Hjelp til skattemeldinga for deg som betaler kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar frå Noreg

Her er aktuell informasjon for deg som betaler kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar frå Noreg.

Fristen for å levere skattemeldinga er 30. april.

Fristen for å levere skattemeldinga er 30. april

Du kan søkje om utsett frist dersom du har særlege grunnar, til dømes sjukdom eller reisefråvær, som gjer det særs vanskeleg for deg å levere skattemeldinga innan fristen.

I kva tilfelle må du levere skattemeldinga

Skattemeldinga er førehandsutfylt med opplysningar som Skatteetaten har fått frå Nav og andre som har betaler ut pensjonar og uføreytingar.

Du treng ikkje levere skattemeldinga dersom opplysningane er rette og fullstendige.

Dersom det er opplysningar som ikkje er med i skattemeldinga, må du føre dei opp slik at skattemeldinga blir rett og fullstendig.

Dersom det er opplysningar som er feil, må du korrigere desse. Det kan til dømes vere at inntekta er ført opp som skattepliktig, men du meiner ho skal vere fritatt frå kjeldeskatt. Sjølv om du tidlegare har fått heilt eller delvis skattefritak etter skatteavtalen med det landet du bur i, kan skattemeldinga likevel vere  førehandsutfylt med 15 prosent skatt på pensjonen/uføreytinga. Har du andre endringar, må du også levere skattemeldinga.

Skattemeldinga er førehandsutfylt med opplysningar som Skatteetaten har fått frå Nav og andre som betaler ut pensjonar og uføreytingar.

Har du anna inntekt og formue som er skattepliktig i Noreg, men som ikkje er førehandsutfylt i skattemeldinga, må du sjølv føre opp inntekta og formuen.

Du må også kontrollere at dei førehandsutfylte opplysningane er fullstendige og rette.

Elektronisk levering

Har du eit norsk fødselsnummer eller d-nummer, kan du få elektronisk tilgang til skattemeldinga med meir.

Sjå korleis du får deg MinID.

Du kan sjå, endre og levere skattemeldinga di, eller endre kontonummeret ditt her.

Inntekta kan vere førehandsutfylt i skattemeldinga som skattepliktig med kjeldeskatt. Dette gjeld sjølv om du har hatt frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent.

Meiner du at ein eller fleire pensjonar/uføreytingar du får er skattefrie i Noreg etter reglane i skatteavtalen, må du endre trygde- og skattemessig unntak på den eller dei pensjonane/uføreytingane frå "Skattepliktig med kjeldeskatt på pensjon" til "Ikkje skattepliktig med kjeldeskatt på pensjon".

Meiner du at berre delar av ein eller fleire pensjonar/uføreytingar du får er skattefri i Noreg etter reglane i skatteavtalen med det landet der du er busett, må du dele opp pensjonen i ein skattepliktig og ein ikkje skattepliktig del. Dette gjer du ved å opprette eit nytt kort for pensjonen i skattemeldinga di, der du legg inn beløpet som ikkje er skattepliktig til Noreg. Legg inn trygde- og skattemessig unntak "Ikkje skattepliktig med kjeldeskatt på pensjon" på denne. Deretter reduserer du beløpet i det opphavlege kortet, slik at den skattepliktige delen av pensjonen/uføreytinga står att der med trygde- og skattemessig unntak "Skattepliktig med kjeldeskatt på pensjon".

Skatteetaten kan krevje at du sender inn ei bustadstadfesting (Certificate of Residence) frå skattestyresmaktene i bustadlandet ditt som stadfestar at du er skattemessig busett der etter skatteavtalen med Noreg. Bustadstadfestinga må vere i original og ikkje eldre enn seks månader. 

Skatteetaten kan også krevje at du sender inn annan dokumentasjon når berre visse typar pensjonar/uføreytingar er skattefrie i Noreg, eller det er andre vilkår for skattefritak.

Du kan leggje ved dokumentasjon nedst i skattemeldinga di under "Andre forhold".

Om du ikkje leverer skattemeldinga og oppgir kva beløp som er skattepliktige i Noreg, blir skattemeldinga rekna for å vere godkjend av deg og levert med dei førehandsutfylte opplysningane.

Er du busett i eit EU/EØS-land, og du er skattepliktig til Noreg for minst 90 prosent av bruttoinntekta di av pensjon/uføreytingar, lønn og verksemd, kan du krevje at skatten blir berekna etter dei same reglane som gjeld for personar som bur i Noreg. Er du gift, skal du også ta med inntekta til ektefellen i vurderinga av kor stor del av inntekta som er skattepliktig i Noreg.

