i Tyrkia, skal pensjon knytt til tidlegare privat teneste, uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og pensjon og uføreytingar frå livrenter (IPA/IPS) ikkje skattleggjast i Noreg. Er du tyrkisk statsborgar, skal pensjon knytt til tidlegare offentleg teneste og uføreytingar frå offentlege tenestepensjonsordningar heller ikkje skattleggjast i Noreg.
Andre pensjonar og uføreytingar skal skattleggjast i Noreg.
Skatteavtalen mellom Noreg og USA regulerer retten til å skattleggje pensjon og uføreytingar frå folketrygda i artikkel 17, 18 og 19.
Bur du i USA er desse pensjonane og uføreytingane skattepliktige i Noreg:
- pensjon frå folketrygda
- uføretrygd frå folketrygda
- pensjon og uføreytingar frå offentlege tenestepensjonsordningar
- pensjon og uføreytingar frå private pensjonsordningar som ikkje er knytte til tidlegare arbeidsforhold, med unntak av individuell pensjonssparing (IPA/IPS) og andre livrenter
Desse pensjonane og uføreytingane skal ikkje skattleggjast i Noreg:
- pensjon og uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar. Dette gjeld mellom anna pensjon og uføreytingar frå pensjonsordningar knytte til tidlegare arbeidsforhold i privat teneste og pensjon over drift.
- pensjon og uføreytingar frå livrenteforsikringar, mellom anna individuell pensjonssparing som IPA og IPS
Dokumentasjon på skattemessig bustad i USA er "Form 6166 – Certification of U.S. Tax Residency" frå amerikanske skattestyresmakter.