Flytte frå Noreg

Skal du flytte til utlandet og planlegg å bli der i meir enn seks månader, må du melde flytting.

Du må sende flyttemeldinga tidlegast 31 dagar før du flyttar.

Hugs å sjekke kva som skjer med skatten din når du flyttar til utlandet. Skatteplikta til Noreg opphøyrer ikkje ved at du melder flytting.

Viktig informasjon

Du skal ikkje melde flytting frå Noreg dersom

  • du allereie har registrert flytting til utlandet
  • du har d-nummer (som utanlandsk statsborgar)

Dersom du har fått ny adresse i utlandet, skal du i staden melde om endring av postadresse.