Opphaldsløyvet ditt avgjer om du blir automatisk busett i Noreg
Informasjonen gjeld for deg som er innvilga opphaldsløyve av UDI på minst 6 månader.
Når du får eit opphaldsløyve på minst 6 månader, vil UDI sende ei melding til Folkeregisteret om det. Du kan då bli automatisk registrert som busett i Noreg, og få eit fødselsnummer.
Typen opphaldsløyve du har, avgjer om du blir automatisk registrert som busett i Noreg og får eit fødselsnummer. Døme på ulike typar opphaldsløyve er løyve til å studere, å arbeide eller gjenforeining med ein familiemedlem.
Dersom du har fått eit opphaldsløyve som ikkje gjer at du blir automatisk busett i Noreg, vil du få eit d-nummer.
Om du har fått d-nummer og skal opphalde deg i Noreg i minst 6 månader samanhengande, må du sjølv melde flytting til Noreg.
Du skal ikkje melde flytting til Noreg om du har eit opphaldsløyve etter
- utlendingslova § 57, som er eit opphaldsløyve du har medan du ventar på behandling av søknaden din om opphaldsløyve
- utlendingslova § 74, som er eit opphaldsløyve du har fordi du er verna mot utsending frå Noreg
- utlendingsforskrifta § 6-5, som er eit opphaldsløyve du har fordi du er russisk grensependlar
Slik melder du flytting om du har fått d-nummer
Dersom du melder flytting innan 30 dagar frå d-nummeret vart tildelt, kan du laste ned og sende flyttemeldingsskjemaet (RF-1401 Melding om flytting til Noreg) med dokumentasjon til Skatteetaten.
- Dokumentasjon på bustad for 6 månader eller lengre: Dersom du leiger bustad må du leggje fram ei skriftleg stadfesting eller ein husleigekontrakt som er underteikna av utleigaren eller av ein representant for utleigeselskapet. Det må gå fram av stadfestinga at du er leigetakar og kor lenge du skal leige.
- Dokumentasjon på arbeidsforhold for 6 månader eller meir: Arbeidskontrakt eller stadfestingar på oppdrag frå arbeidsgivar. Dersom du har varierande arbeidstid ber vi deg også leggje fram arbeidsplanar eller timelister som viser kva dagar du er i arbeid.
- Dokumentasjon på studium for 6 månader eller meir: Stadfesting frå studiestaden som viser kor lenge studiet varer.
Du kan også leggje ved annan dokumentasjon som viser at du har tenkt å bu i Noreg samanhengande i minst seks månader eller ha varig opphald.
Om du er ein elektronisk brukar, kan du sende skjemaet og dokumentasjonen elektronisk.
Du kan også sende per post til
Skatteetaten
Postboks 9200 - Grønland
0134 OSLO
Merk brevet med «Melding om innflytting» .
Dersom det er gått meir enn 30 dagar frå d-nummeret vart tildelt, må du møte til ein ny ID-kontroll. Bestill time hos eit skattekontor som har ID-kontroll, og ta med den nødvendige dokumentasjonen til timen.
Somme får ein annan dato enn fødselsdatoen i fødselsnummeret
Som hovudregel skal dei første 6 siffera i eit fødselsnummer vere lik fødselsdatoen til personen. For visse personar er det ikkje slik, og dei første 6 siffera vil i staden svare til datoen dei vart registrerte som busette i Noreg.