Slik blir dødsfall registrert
Når nokon døyr i Noreg, er det legen som skriv dødsattest og melder dødsfallet til Folkeregisteret.
Slik blir dødsfall registrert
Når nokon døyr i Noreg
Når nokon døyr i Noreg, er det legen som skriv dødsattest og melder dødsfallet til Folkeregisteret.
Når nokon døyr i utlandet
Styresmaktene i landet der dødsfallet skjer skal melde dette til norsk utanriksstasjon (ambassaden/konsulatet). Deretter skal utanriksstasjonen melde dødsfallet vidare til Skattedirektoratet, slik at det blir registrert i Folkeregisteret.
Styresmaktene i landet der dødsfallet skjer sender ikkje automatisk melding til Folkeregisteret om dødsfallet. I desse tilfella må du melde dødsfallet til Folkeregisteret i Noreg. Du må sende inn original dødsattest som er påført apostille eller legalisering per post til Skatteetaten. Vi godtar også attestar som er verifiserte av norsk utanriksstasjon.
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo
Stater vi ikke godtar dødsattest fra
Vi godtar ikke dødsattester fra følgende stater (omtalt som gruppe 2-stater):
- Afrika: Burkina Faso, Burundi, Den Demokratiske Republikken Kongo (DRC), Ekvatorial Guinea, Elfenbenskysten, Eritrea, Etiopia, Gabon, Gambia, Ghana, Guinea, Kenya, Liberia, Mali, Nigeria, Republikken Kongo, Sierra Leone, Somalia, Sudan, Sør-Sudan, Uganda, Zimbabwe
- Asia: Afghanistan, Bangladesh, Filippinene, India, Irak, Jemen, Myanmar (Burma), Pakistan, Saudi-Arabia, Sri Lanka, Syria, Vietnam
- Europa: Kosovo
For dødsfall som har skjedd i disse landene er det tingrettene som må avgjøre om personen skal regnes som død, på grunnlag av kjennelse etter lov om forsvunne personer. I slike tilfeller må du ta kontakt med norsk tingrett.
Nav kan melde om dødsfall på personar som er registrerte i Noreg med d-nummer og for norske statsborgarar som aldri har vore registrerte som busette i Noreg.
Kontaktopplysningar for dødsbuet
Ektefellen blir registrert som kontaktperson når dødsfallet blir registrert i Folkeregisteret.
Når skifteform er vald, blir den som er oppført som mottakar av skifteattesten registrert som kontaktperson for dødsbuet. Vi får kontaktopplysningane til den som er oppført som mottakar av skifteattest for dødsbuet.
Den som skal vere kontaktperson må sende ein skriftleg førespurnad til Folkeregisteret om endring av kontaktperson. Legg med kopi av skifteattest, og fullmakt og kopi av legitimasjon frå alle arvingane.
Sjå meir om kva du må gjere når du skal ta over eit dødsbu.
Se mer om hva du må gjøre når du skal overta et dødsbo.
Til deg som har mist eit barn før fødsel eller like etter fødsel
Når eit barn er fødd død etter 22 fullgåtte svangerskapsveker, sender sjukehuset melding til Skatteetaten. Barnet blir då registrert i Folkeregisteret, men får ikkje fødselsnummer.
Ein av foreldra kan registrere namnet på barnet i Folkeregisteret ved å sende ein skriftleg førespurnad med namnet på barnet (førenamn, mellomnamn, etternamn).
Når eit barn døyr like etter fødselen, sender sjukehuset ei fødselsmelding og ei melding om dødsfallet til Skatteetaten.
Barnet får eit fødselsnummer, og dødsfallet blir registrert i Folkeregisteret. Du kan registrere namnet på barnet ved å logge inn på Mi side
Du kan sjekke om barnet er registrert ved å logge inn på skatteetaten.no.
Viss barnet ikkje er registrert og du ønskjer å registrere farskap eller medmorskap, kan du gjere følgjande:
Farskap er normalt registrert, men dersom dette ikkje er registrert, må du sende oss ein førespurnad.
Inntil 3 veker etter fødsel:
Du kan registrere farskap digitalt på Nav i inntil 3 veker etter fødsel.
Meir enn 3 veker etter fødsel:
Begge foreldra må møte personleg hos Nav eller Skatteetaten. Du må bestille time for å møte hos Skatteetaten.
For at mor sin ektefelle/sambuar skal bli medmor, må de fylle ut skjemaet Søknad om medmorskap.
Dødsattest
Ein dødsattest er ei legeerklæring om dødsfallet.
Det er sjeldan du treng ein dødsattest i Noreg, men utanlandske styresmakter kan be deg om å dokumentere dødsfallet.
Stadfesting av dødsfall kan du få hos tingretten.
Ein dødsattest inneheld meir detaljar om dødsfallet enn ei stadfesting. Dersom du treng ein dødsattest, kan du kontakte legen som skreiv attesten. Om det ikkje er mogleg, kan Folkehelseinstituttet levere han.
Register over dødsfall
Skatteetaten har ikkje eit søkbart register over døde personar.
Digitalarkivet har eit søkbart register over døde i Noreg i perioden 1951–2014.