Korleis finn eg ut om eg har fått brukt det maksimale skattefrådraget?

Det maksimale skattefrådraget for 2024 er 34 350 kroner. Det gjeld alle som har fått alderspensjon frå folketrygda eller AFP heile året med ein pensjonsgrad på 100 prosent, og den samla pensjonsinntekta (medrekna tenestepensjonar og liknande) er 258 400 kroner eller lågare. Skattefrådraget kan likevel ikkje vere høgare enn summen av inntektsskatten og trygdeavgifta. Det er den delen av skattefrådraget du har brukt som visest i det førebelse skatteoppgjeret.

Har du ikkje fått brukt heile skattefrådraget?

Har du fått alderspensjon frå folketrygda eller AFP berre delar av året?

Då blir skattefrådraget mindre, avhengig av kor mange månader du har fått pensjon. Det blir òg mindre om du tar ut  mindre enn full pensjon. I artikkelen Skattefrådrag for deg som får alderspensjon frå folketrygda eller AFP kan du lese meir om korleis vi reknar ut skattefrådraget. Der finn du òg praktiske døme. 

Bruk gjerne skattekalkulatoren vår for å rekne ut skatten og skattefrådraga dine.

Når den samla årlege pensjonen din er over 258 400 kroner

Har du fått 100 prosent alderspensjon frå folketrygda eller AFP heile året, og den samla pensjonsinntekta di (inkludert tenestepensjonar og liknande) er høgare enn 258 400 kroner?

Då blir det maksimale skattefrådraget på 34 350 kroner trappa ned. Dette skjer i to trinn: 

  • Trinn 1: Frådraget blir redusert med 16,7 prosent av den pensjonsinntekta som er over 258 400 kroner
  • Trinn 2: Frådraget blir redusert med 6 prosent av den pensjonsinntekta som er over 391 550 kroner

Får du pensjon berre delar av året, blir desse beløpsgrensene òg reduserte, avhengig av kor mange månader du får pensjon. Får du mindre enn 100 prosent pensjon, blir beløpsgrensene i trinn 1 og 2 reduserte i forhold til pensjonsgraden.

Døme på korleis vi reknar ut eit nedtrappa skattefrådrag

Tenk deg at du har ei samla pensjonsinntekt i året på 350 000 kroner, får 100 prosent pensjon og har fått pensjon heile året. Då reknar vi ut det maksimale skattefrådraget ditt slik:

Maksimalt skattefrådrag for pensjonsinntekt inntil 258 400 kroner er 34 350 kroner.

Samla pensjonsinntekt

350 000 kroner

-  Beløpsgrense trinn 1

258 400 kroner

= Beløp som skal nedtrappast

 91 600 kroner

Skattefrådraget blir redusert med 16,7 % av 91 600 kroner 

15 297 kroner

Maksimalt skattefrådrag for pensjonsinntekt inntil 258 400 kroner

34 350 kroner

- nedtrappa skattefrådrag

15 297 kroner

= Det maksimale skattefrådraget ditt er

19 053 kroner

 

Bruk gjerne skattekalkulatoren vår for å berekne skatten og skattefrådraga dine.