Feriepengar
Feriepengar er skattepliktig inntekt det året dei blir utbetalte. Dei er berre trekkfrie (det blir ikkje trekt skatt) dersom dei blir utbetalte året etter oppteningsåret, og på visse vilkår.
Feriepenger og skatt
Feriepengane er alltid skattepliktig inntekt, og med i grunnlaget for berekninga av skatten for inntektsåret. Skattekortet er likevel justert slik at det blir trekt litt meir skatt av dei vanlege lønningane resten av året, slik at det ikkje blir trekt skatt av feriepengane.
Feriepengane blir opptente året før ferien blir avvikla. Feriepengane skal vere minimum 10,2 prosent av lønna i oppteningsåret (12 prosent om du har fem veker ferie). Arbeidstakarar over 60 år har rett på minimum 12,5 prosent (14,3 prosent ved seks veker ferie).
Grunnlaget for feriepengar er står på lønnsslippen for oppteningsåret.
Dersom du får feriepengane utbetalte i oppteningsåret, blir du trekt i skatt. Her finn du meir informasjon kva arbeidsgivaren din skal gjere og kva som er trekkfritt og trekkpliktig.
Hugs å sjekke skattekortet slik at du slepp restskatt.
Når du er privat arbeidsgivar
Lønn for einskilde oppdrag gir ikkje grunnlag for feriepengar. Er arbeidet gjort i eit arbeidsforhold, har arbeidstakaren krav på feriepengar. Alt om utrekning av feriepengar og trekk i lønn for feriepengar finn du i a-meldinga.
Du finn meir informasjon om reglane for ferie og feriepengar hos Arbeidstilsynet.