Fritak og reduksjon av eingongsavgifta

Du kan få fritak for eller reduksjon av eingongsavgifta for enkelte typar køyretøy.

I dei fleste tilfelle treng du ikkje søkje, og du får fritaket eller reduksjonen med det same, anten når du betaler eingongsavgifta eller når du registrerer køyretøyet. I nokre tilfelle kan fritaket også innvilgast ved registrering i Autosys Kjøretøy Bransjeløsning.

Sjå kva som gjeld for køyretøyet du skal registrere:

Du treng ikkje søkje på førehand. Du får fritaket med det same i betalingsløysinga vår for eingongsavgift.

Fritaket gjeld ikkje for vrakpantavgifta. Denne avgifta må du betale før du kan gå vidare med å registrere køyretøyet.

Når du møter opp på trafikkstasjonen, må du ha med denne dokumentasjonen:

  • Registreringskortet som du får av Tolletaten når du fortollar køyretøyet ("Melding til avgiftsberekning og registrering" NA-0221)
  • Dokumentasjon frå Statens vegvesen på at køyretøyet er godkjent som amatørbygd

For å få fritak for amatørbygde køyretøy, må  køyretøyet vere bygd, godkjent og registrert i samsvar med forskrift om godkjenning og registrering av amatørbygde køyretøy. Det er berre amatørbygde køyretøy som blir førstegongsregistrert i motorvognregisteret frå 1. januar 2017, som blir omfatta av fritaket.

 

Du treng ikkje søkje på førehand. Du får fritaket eller reduksjonen hos Statens vegvesen når du registrerer køyretøyet.

Når du møter opp på trafikkstasjonen, må du ha med denne dokumentasjonen:

  • Registreringskortet som du får frå Tolletaten når du fortollar køyretøyet ("Melding til avgiftsberekning og registrering" NA-0221)
  • Stadfesting frå Utanriksdepartementet (A2-skjema)

Når meldaren har kreditt for eingongsavgifta

Du treng ikkje søkje på førehand. Du får fritaket eller reduksjonen hos Statens vegvesen når du registrerer køyretøyet.

Dette må du ta med deg til trafikkstasjonen når du registerer køyretøyet:

  • Registreringskortet som du får frå Tolletaten når du fortollar køyretøyet ("Melding til avgiftsberekning og registrering" NA-0221)
  • Stadfesting frå regionalt helseføretak, eller andre som har fått mynde frå helseføretaket, om at køyretøyet skal inngå i ambulansetenesta til helseføretaket

Du kan også fullføre registreringa i Autosys kjøretøy bransjeløsning.

Når meldaren ikkje har kreditt for eingongsavgifta

Du må betale vrakpantavgifta før du kan registrere køyretøyet.

Dette må du ta med deg til trafikkstasjonen når du registerer køyretøyet:

  • Registreringskortet som du får frå Tolletaten når du fortollar køyretøyet ("Melding til avgiftsberekning og registrering" NA-0221)
  • Stadfesting frå regionalt helseføretak, eller andre som har fått mynde frå helseføretaket, om at køyretøyet skal inngå i ambulansetenesta til helseføretaket

Du treng ikkje søkje på førehand. Du deklarerer sjølv fritaket for eingongsavgifta i betalingsløysinga vår for eingongsavgift.

Fritaket gjeld ikkje for vrakpanten. Denne må du betale før du kan gå vidare med å registrere køyretøyet.

Når du gjer dette, må du vise til ekspedisjons- og løpenummeret frå Tolletaten, der køyretøyet er innvilga fritak for meirverdiavgift etter søknad. Les meir om arvegods på Tolletaten sine nettsider.

Forskott på arv gir ikkje fritak.

 

Når meldaren har kreditt for eingongsavgifta

Du treng ikkje søkje på førehand. Du får fritaket eller reduksjonen hos Statens vegvesen når du registrerer køyretøyet.

Dette må du ta med deg til trafikkstasjonen når du registerer køyretøyet:

  • Registreringskortet som du får frå Tolletaten når du fortollar køyretøyet ("Melding til avgiftsberekning og registrering" NA-0221)
  • Attestasjon frå kyrkjeverje, prest eller lensmann om at firmaet driv gravferdsverksemd
  • Forklaring frå gravferdsbyrået om behovet for køyretøyet, og eigenerklæring om at dei er kjende med vilkåra for avgiftsfritaket

Du kan også fullføre registreringa i Autosys kjøretøy bransjeløsning.

Når meldaren ikkje har kreditt for eingongsavgift

Du må betale vrakpantavgifta før du kan registrere køyretøyet.

Dette må du ta med deg til trafikkstasjonen når du registerer køyretøyet:

  • Registreringskortet som du får frå Tolletaten når du fortollar køyretøyet ("Melding til avgiftsberekning og registrering" NA-0221)
  • Attestasjon frå kyrkjeverje, prest eller lensmann om at firmaet driv gravferdsverksemd
  • Forklaring frå gravferdsbyrået om behovet for køyretøyet, og eigenerklæring om at dei er kjende med vilkåra for avgiftsfritaket

Du må søkje på førehand

Du må søkje Skatteetaten om fritak eller reduksjon av eingongsavgifta før du registrerer køyretøyet.

