Tilgang til skatteforholda for ein person som er død
Når du skal sjå eller endre skatteforholda for ein person som er død, kan du logge inn på nettsidene våre.
Om de er fleire arvingar, må de gi éin arving tilgang til å gjere endringar.
Sjå skatteopplysningar
Alle som har tatt på seg ansvaret for dødsbuet får automatisk innsyn i skatteopplysningane til den avdøde.
Endre skatteopplysningar
Om du er den einaste arvingen får du automatisk dei tilgangane du treng for å handtere dødsbuet.
For å endre og sende inn skattemeldinga digitalt, og for å endre kontonummeret for dødsbuet, må de velje ein person som skiftefullmektig for skatt.
Slik gjer de det:
- Om du skal vere skiftefullmektig, må dei andre arvingane gi deg fullmakt. Du treng ikkje å gjere noko sjølv.
- Om du skal gi fullmakt i dødsbuet til ein annan, gjer du dette ved å logge inn, velje namnet til den avdøde og registrere kven du ønskjer å gi fullmakt til.
Dette skjer etterpå:
Når det er oppretta skiftefullmakt for skatt, sender vi e-post eller SMS til personen som har fått fullmakta og til dei som har gitt fullmakta.
Fullmakta gjeld berre for skatteforholda til den avdøde, og varer i tre år frå ho er gitt. De kan trekkje fullmakta tilbake kva tid som helst.
Skiftefullmakter på papir
Skatteetaten har ikkje informasjon om eventuelle skiftefullmakter de har gitt på papir. Vi kan heller ikkje gi digital tilgang basert på papirfullmakter.