Gåver og reiser betalte av arbeidsgivaren

Arbeids- eller oppdragsgivaren din skal gi Skatteetaten opplysningar om dei skatte- og trekkpliktige ytingane du får. Dette skal stå i samanstillinga av inntekter, frådrag og trekk (årsoppgåva) som du får frå arbeidsgivaren din i januar.

Merk at sjølv om arbeidsgivaren din ikkje har gjort dette, eller du har fått ei skattepliktig yting frå andre enn arbeidsgivaren, pliktar du sjølv å føre opp verdien av det du har fått i skattemeldinga.

Er alle gåver frå arbeidsgivaren skattepliktige?

Hovudregelen er at alle ytingar med økonomisk verdi (fordelar) som du får av arbeidsgivaren din, er skattepliktige. Det gjeld anten ytinga er kontantar, gåver eller andre naturalytingar.

Det finst enkelte unntak frå skatteplikta. På visse vilkår, fastsette i ei forskrift til skattelova, er det gitt skattefritak for jubileums- og merksemdsgåver i tilsetjingsforhold når gåva er noko anna enn pengar og verdien ligg innanfor gitte beløpsgrenser. Den generelle beløpsgrensa for skattefrie gåver i arbeidsforhold er på 5 000 kroner. Merk at gåvekort som kan løysast inn i kontantar, fell utanfor skattefritaket.

Vilkåret om at gåver må bli gitt av arbeidsgivaren som ei generell ordning for dei tilsette, er oppheva. Dette gjeld for alle høve der arbeidsgivaren gir ei gåve.

Gåvereglane kan til dømes brukast til å gi dei tilsette fri telefon og/eller internett, fordel av fri bil, fordel av fri bustad, rentefordel med meir.

Les meir om dette i prinsippfråsegn av 18.11.2020 om "Hjemmekontor og skatt".

Døme

Døma tek berre for seg skattereglane.

Sjølv om gåva ikkje blir gitt av arbeidsgivaren din, vil det likevel vere skatteplikt dersom gåva har klar samanheng med arbeidsforholdet. Dersom det ikkje er sannsynleg at du hadde fått gåva dersom du ikkje hadde vore tilsett der du er, eller hadde hatt det oppdraget du har, vil gåva vanlegvis vere skattepliktig.

I utgangspunktet er alle fordelar vunne ved arbeid skattepliktige, også honorar i form av naturalytingar. Dette gjeld anten det er i eller utanfor tilsetjingsforholdet. Likevel er det eit eige skattefritak for takkegåver for ein enkeltståande arbeidsprestasjon til ein person som ikkje er tilsett i bedrifta. Dette gjeld for gåver som er noko anna enn pengar, og som har ein verdi på inntil 500 kroner. Dersom verdien på gåva er over 500 kroner, blir heile gåva skattepliktig.

I utgangspunktet er alle gåver frå arbeidsgivaren skattepliktige, men det er unntak for jubileums- og merksemdsgåver. For at ei slik gåve skal vere skattefri, må gåva vere noko anna enn pengar, og skattefritaket gjeld berre for verdiar inntil 4 000 kroner. Når kollegaen din fyller 50 år (eller 60, 70, 75 eller 80 år), kan hen derfor få ei slik gåve skattefritt.

For andre gåver i arbeidsforhold (til dømes julegåver, sommargåver, gåvekort som ikkje kan innløysast i kontantar med meir) er beløpsgrensa 5 000 kroner per år. Føresetnaden er at gåva er noko anna enn eit pengebeløp. Utgjer verdien av gåva meir enn 5 000 kroner, vil det overskytande beløpet vere skattepliktig.

Merksemdsgåver av bagatellmessig verdi, til dømes blomar, konfekt, ei rimeleg vinflaske eller liknande, er skattefrie.

Har du fått lønn eller anna arbeidsvederlag, og samla vederlag frå den same oppdragsgivaren er maksimalt 1 000 kroner i løpet av året, er beløpet skattefritt og skal ikkje førast i skattemeldinga. Dette gjeld likevel ikkje viss vederlaget er verksemdsinntekt for deg. Då skal heile beløpet inngå i inntektsgrunnlaget i næringsverksemda.