Når du søkjer, må du leggje ved denne dokumentasjonen:

  • Registreringskortet som du får frå Tolletaten når du fortollar køyretøyet ("Melding til avgiftsberekning og registrering" NA-0221)
  • Dokumentasjon på at køyretøyet er spesialutrusta og at det skal registrerast på eit brannvesen.

Om du som søkjar ikkje skal melde køyretøyet til registrering, må du oppgi meldaren sitt namn og organisasjonsnummer i søknaden.

Du kan lese meir om kva krav som blir stilte til spesialutrustinga og eigaren/brukaren i prinsippfråsegna Fritak for eingongsavgift for spesialutrusta motorvogn til bruk for brannvesenet.

Fritaket er avvikla med verknad frå og med 1. januar 2024.

Buss registrert på institusjon eller organisasjon til transport av funksjonshemma.

Du må søkje på førehand

Du må søkje Skatteetaten om fritak eller reduksjon av eingongsavgifta før du registrerer køyretøyet.

Når du søkjer må du leggje ved denne dokumentasjonen:

  • Registreringskortet som du får frå Tolletaten når du fortollar køyretøyet ("Melding til avgiftsberekning og registrering" NA-0221)
  • Uttale frå offentleg sosialstyresmakt eller helseteneste om transportbehovet

Du treng ikkje søkje på førehand. Du får fritaket eller reduksjonen hos Statens vegvesen når du registrerer køyretøyet.

Dette må du ta med deg:

  • Registreringskortet som du får frå Tolletaten når du fortollar køyretøyet ("Melding til avgiftsberekning og registrering" NA-0221)

Fritaket er avvikla med verknad frå og med 1. januar 2024.

Du treng ikkje søkje på førehand. Du får fritaket eller reduksjonen hos Statens vegvesen når du registrerer køyretøyet.

Dette må du ta med deg:

  • Registreringskortet som du får frå Tolletaten når du fortollar køyretøyet ("Melding til avgiftsberekning og registrering" NA-0221)

Du må søkje på førehand

Du må søkje Skatteetaten om fritak eller reduksjon av eingongsavgifta før du registrerer køyretøyet.

Når du søkjer må du leggje ved denne dokumentasjonen:

  • Registreringskortet som du får frå Tolletaten når du fortollar køyretøyet ("Melding til avgiftsberekning og registrering" NA-0221)
  • Teknisk informasjon om vernegraden

Køyretøyet må registrerast på offentleg styresmakt eller etat.

Du treng ikkje søkje på førehand. Du får fritaket eller reduksjonen hos Statens vegvesen når du registrerer køyretøyet.

Dette må du ta med deg til trafikkstasjonen:

  • Registreringskortet som du får frå Tolletaten når du fortollar køyretøyet ("Melding til avgiftsberekning og registrering" NA-0221)
  • Stadfesting frå NATO

Du kan også fullføre registreringa i Autosys kjøretøy bransjeløsning.

Avgiftsgruppe k (redusert eingongsavgift) er avvikla med verknad frå og med 1. juli 2024. Sjå fritak under "Rullestoldrosje".

Når meldaren har kreditt for eingongsavgift

Du treng ikkje søkje på førehand. Du får fritaket eller reduksjonen hos Statens vegvesen når du registrerer køyretøyet.

Dokumentasjon:

  • Registreringskortet som du får frå Tolletaten når du fortollar køyretøyet ("Melding til avgiftsberekning og registrering" NA-0221)
  • Lisens frå Norges bilsportforbund

Du kan fullføre registreringa av køyretøyet i Autosys kjøretøy bransjeløsning etter at dokumentasjonen er lasta opp og godkjend av Statens vegvesen. Dersom registreringssaka ikkje er starta i bransjeløysinga, må du levere dokumentasjonen på trafikkstasjonen.

Når meldaren ikkje har kreditt for eingongsavgift

Om du har rett til fritaket kan du:

  1. Logge deg inn i betalingsløysinga vår og melde inn fritaket
  2. Betale vrakpantavgifta
  3. Møte opp på den næraste trafikkstasjonen din for registrering
  4. Dokumentere fritaket med lisens frå Norges bilsportforbund

Alternativt kan verksemder som nyttar Autosys kjøretøy bransjeløsning gå til betalingsløysinga vår via Autosys kjøretøy bransjeløsning, deklarere fritaket på vegner av eigaren og betale vrakpantavgifta. Skal du fullføre registreringa i bransjeløysinga, må dokumentasjonen lastast opp og godkjennast av Statens vegvesen.