Er du busett i eit EU/EØS-land, og du er skattepliktig til Noreg for minst 90 prosent av den samla inntekta di, kan du krevje frådrag for gjeldsrenter. For å krevje dette i skattemeldinga går du inn på kortet med pensjonen/uføreytinga di, opnar det og hakar av for "Eg krev å bli skatteberekna som busett i Noreg".  

Skatteetaten kan krevje at du sender inn dokumentasjon som viser at du har rett til ei slik skatteberekning.

Du kan leggje ved dokumentasjon nedst i skattemeldinga di under "Andre forhold".

Meir informasjon om kva dokumentasjon Skatteetaten kan krevje at du sender inn.

Du må levere skattemeldinga og krevje at skatten blir berekna etter dei same reglane som gjeld for personar som bur i Noreg, også når du har hatt frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent.

Har du ikkje tent opp pensjonspoeng eller opparbeidd pensjonsbehaldning i den norske folketrygda, er pensjon og uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar skattefrie.

Dersom skattemeldinga inneheld pensjonar eller uføreytingar som ikkje er skattepliktige, må du endre trygde- og skattemessig unntak på den eller dei pensjonane/uføreytingane frå «Skattepliktig med kjeldeskatt på pensjon» til «Ikkje skattepliktig med kjeldeskatt på pensjon».

Dersom du ikkje leverer skattemeldinga, blir skattemeldinga rekna for å vere godkjend av deg og levert med dei førehandsutfylte opplysningane. Du vil då få 15 prosent skatt på all pensjon/uføreyting på skatteoppgjeret.

Du må levere skattemeldinga også når du har hatt frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent.

Då blir skatten på heile etterbetalinga berekna i utbetalingsåret. Skatteetaten skal sørgje for at skatten ikkje blir høgare enn om skatten på pensjonen/uføretrygda hadde vorte berekna i det eller dei åra etterbetalinga gjeld for. 

Meiner du pensjonen/uføretrygda som er etterbetalt skal vere fritatt frå kjeldeskatt, må du endre trygde- og skattemessig unntak på same måte som på pensjon/uføretrygd som ikkje er etterbetalt.

Skatteoppgjeret blir sendt til deg så snart skattemeldinga di er ferdig behandla, seinast i november.

Har du betalt for mykje skatt?

Har du betalt inn for mykje skatt, kan du få det overskytande beløpet inn på bankkontoen din. På tilgodebeløpet er det berekna ei rentegodtgjersle. Tilgodebeløp (inkludert rentegodtgjersle) under 100 kroner vil ikkje bli betalt tilbake.

Har du ikkje konto i ein norsk bank, eller du ønskjer tilgodebeløpet overført til ein konto i ein bank utanfor Noreg, ber vi deg sende inn opplysningar om

  • kontonummer (IBAN, SWIFT/BIC) og
  • namnet og adressa til banken

Opplysningane sender du skriftleg og signerte til

Skatteetaten
Statlig Skatteoppkreving
Postboks 9200 Grønland
NO-0134 OSLO

Du må leggje ved ein stadfesta kopi av pass (eller annan legitimasjon med bilete) og dokumentasjon som viser at du er eigaren av kontoen, eller at du har disposisjonsrett til kontoen.

Dersom Skatteetaten ikkje har fått opplysningar om bankkonto, kan du få eit brev frå oss der du blir bedt om å opplyse om ein bankkonto, eller stadfeste at du bur på den registrerte adressa i utlandet. Skatteetaten sender ikkje utbetalingskort til ei adresse i utlandet med mindre du har stadfesta at du bur på adressa.

Skatteetaten oppmodar deg til å velje utbetaling til bankkonto – dette gir den raskaste og sikraste utbetalinga.

Har du betalt for lite skatt?

Har du betalt for lite skatt, må du betale inn beløpet som manglar. På restskatt blir det berekna eit rentetillegg. Restskatt (inkludert rentetillegg) under kroner 100 blir ikkje kravd inn.

Tilleggsforskott

Er det trekt for lite skatt i løpet av året, kan du betale tilleggsforskott. Betaler du tilleggsforskott innan 31. mai, slepp du renter på restskatten.

Tilleggsforskott skal betalast inn til:

Kontonummer: 7694 05 24357

IBAN-nummer: NO2976940524357

BIC (SWIFT): DNBANOKKXXX