Kjeldeskatt – Pensjonspoeng og pensjonsbehaldning

Har du ikkje tent opp pensjonspoeng eller opparbeidd pensjonsbehaldning i den norske folketrygda, er du ikkje skattepliktig i Noreg for pensjonar og uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar. Du er heller ikkje skattepliktig for krigspensjon.

Får du berre krigspensjon, kan du søkje om frikort. Får du også alderspensjon, kan du søkje om eit skattekort med lågare trekk enn 15 prosent.

Du må sjølv kontakte Skatteetaten for å få frikort, eller eit skattekort med lågare trekk enn 15 prosent.

Les meir om skattekort

Det er også viktig at du sjekkar at opplysningane i skattemeldinga er rette. Les meir om skattemeldinga og utfyllinga.