Næring på Svalbard

Selskap som driv næring på Svalbard, skal som hovudregel skatte til Svalbard. 

Næringsverksemd på Svalbard blir skattlagd etter dei same reglane som på fastlandet.

Gjeld det meg?

Dette gjeld for deg som bur på Svalbard og driv verksemd. Det gjeld også viss du bur på fastlandet og driv verksemd på Svalbard. 

Hovudreglar for ENK og AS på Svalbard

For enkeltpersonføretak (ENK)

Driv du eit enkeltpersonføretak og oppheld deg over 30 samanhengande dagar på Svalbard, skal du skatte til Svalbard for perioden du oppheld deg der.  

Dersom du oppheld deg kortare enn 30 dagar samanhengande på Svalbard, skal du skatte til fastlandet.  

For Svalbard-selskap (AS) 

Selskap som er heimehøyrande på Svalbard er skattepliktige til Svalbard. Eit selskap blir rekna som heimehøyrande på Svalbard dersom det har kontor på Svalbard og selskapet blir leidd derfrå. 

Dersom slike selskap tar oppdrag på fastlandet eller i utlandet, skal verksemda skatte til det landet der oppdraget blir utført.   

Den delen av inntekta som ikkje er skattlagd i eit anna land eller fastlands-Noreg, skal skattleggjast på Svalbard. 

For fastlandsselskap med verksemd på Svalbard (AS) 

Eit selskap på fastlandet som tar oppdrag på Svalbard blir skattepliktig for denne inntekta dersom oppdraget varer samanhengande over 30 dagar.  

Dersom fastlandsselskapet har tilsette som jobbar på heimekontor frå Svalbard, må du vurdere om selskapet driv verksemd på Svalbard i tillegg til fastlandet. For at eit selskap skal drive verksemd på Svalbard må Svalbard-verksemda vare samanhengande i 30 dagar eller meir, bli driven for eiga rekning og risiko, ha eit visst omfang, og vere eigna til å gå med overskott over tid. Slike verksemder vil vere skattepliktige til Svalbard. 

Merk at 30-dagarsregelen gjeld både for selskapet og for personar. Desse skal vurderast separat. Eit selskap vil vera skattepliktig til Svalbard dersom dei har verksemd på Svalbard i over 30 dagar samanhengande. Dette vil ikkje nødvendigvis innebere at dei tilsette blir skattepliktige til Svalbard.  

Personar som blir skattlagde til Svalbard vil også følgje 30-dagarsregelen: Informasjon om skattlegging av personar på Svalbard

Dette må du gjere

Viss næringsverksemda er skattepliktig til Svalbard må du fordele resultatet til Svalbard i skattemeldinga. 

Dette blir gjort i næringsspesifikasjonen under "Fordelt berekna næringsinntekt".  

Dokumentasjon

Selskap som har verksemd både på fastlands-Noreg og Svalbard må dokumentere aktiviteten på Svalbard.

Hugs å leggje ved eit vedlegg til skattemeldinga som viser fordelinga av resultat mellom fastlandet og Svalbard. Brevet eller notatet bør innehalde informasjon om:  

  • inntekter som er skattepliktige til Svalbard
  • kostnader som gir rett til frådrag på Svalbard 

Utdrag av prosjektrekneskap for verksemd på Svalbard kan brukast, men dette er ikkje eit krav.   

Spesielt for deg som

Viss du er busett på Svalbard med eit enkeltpersonføretak og tar eit oppdrag på fastlandet, vil oppdraget som hovudregel vere skattepliktig til fastlandet. Merk at dette kan utløyse andre plikter som meirverdiavgift og arbeidsgivaravgift.

Dersom eit Svalbard-selskap har inntekt som er skattepliktig til eit anna land, skal verksemda skattleggjast der. Viss inntekta ikkje er skattepliktig i landet ho er opparbeidd, skal inntekta skattleggjast på Svalbard.

Viss du driv verksemd i fast eigedom, som til dømes utleige av eigedom, skal inntekta skattleggjast der den faste eigedommen er. Det same gjeld for sal av eigedom.  

Døme 

For eit fastlandsselskap som driv utleige av bustad eller eigedom på Svalbard skal inntektene skattleggjast til Svalbard, same kor lenge utleiga har gått føre seg.  

Dersom du sel for meir enn 50 000 kroner til fastlandet kan du vere momspliktig. Meir om meirverdiavgift og korleis du kan registrere deg i Meirverdiavgiftsregisteret.

Datoar og fristar

Skattemeldinga for næringsdrivande skal leverast elektronisk innan 31. mai.