Få tilgang til andre sine skatteforhold
Du kan få tilgang til andre sine skatteforhold, slik at du kan hjelpe dei med mellom anna skattekort, skattemeldingar og skatteoppgjer.
Når personen kan gi deg tilgangen sjølv
Personen du skal hjelpe med skatten, kan gi deg tilgangen sjølv. Dette gjeld både når du som privatperson skal ha tilgang, eller når du som er rekneskapsførar, revisor eller rådgivar treng tilgang til skatteforholda til ein av klientane dine.
Du kan be personen du skal hjelpe om å følgje denne oppskrifta:
Når personen ikkje kan gi deg tilgangen sjølv
I nokre tilfelle kan ikkje personen du skal hjelpe gi deg tilgangen sjølv, til dømes fordi hen ikkje har elektronisk ID eller ikkje får det til.
Kva du må gjere då, kjem an på om du må leggje fram ei skriftleg fullmakt eller ikkje.
Vel det som gjeld deg:
Profesjonelle aktørar som kan representere ein klient utan å leggje fram ei skriftleg fullmakt, kan sende inn ei eigenerklæring for å få tilgang til skatteforholda til klientane sine.
Dette gjeld hovudsakleg advokatar, revisorar og autoriserte rekneskapsførarar.
Du må leggje ved ei skriftleg fullmakt frå personen du søkjer om tilgang for, og ein kopi av gyldig legitimasjon for denne personen.
Legg fram fullmakt og søk om tilgang
Viss du er verje for tenesteområdet «skatt», har du automatisk tilgang til skatteforholda til personen du er verje for (verjehavaren). Du kan velje å representere personen du er verje for når du loggar inn på Min skatt.
Du skal ikkje sende inn dokumentasjon til Skatteetaten. Statens sivilrettsforvaltning overfører dei nødvendige opplysningane til Skatteetaten.
Viss du treng tilgang til skatteforholda til personen du er verje for og manglar tenesteområdet "skatt", må du sende inn skjemaet Endring i digital verjefullmakt.
Du kan ikkje få digital tilgang.
For å få tilsendt skattemeldinga eller skatteoppgjeret må du kontakte oss, Framtidsfullmakta må liggje ved førespurnaden.
Vi hentar informasjon om kven som er arvingar i eit dødsbu frå skifteattesten. Skifteattesten må derfor vere klar før du får tilgang til skatteopplysningane.
Dersom du har tatt på deg ansvaret for eit dødsbu, får du automatisk tilgang til skatteopplysningane til den avdøde ved å logge inn på nettsidene våre.
Slik får du tilgang til skatteforholda til den avdøde
Dersom de er fleire arvingar, kan de velje éin skiftefullmektig for skatteforholda til den avdøde. Den som har fullmakt, kan mellom anna endra skattemeldinga til den avdøde.