Kjeldeskatt – Personar busette i eit EØS-land (EU/EFTA)
Er du busett i eit anna EU eller EØS-land, kan du i visse tilfelle krevje å få skatten berekna som om du var busett i Noreg. Det kan gi deg lågare skatt enn kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar.
Når minst 90 prosent av den brutto inntekta di frå pensjon, uføreytingar, lønn og verksemd er skattepliktig i Noreg, kan du krevje at skatten blir berekna etter dei vanlege skattesatsane i staden for med 15 prosent av bruttopensjonen/uføreytinga. Er du gift, skal du også ta med inntekta til ektefellen i vurderinga av kor stor del av inntekta som er skattepliktig i Noreg. Du vil då ha rett til mellom anna minstefrådrag og personfrådrag som om du var busett i Noreg.
Får du alderspensjon eller AFP, kan du også ha rett til skattefrådrag for pensjonsinntekt. Desse vilkåra må vere oppfylte:
- Minst 90 prosent av den brutto inntekta di av pensjon/uføreytingar, lønn og verksemd er skattepliktig i Noreg.
- Minst 90 prosent av den alminnelege inntekta di (inntekt etter frådrag) er skattepliktig i Noreg.
- Noreg må kunne hente inn opplysningar om inntekts- og formuesforholda dine frå bustadlandet ditt etter ein skatteavtale eller ein tilsvarande avtale.
Får du attlevandepensjon frå folketrygda, kan du også ha rett til ei nedsetjing av skatten etter dei norske reglane om skatteavgrensing ved låg alminneleg inntekt. For å få skatteavgrensing må desse vilkåra vere oppfylte:
- Minst 90 prosent av den brutto inntekta di av pensjon/uføreytingar, lønn og verksemd er skattepliktig i Noreg.
- Minst 90 prosent av den alminnelege inntekta di (inntekta etter frådrag) er skattepliktig i Noreg.
- Noreg må kunne hente inn opplysningar om inntekts- og formuesforholda dine frå bustadlandet ditt etter ein skatteavtale eller ein tilsvarande avtale.
Du kan også ha rett til frådrag for gjeldsrenter
Vilkåret er då at minst 90 prosent av alle inntektene dine (også renter og andre kapitalinntekter) er skattepliktige i Noreg.
Bur du i eit anna EU/EØS-land og er omfatta av desse reglane, kan du
- søkje om frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent
- opplyse i skattemeldinga at du krev at skatten blir berekna etter dei same reglane som gjeld for personar som bur i Noreg
Krav til dokumentasjon (busett i eit anna EU/EØS-land)
Søknad om skattekort
Når du søkjer om frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent etter reglane for personar busette i eit anna EU/EØS-land, må du
- opplyse om kven som betaler ut pensjonen/uføreytinga
- leggje ved ei oppstilling som viser kva inntekter frå pensjon/uføreytingar, arbeid og verksemd du reknar med å ha i det aktuelle inntektsåret. Er du gift, må du også ta med inntektene til ektefellen din.
- leggje ved ein kopi av den siste skattemeldinga di frå bustadlandet, og det same for ein eventuell ektefelle
Krev du frådrag for gjeldsrenter, må du i tillegg leggje ved
- ei oppstilling av dei forventa renteinntektene og kapitalinntektene dine i det aktuelle året
Krev du skattefrådrag for pensjonsinntekt for alderspensjonistar, eller du har attlevandepensjon og krev nedsettjing av skatten etter dei norske reglane om skatteavgrensing ved låg alminneleg inntekt, må du i tillegg legge ved
- ei oppstilling som viser all forventa inntekt, formue, frådrag og gjeld i Noreg og i utlandet i det aktuelle året
Opplysningar om inntekt m.m. kan du gi på skjemaet RF-1290 Skattekort kjeldeskatt på pensjon/uføreytingar – inntektsopplysningar.