Dersom du opparbeider bonuspoeng gjennom tenestereiser eller andre reiser i yrket ditt, og du bruker desse privat, er dette skattepliktig inntekt på lik linje med anna inntekt. Grunngivinga er at alle fordelar vunne ved arbeid eller verksemd er skattepliktig inntekt. Så lenge det er arbeidsforholdet som er årsaka til at du oppnår fordelen, speler det inga rolle for skatteplikta om du ikkje får fordelen direkte, til dømes av arbeidsgivaren din.

Jo. Du har ei sjølvstendig plikt til å føre opp verdien av alle skattepliktige ytingar i skattemeldinga di, dersom det er noko som ikkje er rapportert. Verdien av bonuspoeng du har brukt privat skal normalt fastsetjast til kva det ville ha kosta deg å kjøpe tenesta eller vara sjølv. Du skal føre beløpet i skattemeldinga di. 

Jo. Deltaking på ikkje-faglege aktivitetar betalte av andre enn arbeidsgivaren, vil vanlegvis vere skattepliktig for deltakaren. Om det er forventa at ein deltar, eller bedrifta definerer det som viktig at ein av dei tilsette i bedrifta er synleg eller liknande, påverkar normalt ikkje vurderinga av skatteplikta.

For meir informasjon, sjå Skatte-ABC og emnet "Studiereise, kongressdeltakelse".

Dersom du har med ektefellen din og/eller barn på fellesarrangement for dei tilsette i bedrifta, til dømes på hotellopphald med inntil to overnattingar, kan dette etter forholda vere fritatt for skattlegging etter reglane om rimeleg velferdstiltak i arbeidsforhold. Er ektefellen din med på tenestereise, vil deltakinga hans vere skattepliktig som lønn for deg viss utgiftene er dekte av arbeidsgivaren din.

For meir informasjon, sjå Skatt-ABC og emnet "Velferdstiltak".

Nei. Sjølv om har blir tildelt slike oppgåver blir dette framleis rekna som ei feriereise for han. Dekninga av private kostnader er dermed skattepliktig.

Viss reisa skal bli godtatt som ei reise i tenesta eller yrket, slik at utgiftsdekninga ikkje skal vere skattepliktig for deltakarane, må føremålet med reisa vera hovudsakleg fagleg eller tenestleg grunngitt. Ut frå dei opplysningane du gir, ser dette ut til å vere ei reise av meir feriemessig karakter enn fagleg karakter. Reisa blir derfor skattepliktig.

Det særskilde skattefritaket som gjeld for rimeleg velferdstiltak føreset både at tiltaket kan karakteriserast som eit velferdstiltak, og at tiltaket er rimeleg og vanleg i arbeidslivet.

Eit sosialt arrangement som blir kombinert med kortare opphald på hotell, kan reknast som velferdstiltak. Dette gjeld opphald med inntil to overnattingar.

I tilfelle der opphaldet varer lenger enn to overnattingar, kan ein del av opphaldet, avgrensa til to overnattingar, blir rekna som velferdstiltak. Når arbeidsgivaren dekkjer kostnadene utover opphaldet på to overnattingar, skal dette behandlast som lønn, eventuelt etter reglane om skattefri gåve.

Eit opphald utover to overnattingar er dermed skattepliktig for den tilsette, og arbeidsgivaren skal berekne arbeidsgivaravgift av beløpet.

For meir informasjon, sjå Skatt-ABC og emnet "Velferdstiltak".

Nei. Dette utløyser skatteplikt for deltakarane og plikt til å berekne arbeidsgivaravgift. Ordninga med skattefrie velferdstiltak omfattar ikkje føretak utan tilsette eller føretak med ein eller fleire tilsette som til saman ikkje har arbeidstid og lønn som svarer til éi full stilling i føretaket. Ordninga omfattar heller ikkje aksjeselskap med éin aksjonær og der aksjonæren er den einaste tilsette i selskapet.

For meir informasjon, sjå Skatt-ABC og emnet "Velferdstiltak".