Fritidsfiske
Viss du fiskar på fritida, kan du selje fisken og tene inntil ei beløpsgrense skattefritt. Tener du meir enn beløpsgrensa, kan du få frådrag for somme av kostnadene du har hatt knytt til den skattepliktige inntekta.
Gjeld det meg?
Dette gjeld deg som sel fisk, til dømes gjennom eit fiskesalslag (fiskemottak) eller direkte til kundar.
Frådrag for kostnader
Inntekt over beløpsgrensa for skattefritt sal av hage- og naturprodukt er skattepliktig.
Beløpsgrenser for skattefritt sal av hage- og naturprodukt som kan haustast fritt:
- til og med inntektsåret 2024: 4 000 kroner
- frå og med inntektsåret 2025: 10 000 kroner
Du kan få frådrag for nokre av kostnadane som er knytte til fisket av den fangsten du har selt. Det kan til dømes vere
- kjøp av agn og drivstoff til båten du bruker
- avgifter til fiskesalslag
Du får ikkje frådrag for faste kostnader til båten, som forsikring, vedlikehald og verditap på grunn av slitasje eller alder. Du får heller ikkje frådrag for kostnader til fiskereiskap eller utstyr til båten, som fiskestong, linehalar, båtlykt og liknande. Slike kostnader inngår i minstefrådraget.
Sidan inntekt innanfor beløpsgrensa er skattefri, får du ikkje frådrag for kostnader som er knytte til den delen av inntekta.
Per sel fisk og tener 6 000 kroner. Han har også kostnader på 3 000 kroner.
Døme
Inntekt 6 000 kroner
- kostnader 3 000 kroner
= inntekt fråtrekt kostnader 3 000 kroner
Den skattefrie inntekta på 4 000 (2024) kroner blir så trekt frå automatisk.
Sidan inntekt fråtrekt kostnader er lågare enn grensa for skattefri inntekt på 4 000 kroner, blir den skattepliktige inntekta 0 kroner.
Per sel fisk og tener 13 000 kroner. Han har også kostnader på 3 000 kroner.
Inntekt 13 000 kroner
- kostnader 3 000 kroner
= inntekt fråtrekt kostnader 10 000 kroner
Den skattefrie inntekta på 4 000 kroner blir så trekt frå automatisk.
Inntekt fråtrekt kostnader 10 000 kroner
- skattefri inntekt (2024) 4 000 kroner
= skattepliktig inntekt 6 000 kroner
Dette må du gjere
Viss du tener meir enn beløpsgrensa for skattefritt sal av hage- og naturprodukt som kan haustast fritt, må du oppgi inntekta i skattemeldinga di. Korleis du skal oppgi inntekta frå fisket er avhengig av om du sel gjennom fiskesalslag eller direkte til kundar.
Fiskesalslaget rapporterer inntekta til Skatteetaten, så ho er vanlegvis førehandsutfylt i skattemeldinga di.
Viss du har hatt kostnader knytte til dette fisket, kan du trekkje frå desse kostnadene i det førehandsutfylte beløpet og føre opp nytt beløp i skattemeldinga di.
Det skattefrie beløpet for skattefritt sal av hage- og naturprodukt blir trekt frå automatisk.
Døme for 2024
Du sel fisk for 20 000 kroner gjennom eit fiskesalslag. Du har hatt kostnader på 9 000 kroner til agn, drivstoff og avgifter til fiskesalslaget. Du har også hatt kostnader til fiskereiskapar.
Førehandsutfylt inntekt i skattemeldinga 20 000 kroner
- kostnader til agn med meir 9 000 kroner
- kostnader til fiskereiskapar 0 kroner
(inngår i minstefrådraget)
= inntekt fråtrekt kostnader 11 000 kroner
Inntekt fråtrekt kostnader 11 000 kroner
- skattefritt beløp (2024) 4 000 kroner
(blir trekt frå automatisk)
= skattepliktig inntekt (2024) 7 000 kroner
Når du sel fisk direkte til kundar, er inntekta ikkje førehandsutfylt i skattemeldinga di. Du må derfor føre opp denne inntekta i skattemeldinga.
Viss du har hatt kostnader knytte til dette fisket, kan du trekkje frå desse kostnadene når du fører opp inntekta.
Det skattefrie beløpet for skattefritt sal av hage- og naturproduktordforklaring blir trekt frå automatisk.
Døme
Du sel fisk for 20 000 kroner direkte til kundar. Du har hatt kostnader på 9 000 kroner til agn og drivstoff. Du har også hatt kostnader til fiskereiskapar.
Inntekt 20 000 kroner
- kostnader til agn med meir 9 000 kroner
- kostnader til fiskereiskapar 0 kroner
(inngår i minstefrådraget)
= inntekt fråtrekt kostnader 11 000 kroner
Inntekt fråtrekt kostnader 11 000 kroner
- skattefritt beløp (2024) 4 000 kroner
(blir trekt frå automatisk)
= skattepliktig inntekt (2024) 7 000 kroner
Viss du sel fisk både gjennom fiskesalslag og direkte til kundar, vil inntekta frå fiskesalslaget vanlegvis vere rapportert inn og førehandsutfylt i skattemeldinga di. Du må leggje til inntekt frå sal direkte til kundar.
Viss du har hatt kostnader knytte til dette fisket, kan du trekkje frå desse kostnadene i det førehandsutfylte beløpet og føre opp nytt beløp i skattemeldinga di.
Det skattefrie beløpet for salg av hage- og naturprodukter blir trekt frå automatisk.
Døme for 2024
Du sel fisk for 10 000 kroner gjennom fiskesalslag og for 5 000 kroner direkte til kundar. Du har hatt kostnader på 3 000 kroner til agn, drivstoff og avgifter til fiskesalslaget. Du har også hatt kostnader til fiskereiskapar.
Førehandsutfylt inntekt i skattemeldinga 10 000 kroner
- kostnader til agn med meir 3 000 kroner
- kostnader til fiskereiskapar 0 kroner
(inngår i minstefrådraget)
= inntekt frå sal gjennom
fiskesalslag fråtrekt kostnader 7 000 kroner
Inntekt frå sal gjennom
fiskesalslag fråtrekt kostnader 7 000 kroner
+ inntekt frå sal direkte til kundar 5 000 kroner
- skattefritt beløp (2024) 4 000 kroner
(blir trekt frå automatisk)
= skattepliktig inntekt (2024) 8 000 kroner
Spesielt for deg som
Reglane om skattefri inntekt opp til beløpsgrensa gjeld også ved sal av andre hage- og naturprodukt, som bær, sopp og liknande, utanfor næringsverksemd.
Viss du sel fisk frå fritidsfiske over tid og går med overskott, må du vurdere om du driv næring. Er eg næringsdrivande?
Dokumentasjon
Du må ta vare på vedlegg og annan dokumentasjon, men du treng ikkje å leggje ved noko i skattemeldinga. Viss Skatteetaten treng fleire opplysningar, kontaktar vi deg.