Skattemelding
Når du har opplyst i skattemeldinga at du krev at skatten blir berekna etter dei same reglane som gjeld for personar som bur i Noreg, kan Skatteetaten krevje at du sender inn dokumentasjon som viser at du har rett til ei slik skatteberekning.
Krev du at skatten skal bereknast etter dei samme reglane som gjeld for personar som bur i Noreg, kan Skatteetaten krevje at du sender inn
- ei oppstilling som viser kva inntekter frå pensjon, uføreytingar, lønn og verksemd du har hatt i Noreg og i utlandet i inntektsåret. Er du gift, må du også ta med inntektene til ektefellen.
- kopi av skattemeldinga di eller tilsvarande frå bustadlandet, og det same for ein eventuell ektefelle
Krev du frådrag for gjeldsrenter, kan Skatteetaten også krevje at du sender inn
- ei oppstilling av renteinntektene og kapitalinntektene dine i Noreg og i utlandet i det aktuelle inntektsåret
- dokumentasjon på renteutgiftene i Noreg og i utlandet som er betalte i inntektsåret
Meiner du at du har rett til skattefrådrag for pensjonsinntekt for alderspensjonistar, eller du har attlevandepensjon og meiner at du har rett til nedsetjing av skatten etter dei norske reglane om skatteavgrensing ved låg alminneleg inntekt, kan Skatteetaten krevje at du sender inn
- ei oppstilling som viser all inntekt, formue, frådrag og gjeld i Noreg og i utlandet som du har hatt i inntektsåret
Opplysningar om inntekt m.m. kan du gi på skjemaet Skattemelding for person som ikkje har mottatt førehandsutfylt skattemelding (RF-1281). Skjemaet RF-1281 sender du inn som eit vedlegg til den førehandsutfylte skattemeldinga.
Dersom du har for låg inntekt i bustadlandet ditt til at du får brukt dei personlege frådraga dine der, kan du i visse tilfelle ha rett til lågare kjeldeskatt i Noreg.
Du kan krevje nedsett kjeldeskatt dersom du
- er busett i eit anna EØS-land enn Noreg, og
- du har tent opp retten til pensjonen eller uføretrygda i Noreg som følgje av rørslefridommen for arbeidstakarar innanfor EØS-området, og
- du har så låg inntekt i bustadlandet ditt at du ikkje får utnytta retten til personlege frådrag der
Rørslefridommen inneber at du må ha vore statsborgar i eitt EØS-land, men arbeidd i eit anna EØS-land då du tente opp rettane til pensjon i Noreg. Dette gjeld til dømes om du budde i eit EØS-land og arbeidde i Noreg.
Reglane gjeld ikkje nordmenn som har budd i Noreg heile livet og som flyttar til eit anna EØS-land som pensjonistar, og som får alderspensjon frå Noreg.
Slik gjer du det
Du må sjølv krevje nedsetjing av skatten. Det gjer du etter at skatten er fastsett og rekna ut i skatteoppgjeret.
Gjer greie for kvifor du meiner du har krav på nedsetjing av skatten. Du må vise at inntekta i bustadlandet er for låg til at du får utnytta retten din til personlege frådrag.
Legg også ved desse dokumenta:
- bustadstadfesting (Certificate of Residence) frå skattestyresmaktene i bustadlandet ditt, som gjeld for det inntektsåret som kravet gjeld
- dokumentasjon på at du har tent opp retten til pensjonen eller uføretrygda ved rørslefridommen for arbeidstakarar innanfor EØS-området
- kopi av skattemeldinga di eller liknande frå bustadlandet for det aktuelle inntektsåret, og det same for ein eventuell ektefelle
Du kan logge deg inn og sende kravet elektronisk, eller sende det til oss i posten:
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 OSLO
Du kan også gå inn i skattemeldinga di, leggje inn kravet som vedlegg og sende inn skattemeldinga på nytt.
Nytt skatteoppgjer
Om du oppfyller vilkåra, vil du få eit nytt skatteoppgjer der kjeldeskatten er sett ned.