Betale eingongsavgift og vrakpantavgift
Her kan du logge inn og søkje opp køyretøyet, og få rekna ut kor mykje du må betale i eingongsavgift og vrakpantavgift.
Har du eit køyretøy som aldri har vore registrert i Noreg tidlegare, må du først få køyretøyet godkjent ved ein av Statens vegvesen sine trafikkstasjonar. Når du har gjort dette, kan du anten betale avgifta direkte her eller i nettbanken din.
Har du eit køyretøy som tidlegare har vore registrert i Noreg, som har vore eksportert til utlandet og der avgifta var refundert ved eksport, kan du logge inn her, berekne og betale ny avgift.
Viss du nyttar bedriftskort, må du betale eit gebyr basert på beløpet du betaler inn.
For Visa debetkort utferda
- i Noreg: 0,39% av beløpet
- i EU/EØS (inkludert Storbritannia): 0,40% av beløpet
- utanfor EU/EØS og Storbritannia: 2,45% av beløpet
For Mastercard debetkort utferda
- i Noreg: 0,59% av beløpet
- i EU/EØS (inkludert Storbritannia): 1,85% av beløpet
- utanfor EU/EØS og Storbritannia: 2,45% av beløpet
Det er ikkje gebyr når du betaler med eit privat kort.
Ver merksam på kven du representerer
Når du loggar inn og betalar eingongsavgifta, vil du bli rekna som meldar av køyretøyet. Det vil seie at det er du som er avgiftspliktig for eingongsavgifta.
Det er viktig at du legg merke til kven du representerer når du betaler. Skal du melde køyretøyet på vegner av ei verksemd, må du representere verksemda når du betaler.
Personar som ønskjer å bruke betalingsløysinga til Skatteetaten på vegner av ei verksemd, må vere registrerte med riktige rettar i Altinn.
Sjekke rettar
Det går an å sjekke kven som har kva rettar både under eigen profil i Altinn og i sjølvbeteningsløysinga til Skatteetaten.
Tildele rettar
Tildeling av rettar må gjerast av ein i verksemda som har signeringsrett i Altinn.
Du kan sjå tidlegare betalt eingongsavgift/omregistreringsavgift og laste ned kvittering (avstemmingsrapport).
Merk at det ikkje er mogleg å finne kvitteringar for avgifter du har betalt i bank/nettbank. Du finn berre betalingar som er utførte i betalingsløysinga vår og betalt med VISA eller BankAxess.
Logg inn:
Sjå tidlegare betalte eingongsavgifter eller omregistreringsavgifter
Dersom du er brukar av tenesta "Autosys kjøretøy bransjeløsning" frå Statens vegvesen og har behov for å bruke betalingsløysinga, anbefaler vi at du loggar deg inn via Autosys kjøretøy bransjeløsning.
Brukarrettleiing for betalingsløysinga:
Brukerveiledning for Skatteetatens betalingsløsning for engangsavgift i Statens vegvesens bransjeløsning (PDF – oppdatert 16. februar 2023)