Om du har rett til fritaket kan du

  1. Logge deg inn i betalingsløysinga vår og melde inn fritaket
  2. Betale vrakpantavgifta
  3. Møte opp på den næraste trafikkstasjonen din for registrering

Alternativt kan verksemder som nyttar Autosys kjøretøy bransjeløsning gå til betalingsløysinga vår via Autosys kjøretøy bransjeløsning, deklarere fritaket på vegner av eigaren og fullføre registreringa i Autosys kjøretøy bransjeløysing.

Les meir om fritaket

 

Du treng ikkje søkje på førehand. Du får fritaket hos Statens vegvesen når du registrerer køyretøyet.

Fritaket i eingongsavgifta blir gitt under føresetnad av at køyretøyet

Tilleggsgodkjenninga bør gjennomførast samtidig med enkeltgodkjenninga av køyretøyet, seinast før køyretøyet blir registrert, for at Skatteetaten skal kunne fastsetje køyretøyet med rett fritak.

Du kan registrere køyretøyet med kreditt for eingongsavgifta, eller du kan betale vrakpantavgifta i betalingsløysinga vår.

Om du har rett til fritaket kan du

  1. Logge deg inn i betalingsløysinga vår og melde inn fritaket
  2. Betale vrakpantavgifta
  3. Møte opp på den næraste trafikkstasjonen din for registrering

Alternativt kan verksemder som nyttar Autosys kjøretøy bransjeløsning gå til betalingsløysinga vår via Autosys kjøretøy bransjeløsning, deklarere fritaket på vegner av eigaren og fullføre registreringa i Autosys kjøretøy bransjeløsning.

Køyretøyet må registrerast på den organisasjonen som har rett til fritaket.

 

Det er ikkje automatisk fritak for eller reduksjon i avgifta for spesialutrusta køyretøy som ikkje har godsrom eller lasteplan, til dømes kran-, lift- eller trekkbilar. Denne typen køyretøy vil få same avgift som personbilar eller varebilar klasse1 når dei blir registrerte. 

Du kan likevel søkje om dispenasjon frå dette avgiftskravet. Det må skje før du registrerer køyretøyet første gong.

Dette må du gjere:

  • Få det ferdig bygde køyretøyet godkjent hos Statens vegvesen
  • Vente med første gongs registrering av køyretøyet
  • Søkje om redusert eingongsavgift / dispensasjon frå eingongsavgifta.
  • Dokumentere og skildre korleis køyretøyet er spesialutrusta:
    • Skildre type spesialutstyr
    • Leggje ved godkjenninga frå Statens vegvesen
    • Leggje ved bilete av det konkrete køyretøyet

Om du ikkje søkjer på førehand, eller du registrer køyretøyet med feil meldar / avgiftspliktig part, vil køyretøyet få ordinær eingongsavgift.

Du treng ikkje søkje på førehand. Du får fritaket eller reduksjonen hos Statens vegvesen når du registrerer køyretøyet.

Dette må du ta med deg:

  • Registreringskortet som du får frå Tolletaten når du fortollar køyretøyet ("Melding til avgiftsberekning og registrering" NA-0221)
  • Erklæring frå Sysselmeisteren på Svalbard

Du kan ikkje fullføre registreringa av køyretøyet i Autosys kjøretøy bransjeløsning. Dersom saka ikkje er påstarta i bransjeløysinga, må du levere all dokumentasjonen på trafikkstasjonen.

Når meldaren har kreditt for eingongsavgift

Du treng ikkje søkje på førehand. Du får fritaket eller reduksjonen hos Statens vegvesen når du registrerer køyretøyet.

Dokumentasjon:

  • Skjemaet Melding til avgiftsberekning og registrering (NA-0221)
  • Køyrebevis frå Norges Motorsportforbund

Du kan fullføre registreringa av køyretøyet i Autosys kjøretøy bransjeløsning etter at dokumentasjonen er lasta opp og godkjend av Statens vegvesen. Dersom registreringssaka ikkje er starta i bransjeløysinga, må du levere dokumentasjonen på trafikkstasjonen.

Når meldaren ikkje har kreditt for eingongsavgift

Om du har rett til fritaket kan du:

  1. Logge deg inn i betalingsløysinga vår og melde inn fritaket
  2. Betale vrakpantavgifta
  3. Møte opp på den næraste trafikkstasjonen din for registrering
  4. Dokumentere fritaket med køyrebevis frå Norges Motorsportforbund

Alternativt kan verksemder som nyttar Autosys kjøretøy bransjeløsning gå til betalingsløysinga vår via Autosys kjøretøy bransjeløsning, deklarere fritaket på vegner av eigaren og betale vrakpantavgifta. Skal du fullføre registreringa i bransjeløysinga, må dokumentasjonen lastast opp og godkjennast av Statens vegvesen.

Endringar av fritak

Om du tidlegare har fått eit fritak, og vilkåret for fritaket eller reduksjonen ikkje lenger er oppfylt, må du melde frå til Skatteetaten og betale eingongsavgifta som står att.

Døme på dette er køyretøy til bruk i reindriftsnæringa, ambulansar og gravferdsbilar som blir tatt ut før bindingstida er over og køyretøy som blir innførte frå Svalbard.