A-meldinga

A-meldinga er ei månadleg melding frå arbeidsgivar til NAV, SSB og Skatteetaten om dei tilsette si lønn, arbeidsforhold og forskotstrekk, i tillegg til arbeidsgivaravgift og finansskatt for verksemda.

Kven har opplysningsplikt og må levere a-melding

Alle som har tilsette, eller betaler ut lønn, pensjon eller andre ytingar, skal levere a-melding. Dersom du har tilsette, eller betaler ut lønn, pensjonar eller andre ytingar, har du opplysningsplikt i a-ordninga og skal levere a-melding.

A-meldinga inneheld opplysningar om lønn og ytingar, i tillegg til status på alle arbeidsforhold.

Når skal du sende inn a-melding

Når dei samla lønnsutbetalingane til ein person i løpet av året er høgare enn beløpsgrensa for skattefri inntekt, skal du sende a-melding.

Viktig informasjon

Beløpsgrenser for skattefri inntekt per år:

  • til og med inntektsåret 2024: 1 000 kroner
  • frå og med inntektsåret 2025: 2 000 kroner

A-meldinga leverer du elektronisk den 5. i kvar månad. Dersom den 5. er ei helg eller ein helgedag, er fristen første yrkedagen etter. Lønn og anna inntekt skal leverast i a-meldinga for den månaden utbetalinga er gjort. Forskotstrekk skal givast opp for den månaden trekket er utført. Du skal levere opplysningar om arbeidsforholdet kvar månad til og med den månaden den tilsette sluttar.

Dersom du har trekt skatt av lønn som er friteken for rapportering, må du likevel sende inn a-melding. Du skal rapportere forskotstrekket, men ikkje lønna.

Levering av a-melding

Her finn du ei rettleiing om korleis du leverer a-meldinga 

Når du leverer, får du med det same ei tilbakemelding med informasjon om kundeidentifikasjonsnummer (KID) og kontonummer for innbetaling av skatten (forskotstrekk).

Samanstilling til den tilsette

Kvart år innan 1. februar skal arbeidsgivarar gi ei årleg samanstilling til dei tilsette over lønn og ytingar, frådrag og trekk som er rapporterte for året før. Samanstillinga kan den tilsette bruke til å kontrollere opplysningane som er på skattemeldinga.

Viss du leverer a-melding for lønna arbeid i heimen, er du friteken frå å levere ei årleg samanstilling/årsoppgåve til den tilsette.

Forenkla a-melding for lønna arbeid i heimen

Dersom lønnsutbetalingane gjeld arbeid knytt til heim eller fritidsbustad med deg som arbeidsgivaren, kan du bruke Forenkla a-melding for lønna arbeid i heimen. Meldinga må du sende når lønnsutbetalingane til den tilsette overstig 6000 kroner. Meldinga fyller du ut for kvar lønnsutbetaling. Dersom du har trekt skatt av lønn som er friteken for rapportering, må du likevel sende ei melding. Du rapporterer då forskotstrekket, men ikkje lønna.

Den tilsette skal ha ei utskrift av ein lønnsslipp ved kvar utbetaling. Summen av alle meldingar/lønnsslippar erstattar ei årleg samanstilling, så den tilsette må ta vare på meldinga(ne) for å kontrollere skattemeldinga.

Du finn meir informasjon i "Lønnsarbeid i heimen" og "Betalt barnepass".