Ektefellar kan i visse tilfelle få lågare samla skatt

Ektefellar og meldepliktige sambuarar der den eine har låg alderspensjon etter folketrygdlova eller AFP, kan i visse tilfelle få lågare samla skatt.

For å få lågare samla skatt, kan ektefellar og meldepliktige sambuarar fritt velje kven som skal føre kapitalinntekter og kapitalfrådrag i skattemeldinga si. Dette gjer de ved å flytte kapitalinntekter over til skattemeldinga til den som har lågast pensjon.

Merk! Dette betyr at de ikkje kan bruke ordninga med leveringsfritak, men må levere skattemeldingane.

Du kan få eit skattefrådrag på inntil 34 350 kroner dersom

  • du har hatt 100 prosent alderspensjon etter folketrygdlova eller 100 prosent avtalefesta pensjon i offentleg sektor i heile 2024, og
  • den samla pensjonsinntekta di i 2024 var 258 400 kroner eller mindre

Frådraget kan ikkje vere høgare enn summen av inntektsskatten og trygdeavgifta. Var pensjonen din i 2024 lågare enn 258 400 kroner og du ikkje hadde andre inntekter, blir summen av inntektsskatten og trygdeavgifta di lågare enn 34 350 kroner. Då får du ikkje brukt heile skattefrådraget.

Ektefellar kan fritt velje kven av dei som skal ta med kapitalinntekter, kapitalutgifter og visse andre frådrag i skattemeldinga si. Skatteetaten har førehandsutfylt inntektene og frådraga i skattemeldinga til den ektefellen dei er registrerte på. Vi kan ikkje føreslå ei anna fordeling i førehandsutfyllinga. Vil de endre denne fordelinga, kan de sjølve flytte inntekter og frådrag i skattemeldingane dykkar og deretter levere dei inn.

Liste over kva inntekter og frådrag som kan overførast mellom dykk.

De bør vurdere å flytte kapitalinntekter eller kapitalutgifter dersom ein eller begge er alderspensjonistar og

  • ein av dykk har så låg pensjon at han eller ho ikkje får brukt heile skattefrådraget for pensjonsinntekt og den andre har eiga inntekt eller pensjon, og
  • de har kapitalinntekter som er førehandsutfylte i skattemeldinga til den med høgast inntekt, eller kapitalutgifter som er førehandsutfylte i skattemeldinga til den med låg pensjon.

Er det maksimale skattefrådraget på 34 350 kroner høgare enn skattefrådraget som blir vist i den førebelse skatteberekninga di? Då kan det hende at de ikkje får brukt heile skattefrådraget. Her finn du meir informasjon dersom du ikkje har fått brukt heile skattefrådraget ditt.

Bruk gjerne skattekalkulatoren vår for å rekne ut skatt og skattefrådrag.